Fag: | KRLE / Religion og etikk, Matematikk, Naturfag, Norsk, Samfunnsfag/Samfunnskunnskap |
Klassetrinn: | 8-10 trinn |
Tema: | Fattigdom, bærekraftig utvikling og FNs bærekraftsmål, Klima og miljø |
Tidsbruk: | Varierende |
Ressursbank «Berekraft» er eit tverrfagleg undervisningsopplegg for ungdomstrinnet med ei heilheitleg tilnærming til berekraftig utvikling. Opplegget inneheld animasjonsfilmar og læringsaktivitetar tilpassa kompetansemål i KRLE, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag.
Opplegget er utvikla av FN-Sambandet og UNICEF Norge i samarbeid med lærarar og elevar på ungdomstrinnet.
Mål med oppgåvene
- vise samanhengen mellom lokale, nasjonale og globale utfordringar
- vise samanhengen mellom sosiale forhold, økonomi og klima og miljø
- gje elevane handlingskompetanse for ei berekraftig utvikling og gje dei trening i kritisk tenking, systemforståing, kreativitet, kommunikasjon, samarbeid og problemløysing
Oppgåver
Ei introduksjonsøkt til berekraftig utvikling og berekraftsmåla til FN.
Fag: Norsk, Samfunnsfag, KRLE, Klassetrinn: 8.-10. trinn, Tid: 15 min heimearbeid + 60 min i klassen, Aktivitet: Omvendt undervisning, sjå film, lese, diskutere, quiz.
Les meir
Start samtalen om berekraftig utvikling i klasserommet.
Les meir
Loop er eit enkelt, morosamt og aktiviserande kortspel for å trene på omgrep knytta til berekraft.
Les meir
Fire bilete, der eitt skil seg ut. Kva?
Les meir
Forbodne ord gjev elevane god trening i å øve på faglege omgrep.
Les meir
Ei gruppeøving der elevane skal bruke bilete til å reflektere rundt og diskutere døme på berekraftig utvikling i Brasil.
Les meir
Matematikkoppgåver om befolkningsvekst, klima, levesett og berekraftig utvikling.
Les meir
Ei prosjektoppgåve der elevane i grupper på 2-3 elevar fordjupar seg i ett eller fleire av FNs berekraftsmål, for så å presentere det til andre elevar gjennom stasjonsundervisning.
Les meir
Ei øving der ungdomsskuleelevar skal undervise barneskuleelevar om berekraftig utvikling.
Les meir
Kor synleg er temaa til FNs berekraftsmål i nyheitene?