Fag: | Geografi, norsk, samfunnskunnskap |
Tid: | 90 -120 minutter |
Aktivitet: | Ordsky, spørreundersøkelse, diskusjon |
Klassetrinn: | Videregående |
Bli kjent med kva menneske frå ulike generasjonar i lokalsamfunnet meiner om kva våre viktigaste utfordringar er, og sjå korleis svara samsvarar med resten av verda. Oppgåva kan løysast individuelt eller i par. Det viktigaste er at alle får stilt fleire personar dei same spørsmåla.
1. Verdas utfordringar
Spør klassen: Kva meiner de er dei viktigaste utfordringane verda står overfor i dag? Framstill svara i ei felles ordsky eller i eit tankekart.
2. Vel seks saker
Be elevane individuelt velje seks av 16 saker som er viktigast for dei og deira familie:
- Å ha ein god jobb
- Fridom til å delta i politiske prosessar
- Tilgang på reint vatn og sanitære forhold
- Å vera trygg frå vald og kriminalitet
- Tilgang på rimeleg og sunn mat
- Betre helsetenester
- Tilgang på telefon og internett
- God utdanning
- Å ikkje bli diskriminert eller forfylgt
- Ei ærleg og mottakeleg regjering
- Jamstilling mellom kjønn
- Stanse klimaendringane
- Betre vegar og transport
- Tilgang på trygg og billeg straum i heimen
- Å verne om skog, elver og hav
3. Spørjeundersøking
Elevane skal no be minst ti andre om å velje ut dei seks sakene som dei meiner er viktigast. Kvar elev spør minst ein person av kvart kjønn i kvar av følgjande aldersgruppe:
- under 15 år
- 16-30 år
- 31-45 år
- 46-60 år
- over 61 år
4. Diskuter
Då FNs berekraftsmål skulle utarbeidast, blei nesten 10 millionar menneske frå heile verda bedt om å velje frå den same lista som i spørsmål to. Undersøkinga kallast for MyWorld-undersøkinga.
Samle inn alle elevane sine svar frå spørsmål to og tre og tell opp. Be elevane om å utforske statistikken i bilete av resultatet av My World-undersøkinga, for å sjå korleis resultata i klassen samsvarar med svara frå klassen og heile verda.
Bruk dette som utgangspunkt for ein klassediskusjon:
- Kva er likskapane og forskjellane mellom svara på spørsmål 2 og svara på spørsmål 3?
- Kva kan vere grunnen til at noko er likt mellom alle svar på oppgåve 2 og 3 samanlikna med kva heile verda svarte?
- Kva kan vere grunnen til at noko er ulikt mellom alle svar på oppgåve 2 og 3 samanlikna med kva heile verda svarte?
- Kva andre faktorer kan påverka kva du svarar på dette spørsmålet?
5. Stem på My World 2030
FN lagar ny undersøking der dei ønskjer å høyre frå befolkninga i alle land om korleis det går med berekraftsmåla. Gå inn på My World 2030 for å individuelt gje dykkar stemme. Her kan de lese meir om undersøkinga.
Kompetansemål
Kompetansemål for «Hva er våre viktigste utfordringer?»
Tverrfaglige tema: Bærekraftig utvikling
Geografi
Kjerneelement: Utforsking og geografiske metodar, Naturgitt og menneskeskapt rom, Berekraftig utvikling og globalisering
Kompetansemål etter Vg1/Vg2 SF:
- reflektere over eigen ressursbruk og ressursbruken i Noreg i eit globalt og berekraftig perspektiv
- utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
- gjere greie for årsaker til demografiske endringar og drøfte ulike levekår i forskjellige delar av verda
Norsk
Kjerneelementer: Kritisk tilnærming til tekst, Muntlig kommunikasjon
Kompetansemål Vg1 SF:
- lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner
- bruke ulike kilder på en kritisk, selvstendig og etterrettelig måte
- greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig
Samfunnskunnskap
Kjerneelementer: Undring og utforsking, Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking, Medborgarskap og berekraftig utvikling
Kompetansemål etter Vg1/Vg2:
- utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
- reflektere over kva det inneber å vere medborgar, og samanlikne korleis politiske system er organiserte i forskjellige land og område
- vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
- gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
- drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv