Fag: Norsk, samfunnsfag
Klassetrinn: 5.-7. trinn
Aktivitet: Film, klassesamtale, oppgaver og quiz
Tid: 60-90 minutter

Introduksjon

FNs berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030. Felles for alle måla er berekraftig utvikling.

Introduksjonsøkta er tilrettelagt for omvendt undervisning (flipped classroom), og vi anbefaler å bruke den slik. Øvinga byrjar difor med at elevene ser ein animasjonsfilm på nett heimanfrå. Han vil danne grunnlaget for vidare oppgåver, samtalar og quiz i klassen.

Introduksjonsøkta er del av det tverrfaglege undervisningsopplegget Berekraft, og er eit godt fagleg grunnlag for dei andre oppgåvene i opplegget.

Øvinga er delt i fire:

  1. Klassesamtale: Kva er dei største utfordringane i verda?
  2. Film og spørsmål
  3. Fagtekst og oppgåver
  4. Quiz

Vi anbefaler at du som lærar ser animasjonsfilmen og har noko forkunnskap om berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål i forkant av øvinga.

Del 1: Klassesamtale (30 min)

Målet med denne aktiviteten er at det skal vere ein engasjerande start på undervisning om berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål.

Her er tre forslag til korleis du kan introdusere opplegget:

  1. I det elevane kjem inn i klasserommet kan fylgjande spørsmål stå på tavla: "Kva er dei største utfordringane for menneska på jorda i dag?" La elevane sitje kvar for seg eller i par og skrive ned sine tankar. Deretter presenterer dei tankane for resten av klassen.
  2. Heng opp bilete på tavla, som kvar representerer eit tema knytta til berekraftsmåla. Det kan t.d. vere fattigdom, svolt, utdanning, helse, fornybar energi, biologisk mangfald eller klima. Be elevane om å stille seg framfor det biletet dei sjølve meiner representerer den største utfordringa i verda. Elevane må forklare valet sitt i etterkant.
  3. Del ut lista over utfordringar (sjå under Ressursar) og be elevane om å markere dei utfordringane dei synes er mest alvorlege i verda i dag. La elevane sammenlikne listene med kvarandre og lag ei fellesliste med t.d. topp 5 prioriterte utfordringar som klassen er enige om at det er viktig for verda å løyse. Del ut kopiar med dei 17 berekraftsmåla. Finn dei måla som stemmer overeins med utfordringar elevane har identifisert.
  4. Kanskje elevane oppdager at dei tenkjer ganske likt som verda sine leiarar?

Del 2: Filmvisning (15 min)

Vis filmen om berekraftig utvikling på storskjerm i klasserommet to gonger. Be elevane skrive ned tre ting dei lurer på, stussa over eller ikkje forstod frå filmen. Desse spørsmåla skal vere utgangspunkt for arbeidet i neste time.

Del 3: Fagtekst og oppgåver (45 min)

  1. Del ut utskrift av fagteksten til alle elevane og gje dei 10 minutt til å lese han.
  2. Bruk 15-20 minutt til å snakke med elevane i plenum om dei tre tinga dei hadde notert seg etter filmen. Oppfordre alle til å vere aktive og delta.

Nokre spørsmål som kan brukast dersom samtalen går tregt:

  • Kva er kjenneteikna på ei berekraftig verd?
  • Kva kallar vi dei tre delene berekraftig utvikling er del av?
  • Kor berekraftig er verda i dag?
  • Kor berekraftig er du/skulen/lokalsamfunnet?
  • Kva kan de elevar gjere for ei berekraftig utvikling?
  • Kva trur de er viktig å tenkje på dersom vi skal nå alle FNs berekraftsmål?
  • Kva trur de er dei største utfordringane for å nå dei?

Del 4: Quiz (5-10 min)

Quiz for mellomtrinn uten fasit

Quiz for mellomtrinn med fasit

Kompetansemål for «Kick-off: Film, samtale og quiz om bærekraft»

Tverrfaglige temaer: Bærekraftig utvikling, demokrati og medborgerskap, folkehelse og livsmestring

Norsk

Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Tekst i kontekst, Kritisk tilnærming til tekst

  • lytte til og videreutvikle innspill fra andre og begrunne egne standpunkter i samtaler
  • utforske og beskrive samspillet mellom skrift, bilder og andre uttrykksformer og lage egne sammensatte tekster
Samfunnsfag

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn

  • samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
  • utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
  • beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der