Fag: Geografi, naturfag, norsk, samfunnskunnskap
Klassetrinn: 8.-10. trinn og videregående
Tid: 30 min - 1 time
Aktivitet: Lesing, diskusjon og presentasjon

Utforsk korleis berekraftsmåla kan knytast til aktuelle hendingar i nyheitsbildet. Oppgåva kan skalerast opp eller ned alt etter kor mykje tid ein vil bruke på det. Det kan også brukast som eit tillegg til eksisterande nyheitsquizer eller nyheitsanalyser de har i klassen.

1. Les nyheiter

Her skal elevane bruke aktuelle nyheitssaker til å sjå kva berekraftsmål som kan knytast til dei. Du som lærar bestemmer sjølv om elevane skal bruke ei spesifikk nyheitssending, ei avisutgåve eller velje fritt på nett. Det er ikkje viktig kva nyheiter ein bruker, så lenge det er eit mangfald, inkluderer utanriksnyheiter og er aktuelle.

2. Diskuter

Vel mellom å gjennomføre diskusjonen som ei klassesamtale eller som gruppearbeid med presentasjon:

  • Kva av berekraftsmåla kan knytast til dei ulike nyheitssakene?
  • Er dei positive eller negative for oppnåinga av måla?
  • Er berekraftsmåla spesifikt nemnt i nokre av sakene? På kva måte, og av kven?
  • Er det nokre av temaa i berekraftsmåla som er oftare synleg i nyheitsbiletet enn andre? Kva?
  • Er det nokre tema frå berekraftsmåla som de sjeldan høyrer noko om i mediebiletet? Kvifor trur de det?

3. Sjå film

Sjå filmen Menneskerettigheter og bærekraftig utvikling (1:20 min):

4. Diskuter

Diskuter følgjande spørsmål:

  • Er det nokre av nyheitene de fann angåande berekraftsmåla som også råkar nokre av dei 30 menneskerettane som står i FNs verdserklæring om menneskerettar?
  • Korleis påverkar desse kvarandre?

Kompetansemål etter vgs for «Berekraft i nyheitene»

Tverrfaglige temaer: Bærekraftig utvikling

Geografi

Kjerneelement: Utforsking og geografiske metodar, Naturgitt og menneskeskapt rom, Berekraftig utvikling og globalisering

Kompetansemål etter Vg1/Vg2 SF:

  • reflektere over eigen ressursbruk og ressursbruken i Noreg i eit globalt og berekraftig perspektiv
  • utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
  • utforske og gjere greie for årsakene til ein aktuell natur- eller miljøkatastrofe og konsekvensar for menneske, samfunn og natur
Naturfag

Kjerneelementer: Jorda og livet på jorda

Kompetansemål etter Vg1 SF:

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere pålitelighet i informasjon fra ulike kilder
  • gjøre rede for hvordan klimaendringer påvirker evolusjon, utbredelse av arter og biologisk mangfold
Norsk

Kjerneelementer: Kritisk tilnærming til tekst, Muntlig kommunikasjon

Kompetansemål:

  • gjøre rede for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklige virkemidler i sakprosatekster (Vg1 SF)
  • lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner (Vg1 (SF)
  • bruke ulike kilder på en kritisk, selvstendig og etterrettelig måte (Vg1 SF)
  • analysere uttrykksformer i sammensatte tekster i ulike medier og vurdere samspillet mellom dem (Vg3 SF)
Samfunnskunnskap

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking, Medborgarskap og berekraftig utvikling

Kompetansemål etter Vg1/Vg2:

  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
  • vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
  • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv