Fag: Norsk, samfunnsfag, naturfag
Aktivitet: Gruppeøvelse med bilder, klassesamtale
Tid: 2 x 45 minutter

Introduksjon

Det er lurt at læraren les den korte teksten om berekraftig utvikling i Brasil på førehand, for å vere best mogleg førebudd til aktiviteten. Denne finn du nedst på sida. Denne kan nyttast som ei ressurs i ei forenkla versjon av oppgåva, men me tilrår å ikkje dele ut fasiten før til slutt.

Oppgåva er ein del av det tverrfaglege undervisningsopplegget Berekraft, som er utvikla av FN-sambandet og UNICEF. Oppgåva kan vera utfordrande for nokre og passar best når elevane har noko førekunnskap om tematikken og omgrepa frå før. Me tilrår å ha gjennomført øvinga Kick-off: Film, samtale og quiz om berekraft som eit minimum, men gjerne nokre av dei andre aktivitetane i opplegget òg.

Førebuing

Bilda må kopierast og klippast frå kvarandre. Rekn med eitt sett bilete per gruppe. Eit godt tips er å laminere desse arka for gjentatt bruk. Bilde-setta kan leggjast i kvar sin konvolutt og nummererast. 32 bilete i kvar konvolutt.

Del 1: utforsk bileta

Bruk ein slags detektivanalogi for å motivere elevane: Sei at elevane er etterforskarar/detektivar som skal finne ut kva eit land har gjort for å skape ei berekraftig utvikling.

Del klassen inn i grupper på tre eller fire.

Skriv følgjande oppgåver på tavla, med beskjed om at dei skal kunne grunngi svara med referanse til bileta:

  1. Finn ut kva land me er i.
  2. Finn bilete som viser naturen og naturressursane i landet.
  3. Finn eit bilete som skildrar setninga: "Halvparten av menneska i landet er under 15 år." Finn eit bilete som skildrar setninga: "Dei som er fattige i landet bur her."
  4. Finn eit bilete som skildrar setninga: "Det er ein urettferdig fordeling av ressursane i landet."
  5. Resten av bileta skal sorterast i gruppene:
    1. Elektrisitet
    2. Skule og helse
    3. Drivstoff (Mange av bileta viser jordbruk og sukkerrør. Elevane vil kanskje ikkje kople dette saman med bilar og drivstoff, men dette heng saman i Brasil. Brasil lagar drivstoff til bilar av sukkerrør. Sett elevane på sporet av dette.)
    4. Regnskog

Kvar gruppe får ein konvolutt og beskjed om å tømme innhaldet ut på pulten. Elevane må saman sortere og kategorisere bileta. På denne måten blir alle kjende med bileta. Alle elevane er aktive.

Når gruppene er ferdige med å sortera bileta, har dei danna seg ei oversikt over kjeldene.

Del 2: Klassesamtale

Klassesamtalen blir leia av læraren. Oppgåva er å prøve og fortelje historia om ei berekraftig utvikling i Brasil. Dette inneber for det første at elevane les bileta og set ord på det dei ser. For det andre må elevane gå utover det dei kan sjå og trekka linjer mellom det dei har lært om Brasil og det dei alt veit frå før. Dette inviterer til konstruktiv spekulasjon og til å skapa hypotesar. Læraren bør rettleie og drøfte med elevane kva vi kan vite sikkert, kva vi kan anta med rimeleg grad av tryggleik og kva vi ikkje kan vite. Læraren si oppgåve er å vere med elevane på ei oppdagingstur gjennom bileta.

Forslag til spørsmål som kan brukast i klassesamtalen

  1. Kva land er vi i? Korleis kan vi vita det?
  2. Kva fortel bileta om landet (naturressursar, fattig/rich, befolking, naturmangfald)?
  3. Kva slags problem trur de finst i Brasil?
  4. Kva slags samanheng trur de er mellom fattigdom, menneskerettar, helse og utdanning i Brasil?
  5. Korleis ville de ha løyst problemet med at mange born ikkje får gå på skule dersom dei er fattige?
  6. Korleis ville de ha løyst problemet med at mange ikkje får vaksiner?
  7. På kva måte trur de at landet har løyst utfordringane med helse og utdanning?
  8. Kva samanheng er det mellom bileta de har plassert i regnskog-gruppa?
  9. Brasil ønskjer å verne om regnskogen, men korleis kan ein stoppe avskoging og brenning av regnskog når nokre familiar lever av inntektene frå tømmer og jordbruk?
  10. Mange i Brasil har ikkje reint vatn, sjølv om Brasil har nok ferskvatn. Sjå på bileta og prøv å finne ut korleis Brasil har løyst det problemet. Kan løysinga skapa andre problem?
  11. På kva måte trur de at landet har løyst utfordringane med avskoging og øydelegging av regnskogen?
  12. Det er fleire bilete av demningar, kan vatnet nyttast til å løysa problemet med at mange ikkje har straum i huset? Korleis trur de landet har sikra nok reint drikkevatn og vatning til åkrane?
  13. Ser de nokon farar med å byggje store dammar?
  14. Kva samanheng er det mellom bileta de har sortert inn i elektrisitets-gruppa?
  15. Kva meinar de om måten landet nyttar naturressursane sine på i regnskog- og elektrisitets-gruppene? Er det berekraftig? Kvifor/kvifor ikkje?
  16. Kva samanheng er det mellom bileta de har plassert i drivstoff-gruppa? Er det ei berekraftig løysing for landet å nytta store areal til å dyrka sukkerrør?

Del 3: Skriveoppgåver

Undervisningsopplegget inneheld eit forslag til fasit (elevteksten). Ut frå brotstykka skal elevane i grupper ha samtala om, fylt ut tomromma og rekonstruert heilskapen så langt som mogleg. I ein klassesamtale vil ein saman ha kome fram til kva vi kan vite sikkert, kva vi kan anta med rimeleg grad av tryggleik, og kva vi ikkje kan vite. Dette gir rom for mange løysingar, men som ein forlenging av denne prosessen, kan læraren leia ei felles økt der ein skriv ned historia klassen er samde om.

Elevar som treng større faglege utfordringar, kan prøva å skriva ein individuell tekst ut frå bileta, og samanhengen mellom bileta vil danne ei struktur og disposisjon for teksten.

Tilpassing/differensiering

Forenkling: Del ut fasiten og be elevane eller enkeltgrupper sortere bileta slik at dei skildrar og dømer det dei les i teksten. Dette vil kunna fungere som ei lesestøtte og gi struktur til oppgåveløysinga.

Meir utfordring: La elevane arbeide meir sjølvstendig med biletmaterialet, utan rettleiing slik den er skildra i instruksjonen.

Kompetansemål

Kompetansemål for Berekraftsnøtter fra Brasil

Tverrfaglige temaer: Bærekraftig utvikling, demokrati og medborgerskap, folkehelse og livsmestring

Norsk

Kjerneelement: Muntlig kommunikasjon, Tekst i kontekst, Kritisk tilnærming til tekst

  • lytte til og videreutvikle innspill fra andre og begrunne egne standpunkter i samtaler
  • utforske og beskrive samspillet mellom skrift, bilder og andre uttrykksformer og lage egne sammensatte tekster

Samfunnsfag:

Kjerneelement: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn

  • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
  • drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
  • samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land