Fag: Norsk, Samfunnsfag
Klassetrinn: 8.-10. trinn
Tid: Variabelt
Aktivitet: Begrepsøvelse, kortspill, ordlek

Introduksjon

Dette er ei klassisk diskusjonsøving som går ut på å finne det biletet som skil seg ut. Det betyr at elevane må finne ut kva som karakteriserer eit fenomen, anten det er ein gjenstand, eit bilete, ei handling eller eit ord. Øvinga bidreg til at elevane forstår relevante samfunnsfaglege tema, utvidar det faglege ordforrådet i tillegg til at dei trener på argumentasjon og diskusjon i ei gruppe.

Aktiviteten er enkel. Elevane får fleire sett med bilete som illustrerer tema rundt berekraftig utvikling. Kvart sett inneheld fire bilete der tre høyrer saman, og eitt skil seg ut. Elevane skal plukke ut det som skil seg ut og forklare kvifor. Ver klar over at det like gjerne kan vere det positive som det negative som skal ut. Ein styrke ved aktiviteten er at elevane må grunngje vala dei gjer. I utgangspunktet kan det vere andre løysningar enn dei fasiten foreslår.

Som lærar kan du velje i kor stor grad du vil opne for fleire alternativ så lenge elevane gjev ei god grunngjeving. Det kan vere lurt for læraren å teste ut oppgåva på førehand slik at ein er førebudd på kva ord som naturleg går ut. Då blir ein også merksam på kva oppgåver som kan ha fleire løysningar.

«Kven skal ut?» er ein fleksibel aktivitet. Den kan gjerast som ei avveksling, eller den kan brukast over ein eller fleire timer. Elevane blir kjende med sentrale ord og omgrep innanfor berekraftig utvikling, og oppdagar skilnader og likskapar mellom omgrepa.

Instruksjon

  1. Fortel elevane at dei skal arbeide i grupper for å trene på viktige ord innan temaet berekraftig utvikling.
  2. Del klassen inn i par eller grupper, og del ut kopioriginalen med bilete. Det er 18 biletgrupper i alt som skal fordelast mellom para/gruppene. Rekn cirka fem minutt per biletgruppe.
  3. Forklar elevane oppgåva. «De har x bildegrupper framfor dykk. Kvar gruppe har eitt bilete som ikkje passar inn saman med dei andre. De har 10-15 minutt til å arbeide saman og bestemme dykk for kva bilete som ikkje høyrer til. Set eitt kryss over biletet de bestemmer dykk for. De må kunne forklare kvifor de har valt slik».
  4. La kvar elev, kvart par eller kvar gruppe presentere sitt forslag til løysning. Ver open for fleire moglege løysningar blant elevane.
  5. Oppsummer aktiviteten saman med klassen.

Tilpassing/differensiering

Nokre elevar vil kunne trenge konkrete eksempler på kva som skal gjerast. Bruk fyrste biletgruppe som eksempel, og løys oppgåva i plenum i klassen før elevane går laus på oppgåva i grupper.

Kompetansemål

Kompetansemål for begrepsøvelser om bærekraft

Tverrfaglige temaer: Demokrati og medborgerskap, Bærekraftig utvikling

Samfunnsfag

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn

  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn

Norsk

Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Språket som system og mulighet

  • bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer

Andre oppgåver

Begrepsøvingane er del av undervisningsopplegget Berekraft, som er eit tverrfagleg opplegg om berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål tilpassa ungdomsskulen.

Kontakt

Har du spørsmål eller innspel til opplegget? Ta kontakt med di nærmaste regionavdeling.

Ressursar

Hvem skal ut? – oppgaver (pdf)

Hvem skal ut? – fasit (pdf)

Ordliste (pdf)