Å sikre internasjonal fred og tryggleik har alltid vore hovudoppgåva til FN.
Fred er ein føresetnad for å skape berekraftig utvikling. Diverre har utviklinga innan dette berekraftsmålet gått i feil retning. Talet på menneske på flukt er rekordhøgt, og konfliktar og væpna vald hindrar utviklinga i mange land.
Klikk på eit delmål for å lese meir om det under
-
Delmål 16.1)
Vesentleg redusere vald i alle former og dødstal som skriv seg frå vald, i heile verda
-
Delmål 16.2)
Stanse overgrep, utnytting, menneskehandel og alle former for vald og tortur mot barn
-
Delmål 16.3)
Fremje rettsstaten nasjonalt og internasjonalt, og sikre likskap for lova, rettstryggleik og rettsvern for alle
-
Delmål 16.4)
Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon av ulovlege finans- og våpenstraumar, gjere det enklare å spore opp og returnere stolne eigedelar og motarbeide alle former for organisert kriminalitet
-
Delmål 16.5)
Vesentleg redusere korrupsjon og bestikkingar i alle former
-
Delmål 16.6)
Utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå
-
Delmål 16.7)
Sikre lydhøyre, inkluderande, deltakingsbaserte og representative avgjerdsprosessar på alle nivå
-
Delmål 16.8)
Utvide og styrkje deltakinga frå utviklingslanda i institusjonar for global styring
-
Delmål 16.9)
Innan 2030 sikre juridisk identitet for alle, mellom anna gjennom fødselsregistrering
-
Delmål 16.10)
Sikre allmenn tilgang til informasjon og verne grunnleggjande fridommar, i samsvar med nasjonal lovgjeving og internasjonale avtalar
-
Delmål 16.a)
Styrke relevante nasjonale institusjoner, blant annet gjennom internasjonalt samarbeid, med sikte på å bygge kapasitet på alle nivåer, særlig i utviklingsland, for å forebygge vold og bekjempe terrorisme og kriminalitet
-
Delmål 16.b)
Fremme og håndheve ikke-diskriminerende lover og politikk for bærekraftig utvikling
Styresmakter, sivilsamfunn og lokalsamfunn må samarbeide for å finne varige løysingar på konflikt og utryggleik. Å styrkje rettsstaten og fremje menneskerettar er avgjerande i dette arbeidet. Det er òg viktig å redusere flyten av ulovlege våpen, kjempe mot korrupsjon og sikre inkluderande deltaking.
Korleis ligg verda an?
Verda er framleis langt unna å nå målet om fredelege, rettferdige og inkluderande samfunn. Ved inngangen av 2025 var 123 millionar menneske rundt om i verda tvungne på flukt, mellom anna på grunn av krigane i Ukraina, Sudan og Palestina og andre dødelege konfliktar.
- I 2024 mista nesten 50 000 menneske livet i konfliktar – éin kvart 12. minutt.
- Menneskerettsforkjemparar og journalistar blir framleis utsette for betydeleg risiko. Talet på drepne journalistar auka med 11 prosent i 2024, og konfliktområde er særleg utsette.
- Den globale drapsraten fall frå 5,9 per 100 000 innbyggjarar i 2015 til 5,2 i 2023. Dersom utviklinga held fram slik ho er no, vil han gå ned med om lag 25 prosent innan 2030 – langt under målet om ein reduksjon på 50 prosent.
- Tilliten til styresmaktene er framleis svak, og mange opplever å ikkje bli høyrde i politikken. Data frå 83 land viser at berre 44 prosent meiner at dei politiske systema er lydhøyre og at stemma deira tel i avgjerder.
Tilgang til rettferdig rettsbehandling er ein grunnleggjande menneskerett. Likevel sit nesten éin av tre innsette globalt (3,7 millionar menneske) i fengsel utan rettskraftig dom. Enkelte regionar har gjort framsteg, medan andre har gått tilbake.
Omtrent fire gonger så mange barn og kvinner vart drepne i 2023–2024 som i førre toårsperiode. Dei fleste dødsfalla skjedde i Gaza. Dette viser kor langt vi har igjen for å oppnå global fred og tryggleik. Trenden må snuast, konfliktar må ta slutt, og sivile må vernast i tråd med folkeretten.
Kjelde: FNs bærekraftsmålrapport 2025

Kva gjer Norge?
Kva gjer Norge bra?
Norge har lenge hatt eit levedyktig demokrati med relativt små forskjellar. Rettstaten står sterkt, og landet er kjenneteikna av høg grad av tillit, gode velferdsordningar og eit velorganisert arbeidsliv.
Norge har òg låg draps- og valdsrate. I 2025 vart det registrert 18 drapssaker med 19 offer i landet.
Sivilsamfunnet i Norge består av eit mangfald av organisasjonar. Det er generelt god dialog og godt samarbeid mellom styresmaktene og sivilsamfunnet.
Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)
Kva gjer Norge ikkje så bra?
Sjølv om drapsraten i Norge er relativt låg i internasjonal samanheng, er partnardrap og vald i nære relasjonar likevel ei utfordring. I 2025 utgjorde partnardrap litt over ein fjerdedel av drapa i Norge.
Norge har òg utfordringar med å førebyggje diskriminering og redusere hatefulle ytringar og rasisme. Rundt éin av fem i befolkninga opplever diskriminering, men delen er betydeleg høgare blant personar med innvandrarbakgrunn.
Norge manglar ein tydeleg definisjon av statsløyse i lovverket og ein eigen prosedyre for å gi statslause permanent opphald. Dette har blitt kritisert for ikkje fullt ut å vere i tråd med FNs konvensjon om avgrensing av statsløyse.
Det norske finanssystemet er sårbart for kvitvasking og ulovlege pengetransaksjonar, og Økokrim har peikt på skatte- og avgiftsunndragingar som ei sentral trussel mot finansieringa av velferdsstaten.
Kva gjer Norge internasjonalt?
Norge deltek aktivt i internasjonale initiativ for å kjempe mot skatteunndraging, korrupsjon, kvitvasking og ulovlege pengetransaksjonar. Norge er òg ein viktig aktør i konfliktførebygging, konfliktløysing og fredsbygging.
I tillegg gir Norge finansiell støtte til sivilsamfunn og uavhengig journalistikk, samt FN og andre organisasjonar som arbeider med antikorrupsjon, uavhengige domstolar, finansiell openheit, ansvarlegheit og integritet.
Norge prioriterer arbeid for demokrati og menneskerettar i utanrikspolitikken sin, med særleg vekt på kvinner sine rettar og deltaking i samfunnsliv.
Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva kan du gjere?
Hev stemma di
Sei frå dersom du ser nokon som helst form for diskriminering. Å endre haldningar i samfunnet er viktig for å bli kvitt rasisme, dårleg behandling av kvinner og diskriminering generelt. Alle er like mykje verdt uansett kjønn, etnistitet, hudfarge, legning, kulturell og sosial bakgrunn eller fysiske evner.
Sørg for at skulen din er inkluderande
Korleis ser det ut på skulen din? Er det eit miljø som inkluderer og behandlar alle rettferdig? Ver i så fall oppmerksam på kvifor det er så viktig å halde fram å jobbe med inkludering.
Sørg for at arbeidsplassen din tar samfunnsansvar
Oppmuntre arbeidsplassen din til å ta samfunnsansvar og jobbe med sivilsamfunnet og lokale initiativer for å oppnå globale mål. Ver ein pådrivar for at arbeidsplassen bruker «etiske» produkt, der sosiale forhold, klima og miljø blir tekne vare på i produksjonen.
Bruk røysteretten din og engasjer deg
Sett deg inn i politikk og finn ut kva saker som er viktigast for deg. Demokratiet gjer det mogleg for oss å påverke kva leiarar vi vil at skal styre landet og lokalsamfunnet vårt. Røyst ved skule- og stortingsval. Du kan og engasjere deg ved å melde deg inn i eit politisk parti eller ein organisasjon.
Ressursar
- Temasider om konflikt og fred
- Temaside om demokrati og medborgerskap
- Temaside om menneskerettigheter
- Statistikk: Korrupsjon
- Statistikk: Innsatte uten dom
- Statistikk: Likestilling i styring av landet
- Statistikk: Sårbare stater
- FNs rapport om framgangen for mål 16 (2025) (engelsk)
- FNs egne sider om bærekraftsmålene (engelsk)
- Undervisningsopplegg