Ulikskap i inntekt, moglegheiter og levekår finst både innanfor og mellom land, og utgjer ei stor utfordring for berekraftig utvikling. Berekraftsmål 10 handlar om å redusere desse forskjellane og sikre like moglegheiter for alle.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 10.1)

    Innan 2030 oppnå ei gradvis og varig inntektsauke for dei fattigaste 40 prosentane av befolkninga som er raskare enn auken for det nasjonale gjennomsnittet

  • Delmål 10.2)

    Innan 2030 sikre myndiggjering og fremje sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status

  • Delmål 10.3)

    Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgjeving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet

  • Delmål 10.4)

    Vedta politikk, særleg når det gjeld skattar og avgifter, løn og sosialomsorg, med sikte på å oppnå ei gradvis utjamning av skilnader

  • Delmål 10.5)

    Betre reguleringa av og tilsynet med globale finansmarknader og finansinstitusjonar, og styrkje gjennomføringa av regelverket

  • Delmål 10.6)

    Sikre at utviklingslanda blir betre representerte og får større grad av medråderett i avgjerdsprosessane i globale finansinstitusjonar, slik at institusjonane fungerer betre og blir meir pålitelege, ansvarlege og legitime

  • Delmål 10.7)

    Leggje til rette for migrasjon og mobilitet i ordna, trygge, regelbundne og ansvarlege former, mellom anna ved å føre ein planmessig og godt forvalta migrasjonspolitikk

  • Delmål 10.a)

    Gjennomføre prinsippet om særbehandling og differensiert behandling av utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, i samsvar med avtalar som er inngått med Verdshandelsorganisasjonen

  • Delmål 10.b)

    Stimulere til offentleg utviklingsbistand og kapitalflyt, mellom anna direkte utanlandske investeringar, til statane der behovet er størst, særleg dei minst utvikla landa, afrikanske land, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med planane og programma til landa sjølve

  • Delmål 10.c)

    Innan 2030 redusere transaksjonsgebyra til under 3 prosent ved pengeoverføringar frå migrantar til heimlandet og avskaffe overføringsordningar med gebyr som overstig 5 prosent

For å redusere ulikskap i og mellom land må ressursane fordelast meir rettferdig. Personar med lågast inntekt og dei mest marginaliserte gruppene må få betre moglegheiter til å skape gode levekår. Viktige tiltak inkluderer lik tilgang til utdanning og helsetenester, rettferdige skattesystem, gode sosiale støtteordningar og tiltak mot diskriminering.

Korleis ligg verda an?

Fleire utviklingstrekk viser at verda ikkje er på rett veg: talet på flyktningar har no nådd eit historisk høgt nivå, og diskriminering er framleis eit utbreidd og systemisk problem. I 2025 oppgav éin av fem personar at dei har opplevd diskriminering det siste året. 

  • Ved inngangen til 2025 var over 123 millionar menneske på flukt frå forfølging og konflikt.
  • Talet på rapporterte tilfelle av diskriminering aukar globalt, og er høgast blant bybuarar, kvinner, personar med funksjonsnedsetjingar og personar med låg inntekt eller utdanning.
  • Ungdom (15–29 år) opplever oftare diskriminering knytt til migrasjonsstatus, etnisitet og seksuell orientering, medan eldre (60+ år) i større grad møter diskriminering på grunn av alder, funksjonsnedsetjing og helse.
  • Globalt har lønsdelen av BNP (delen av den samla verdiskapinga i eit land som går til arbeidstakarane) gått ned, noko som fører til større forskjellar mellom arbeidstakarar og kapitaleigarar.

I dei fleste land har dei 40 prosentane av befolkninga som tener minst, hatt større auke i inntekt og forbruk enn gjennomsnittet i landet. Ny, men førebels usikker, forsking tyder likevel på at covid-19-pandemien har bremsa denne positive utviklinga.

For å få mål 10 tilbake på rett spor, må det givast auka støtte til sårbare grupper, aukande diskriminering må bekjempast, arbeidsinntekter må sikrast, og det må gjennomførast strukturelle reformer som kan styrkje veksten i låginntektsland.

Kjelde: FNs bærekraftsmålrapport 2025

Ved inngangen av 2025 var over 123 millionar menneske på flukt frå forfølging og konflikt. Biletet viser ein flyktningleir i Niger. Foto: UN Photo/Eskinder Debebe

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

I Norge er det generelt små lønsskilnader samanlikna med dei fleste andre land. Vi har låg arbeidsløyse, og vi har ordningar som hjelper arbeidsledige, sjuke og uføre, som gjer at skilnadene ikkje blir for store. Vi har eit skattesystem som jamnar ut forskjellar.

Norge har òg eit velfungerande system for migrasjon som har som mål å handtere og tilpasse seg ulike migrasjonsutfordringar. Alle i Norge har tilgang til gratis utdanning og universelle helsetenester.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Sjølv om Norge skårar høgt på likestilling, finst det framleis utfordringar knytte til rasisme og diskriminering. I tillegg er valdeltakinga lågare blant enkelte innvandrargrupper.

Andelen sysselsette i Norge er relativt høg i internasjonal samanheng, men mange står framleis utanfor arbeidsstyrken og mottek helserelaterte ytingar. Denne delen har auka sidan før koronapandemien, og sjukefråværet har òg stige betydeleg.

Det er framleis for mange som lever i hushald med vedvarande låg inntekt. Dette kan førebyggjast mellom anna ved å gjere utdanning meir tilgjengeleg for dei vanskelegstilte.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva gjer Norge internasjonalt?

Norsk utviklingspolitikk har som mål å redusere ulikskap og fattigdom, og styrkje økonomi og velferd i land i det globale sør. Norge støttar rettferdige handelssystem og skattereglar, arbeider mot ulovleg kapitalflyt og korrupsjon, og fremjar ei rettferdig byrdefordeling i kampen mot klimaendringane.

Norge arbeider òg for å sikre menneskerettar og inkludering gjennom internasjonale konvensjonar som vernar kvinner, urfolk, personar med nedsett funksjonsevne, eldre, LHBT+-personar, religiøse minoritetar og andre marginaliserte grupper.

Norge har i fleire år gitt om lag 1 prosent av BNI i bistand, som del av ei langsiktig satsing på global rettferd og utvikling. Norsk bistand har fått kritikk frå forskarar og sivilsamfunn for at ein stadig større del av bistandsmidlane går til å løyse klimaendringar, pandemiar, konflikt og flyktningstraumar, i staden for å bidra til utvikling i fattige land. Kritikken her handlar ikkje om at tiltaka ikkje er viktige, men at finansieringa av dei går på kostnad av naudhjelp og fattigdomsbekjemping (tradisjonell bistand).

Riksrevisjonen kritiserte Utanriksdepartementet og Norad i 2024 og peika på «vesentlege manglar» ved korleis dei handterer risikoen for at norske bistandspengar hamnar på avvegar. Kritikken kom etter at bistandsutbetalingane over UDs budsjett hadde auka frå 31,6 milliardar kroner i 2013 til 50,8 milliardar kroner i 2023.

Kjelder: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no) / «Investering i en felles fremtid» (regjeringen.no) / Riksrevisjonen.no.

Det er Finansdepartementet som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dette målet i Norge.

Les kva regjeringa seier Norge skal gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 10

Berekraftsmål 10 har som mål å redusere ulikskapen i og mellom land. Økonomisk vekst har bidratt til at fleire land har blitt rikare, men ikkje automatisk ført til mindre fattigdom eller meir likskap. Foto: UNFPA/Farhad Kaizer

Kva kan du gjere?

Sei frå

Sei frå dersom du ser nokon som helst form for diskriminering eller rasisme. Om du opplever at vener eller familie seier eller gjer noko ufint mot andre, sei frå om at det ikkje er greit. Alle er like mykje verdt uansett kjønn, etnisitet, hudfarge, legning, funksjonsevner eller kulturell og sosial bakgrunn.  

Set deg inn i økonomi og politikk 

Skal ein endre samfunnet på ein måte som skaper mindre ulikskap, så hjelper det å ha kunnskap om korleis samfunnet er, og korleis ulikskap oppstår. Då er kunnskap om både økonomi og politikk viktig, og du kan bidra i diskusjonen om løysingar ved å engasjere deg i begge.

Doner ting du ikkje treng

Barnefattigdom er eit aukande problem, og i Norge. Det finst mange frivillige organisasjonar som gjer bort eller låner ut utstyr til barn som lever i fattigdom. Dersom du har godt fungerande utstyr eller klede, doner det bort til ein aktuell organisasjon. 

Du kan også bli aktiv i BUA, som låner ut utstyr til sport og friluftsliv, slik at alle kan bli med på arrangementer som krev utstyr som ski, telt, soveposar eller kano.

Støtt flyktningar og innvandrarar der du bur 

Er det flyktningar eller innvandarar der du bur? Du kan støtte dei ved å delta på, eller arrangere forskjellige aktivitetar saman med dei. Det finst fleire aktivitetar og møteplassar kor ein for eksempel kan invitere ein flyktning heim for å bli betre kjent, utveksle kultur, eller lære kvarandres språk. Norske folkehjelpRøde Kors og Kirkens Bymisjon er tre organisasjonar som jobbar med dette. 

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vanar og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti, ei fagforeining eller ein ideell organisasjon.

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!