Klimaendringar er ein reell og ubestrideleg trugsel mot heile sivilisasjonen vår. Klimagassutslepp per person går nedover, men endringane til no er ikkje store nok til å nå måla i 2030.
Klikk på eit delmål for å lese meir om det under
-
Delmål 13.1)
Styrkje evna til å stå imot og tilpasse seg til klimarelaterte farar og naturkatastrofar i alle land
-
Delmål 13.2)
Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå
-
Delmål 13.3)
Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette
-
Delmål 13.a)
Gjennomføre forpliktingane som dei utvikla landa som er part i FNs rammekonvensjon om klimaendring, har teke på seg for å nå målet om i fellesskap å skaffe 100 milliardar dollar per år innan 2020 frå alle kjelder for å dekkje det behovet utviklingslanda har for å innføre føremålstenlege klimatiltak og gjennomføre dei på ein open måte, og fullt ut operasjonalisere Det grøne klimafondet ved at fondet så snart som mogleg blir tilført kapital
-
Delmål 13.b)
Fremje mekanismar for å styrkje evna til effektiv klimarelatert planlegging og forvaltning i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, mellom anna med vekt på kvinner, ungdom og lokale og marginaliserte samfunn
Den globale gjennomsnittstemperaturen har stige om lag 1°C sidan den førindustrielle tida, i tillegg held havnivået fram med å stige. Låginntektsland vert ramma hardast. Nesten alle land har levert nasjonale planar for reduksjon, men dei er ikkje omfattande nok.
Klimaendringar er eit globalt spørsmål og kjenner ingen landegrenser. Det er viktig å avgrense aukinga av gjennomsnittstemperaturen til 1,5 °C dersom verda ønskjer å sleppe katastrofale konsekvensar i framtida. Vi må finne globale løysningar på ei rekke område. I tillegg til å kutte i utslepp og fange og lagre CO2, må det bli satsa meir på fornybar energi, nye industrielle system og endring i infrastruktur. I tillegg må vi investere i å verne, tilpasse oss og avgrense skadeomfanget.
Korleis ligg verda an?
Verda er ikkje i rute for å nå måla i Parisavtalen. Måla er å hindre at den globale oppvarminga stig med meir enn 1,5 °C, og at klimagassutsleppet i verda blir netto null innan 2050.
Det er sett i verk ei rekkje viktige tiltak for å møte den globale klimakrisa. Likevel er det venta at utsleppa vil halde fram med å auke, dersom det ikkje blir teke kraftigare grep for å dreie økonomien bort frå olje, kol og gass.
- 2024 var det varmaste året på 175 år, med ein global gjennomsnittstemperatur på 1,55 °C over førindustrielt nivå.
- Temperaturane held fram med å stige, og utsleppa av klimagassar aukar. Menneske over heile verda blir råka av ekstremvêr og stadig hyppigare og meir intense naturkatastrofar, som øydelegg liv og levebrød. Samstundes er dei globale subsidiane til fossil energi framleis høge, trass i ein viss nedgang.
- Havet har aldri vore varmare enn no, og denne oppvarminga vil vare i hundrevis av år – sjølv med store utsleppskutt. Dette har omfattande og alvorlege konsekvensar for miljøet, klimaet og menneskelege samfunn.
Kjelde: FNs bærekraftsmålsrapport 2025

Kva gjer Norge?
Kva gjer Norge bra?
Norge har auka CO₂-avgifta. Styresmaktene har òg redusert avgifter knytte til klimavennlege alternativ, som til dømes bruk og kjøp av elbilar, og innan resirkulering.
Norge har eit lovfesta mål om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050, og redusere eigne klimagassutslepp med 90–95 prosent samanlikna med utsleppsnivået i 1990.
Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)
Kva gjer Norge ikkje så bra?
Olje- og gassutvinning står for dei største klimagassutsleppa i Norge, og bidreg med om lag ein fjerdedel av dei totale utsleppa i landet. Men sidan Norge er ein betydeleg eksportør av olje og gass, er vi ein langt større bidragsytar til klimaendringane enn dei nasjonale utsleppa våre skulle tilseie. Forbruket av olje og gass fører til mykje større utslepp enn sjølve utvinninga. Norge treng difor ein meir heilskapleg klimapolitikk, med større ansvar for utsleppa som følgjer av norsk petroleumseksport.
For å lukkast treng Norge ein handlingsplan for korleis vi skal fase ut olje- og gassindustrien på ein måte som avgrensar arbeidsløyse og tek vare på velferdsstaten.
Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)
Kva gjer Norge internasjonalt?
Internasjonalt er Norge ein del av klimasamarbeidet i Parisavtalen, og har meldt inn sine nasjonale reduksjonsmål. Norge gjer òg pengar til ei rekkje klimatiltak i andre land. Støtte til klimatilpassing står sentralt i norsk utviklingssamarbeid.
Mykje av Norge si internasjonale klimasatsing handlar om å verne regnskogen. Det bidreg til eit meir stabilt klima, bevaring av naturmangfald og berekraftig utvikling.
I 2022 etablerte regjeringa eit nytt klimainvesteringsfond, med føremål å investere i fornybar energi i låginntektsland med store utslepp frå kolkraft og anna fossil kraftproduksjon.
Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva kan du gjere?
Et berekraftig
Ved å redusere forbruket av kjøt, kan vi redusere utsleppa. Ifølgje Framtiden i våre hender er klimagassutsleppet frå å produsere 44 kg storfekjøt det same som utsleppa frå produksjonen av 1400 kg tørka bønner. Du kan og redusere utsleppa ved berre å kjøpe det du faktisk kjem til å ete. I dag kastar vi i snitt 20-50 prosent av all maten vi kjøper.
Reis klimavenleg
Å reise kan gje store klimagassutslepp. Ta toget viss du kan, eventuelt vel eit reisemål som ikkje har så lang reiseveg. Du kan og betale klimakompensasjon når du flyr. Pengane går til å finansiere klimatiltak. Om du berre skal korte turer, er det ofte mogleg å gå eller sykle framfor å køyre bil. Kollektiv trafikk er som regel eit betre alternativ enn bil.
Sjå og: 12 smarte tips for å bli ein berekraftig turist
Kjemp mot klimaendringar
Skaff deg kunnskap om korleis vi skal løyse klimakrisa. Snakk med vener og familie om klimatiltak vi kan gjere, inspirer og lær av kvarandre. Gjer stemma di høyrt for klimaet. Prøv å få politikarar og andre maktposisjonar til å ta meir omsyn til klima i sine avgjerder.
Vel ei klimautdanning
Verda treng engasjerte folk som kan finne gode klimaløysningar på mange fagfelt. Vel ei utdanning som gjer deg moglegheiten til å fordjupe deg i klima og berekraftige løysningar for framtida.
Organiser deg
Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.
Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!