Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjere meir med mindre ressursar. I dag forbruker vi mykje meir enn kva som er berekraftig for kloten. For eksempel er matsvinnet globalt berekna til over 1 milliardar tonn årleg.
Klikk på eit delmål for å lese meir om det under
-
Delmål 12.1)
Gjennomføre det tiårige handlingsprogrammet for berekraftig forbruk og produksjon ved at alle land deltek, men slik at dei utvikla landa går føre, samtidig som ein tek omsyn til utviklingsnivået og moglegheitene til utviklingslanda
-
Delmål 12.2)
Innan 2030 oppnå berekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar
-
Delmål 12.3)
Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting
-
Delmål 12.4)
Innan 2020 oppnå ei meir miljøvenleg forvaltning av kjemikaliar og alle former for avfall gjennom heile livssyklusen, i samsvar med internasjonalt vedtekne rammeverk, og vesentleg redusere utslepp av kjemikaliar og avfall til luft, vatn og jord for mest mogleg å avgrense skadeverknadene for folkehelsa og for miljøet
-
Delmål 12.5)
Innan 2030 redusere avfallsmengda vesentleg gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk
-
Delmål 12.6)
Stimulere selskap, særleg store og fleirnasjonale selskap, til å ta i bruk berekraftige metodar og integrere informasjon om si eiga berekraft i rapporteringsrutinane sine
-
Delmål 12.7)
Fremje berekraftige ordningar for offentlege innkjøp, i samsvar med politikk og prioriteringar i dei enkelte landa
-
Delmål 12.8)
Innan 2030 sikre at alle menneske i heile verda har relevant informasjon om og forståing av berekraftig utvikling og eit levesett som er i harmoni med naturen
-
Delmål 12.a)
Støtte utviklingslanda i å styrkje den vitskaplege og tekniske evna si til å innføre meir berekraftige forbruks- og produksjonsmønster
-
Delmål 12.b)
Utvikle og innføre metodar for å måle effekten av berekraftig reiseliv som skaper arbeidsplassar og fremjar lokal kultur og lokale produkt
-
Delmål 12.c)
Redusere ineffektive subsidier til fossilt brensel ved å fjerne marknadsvridingar som oppmuntrar til overforbruk, i samsvar med nasjonale forhold, blant anna ved å leggje om skattar og avgifter og avvikle skadelege subsidier der dei finst, slik at konsekvensane for miljøet blir avdekka, og samtidig fullt ut ta omsyn til utviklingslanda sine særlege behov og situasjon og avgrense eventuelle negative konsekvensar for utviklinga deira mest mogleg og på ein måte som beskytter dei fattige og dei lokalsamfunna det gjeld
For å sikre gode levekår for noverande og framtidige generasjonar, må kvar einskild forbrukar endre livsstil. Vi må minske ressursbruken, miljøøydelegginga og klimautsleppa, både som samfunn og som enkeltperson. På sikt vil dette føre til økonomisk vekst, avgrense klimaendringane og auke livskvaliteten til menneske på jorda.
Korleis ligg verda an?
Kloden vår har avgrensa ressursar. Produksjonen og forbruket i verda aukar og aukar, og skjer på kostnad av eit stabilt klima og eit rikt naturmangfald.
Døme på utfordringar:
- Det totale matsvinnet i verda er rekna til over éin milliard tonn i året. Det utgjer ein femdel av all mat som er tilgjengeleg for forbrukarar.
- Hushald kastar nok mat til å kunne gi over éin milliard måltid kvar dag, samstundes som éin av elleve menneske i verda svelt, og éin av tre ikkje har råd til eit sunt kosthald.
- Rundt 13 prosent av maten som blir produsert i verda går tapt i produksjonskjeda, allereie før han går ut på dato.
- Elektronisk avfall er på rekordhøge nivå. Innan 2030 er det venta at mengda vil auke til 82 milliardar kilo. Dette legg stadig større press på miljøet.
Samstundes ser vi teikn til framgang på systemnivå. Fleire land har innført støttande tiltak, berekraftsrapportering blir stadig vanlegare i næringslivet, og deltakinga i internasjonale miljøavtalar aukar. Dette tyder på ein aukande vilje til omstilling.
Kjelde: FNs bærekraftsmålsrapport 2025
Kva må verda gjere?
For å møte desse utfordringane trengst det politikk som sørgjer for at forbruk og produksjon ikkje skadar naturen. Det inneber tiltak som reduserer avfall, fremjar ein sirkulær økonomi og styrkjer berekraftige innkjøpsordningar.
Ein sirkulær økonomi handlar om at vi brukar materiala produkta våre er laga av mange gonger, til forskjell frå lineær bruk-og-kast-økonomi. Produkt bør då utformast for lengre levetid, og vere enklare å reparere og gjenvinne. Samstundes må gjenbruk, reparasjon og resirkulering bli ein større del av økonomien, slik at mindre ressursar går til spille.
Forbruket er høgast i dei rikaste landa, som dermed òg har eit særleg ansvar for å bidra til nødvendige globale endringar. Det materielle fotavtrykket per innbyggjar er ti gonger høgare i høginntektsland enn i låginntektsland.
Kjelde: FNs bærekraftsmålsrapport 2025

Kva gjer Norge?
Kva gjer Norge bra?
I Norge er vi relativt flinke til å levere metall, glas og papir til gjenvinning. Vi har òg gode panteordningar for resirkulering av flasker og boksar.
Norge har etablert lover og verkemiddel som skal sikre ei berekraftig forvaltning av naturressursar, både på land og i havet, samstundes som dei skal bidra til meir effektiv ressursbruk.
Sidan 1970-talet har utslepp og forureining frå farlege kjemikaliar og avfall blitt kraftig reduserte. I 2025 lanserte regjeringa ein handlingsplan for eit giftfritt miljø.
Utdanning for berekraftig utvikling er eit sentralt læringsmål i Norge.
Kjelder: Regjeringen / Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)
Kva gjer Norge ikkje så bra?
Norge si største utfordring er at vi er eitt av landa med høgast materielt forbruk per innbyggjar. Sjølv om det er gjort store framsteg, står det framleis att utfordringar på området.
Matsvinnet er framleis høgt, naturressursane blir ikkje utnytta godt nok, og avfallsmengdene er framleis for store.
Hovudårsaka til det høge og aukande forbruket vårt er at vi byter ut produkt lenge før det er nødvendig. Norge heng generelt etter i omstillinga til ein såkalla sirkulær økonomi, der ressursar og produkt blir reparerte, gjenbrukte og resirkulerte.
Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)
Kva gjer Norge internasjonalt?
Internasjonalt støttar Norge fleire tiltak som skal beskytte miljøet og fremje berekraftig produksjon og forbruk. Norge arbeider mellom anna for ein avtale om å redusere plastforureining, og leier saman med Rwanda ein koalisjon av over 100 land som har som mål å stanse plastforureining innan 2040.
I tillegg er Norge ein viktig pådrivar for å fase ut miljøgifter og styrkje internasjonale reglar for kontroll av helse- og miljøskadelege kjemikaliar.
Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva kan du gjere?
Menneskerettar i næringslivet
Næringslivet har eit enormt etisk ansvar, og du som forbrukar har påverknadskraft. Investerer selskapet du ønskjer å kjøpe noko frå i land som driv grove brot på menneskerettane? Engasjer deg i kampen om å få på plass etiske retningslinjer i næringslivet. Lær meir om berekraftig handel av Etisk Handel Norge.
Kjøp produkt som er berekraftige
Finn ut om dei nye tinga eller kleda du skal kjøpe oppfyller krava om berekraftig produksjon. Er dei som lagar produktet opptekne av klima og miljø, og kva gjer dei for det? Har det blitt nytta resirkulerte materialar? Avgjer kleda mikroplast? Får arbeidarane anstendig løn? Og hugs, det mest berekraftige er som regel å ikkje kjøpe nye ting i det heile tatt. Lær meir om klede og berekraft av Framtiden i våre hender.
Kjøp brukt og ta vare på tinga dine
Kan du heller kjøpe det du ønskjer deg på Finn.no eller Tise? Ved å kjøpe noko som allereide er produsert og gjenbruke det, reduserer du fotavtrykket ditt på planeten. Reparer klede og ting som har gått i stykke. Sel eller gje bort det som framleis er brukbart, og resirkuler det som er verdt å kaste.
Et berekraftig
Et mindre kjøt. Det går med mykje meir ressursar på å produsere animalske matvarer enn grønsaker. Belgvekster som korn, bøner og linser, krev mykje mindre ressursar å produsere og er god proteinkjelder. Et kortreiste matvarer i sesong når du kan.
Ver en berekraftig turist
Reis på ein måte som støttar lokalsamfunn og miljø. Vel berekraftige turoperatørar som tar omsyn til naturen, dyra og menneska som bur der. Støtt lokale kafeer, butikkar og reiseliv framfor å velje dei store, internasjonale kjedane. Utforsk stader du kan reise til med tog heller enn med fly.
Sjå tips for korleis å bli en berekraftig turist her
Organiser deg
Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vanar og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti, ei fagforeining eller ein ideell organisasjon.
Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!