Fag: | Matematikk, samfunnsfag |
Aktivitet: | Oppgaver innen å lese og forstå statistikk, regne med tid, geometri og måleenheter. |
Klassetrinn: | 5.-7. trinn |
Tid: | Fleksibelt |
Introduksjon
Matematikkoppgåvene tek opp relevante problemstillingar knytta til berekraftig utvikling.
Oppgåvene er del av det tverrfaglege undervisningsopplegget Berekraft, som er utvikla av FN-sambandet og UNICEF Norge.
Nokre av oppgåvene vil nok opplevast som krevjande og kan med fordel løysast i plenum.
Å finne og skilje mellom viktige og uviktige opplysningar i teksten er noko elevar treng mykje øving i. Oppgåvene er systematiserte i stigande vanskegrad. Dei raskaste vil raskt finne utfordringar, medan elevar som treng lenger tid, bør og kan bruke tida på dei første oppgåvene. Oppgåvene tek føre seg fleire tema som t.d.: å lese og forstå statistikk, rekne med tid, geometri og måleeiningar.
Instruksjonar
Oppgåvene kan løysast individuelt, i grupper eller som heil klasse. Tren gjerne på ein løysingsrutine som denne:
• Kva for opplysningar gjev oppgåva?
• Kva er problemet som skal løysast i oppgåva?
• Kva slags informasjon trengst for å løyse problemet?
• Kva for ei nemning skal løysinga ha?
• Gjett kva løysinga omtrent vil bli.
Mange av oppgåvene inneheld opplysningar som inviterer til samtale og refleksjon.
Kompetansemål
Kompetansemål for «Reale nøtter»
Tverrfaglige temaer: Demokrati og medborgerskap
Matematikk
Kjerneelement: Utforsking og problemløysing, Modellering og anvendingar, Resonnering og argumentasjon, Matematiske kunnskapsområde
- utvikle og bruke formålstenlege strategiar i rekning med brøk, desimaltal og prosent og forklare tenkjemåtane sine (7.trinn)