Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjere meir med mindre ressursar. I dag forbruker vi mykje mer enn kva som er berekraftig for kloten. For eksempel går ein tredel av maten som blir produsert vekk, utan å bli ete.

For å sikre gode levekår for noverande og framtidige generasjonar, må kvar enkelt forbrukar endre livsstil. Det inneber å minske ressursbruken, miljøøydelegginga og klimautsleppa som eit samfunn og som enkeltperson. På sikt vil dette føre til økonomisk vekst, avgrense klimaendringane og auke livskvaliteten til menneske på jorda.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 12.1)

    Gjennomføre det tiårige handlingsprogrammet for berekraftig forbruk og produksjon ved at alle land deltek, men slik at dei utvikla landa går føre, samtidig som ein tek omsyn til utviklingsnivået og moglegheitene til utviklingslanda

  • Delmål 12.2)

    Innan 2030 oppnå berekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar

  • Delmål 12.3)

    Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting

  • Delmål 12.4)

    Innan 2020 oppnå ei meir miljøvenleg forvaltning av kjemikaliar og alle former for avfall gjennom heile livssyklusen, i samsvar med internasjonalt vedtekne rammeverk, og vesentleg redusere utslepp av kjemikaliar og avfall til luft, vatn og jord for mest mogleg å avgrense skadeverknadene for folkehelsa og for miljøet

  • Delmål 12.5)

    Innan 2030 redusere avfallsmengda vesentleg gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk

  • Delmål 12.6)

    Stimulere selskap, særleg store og fleirnasjonale selskap, til å ta i bruk berekraftige metodar og integrere informasjon om si eiga berekraft i rapporteringsrutinane sine

  • Delmål 12.7)

    Fremje berekraftige ordningar for offentlege innkjøp, i samsvar med politikk og prioriteringar i dei enkelte landa

  • Delmål 12.8)

    Innan 2030 sikre at alle menneske i heile verda har relevant informasjon om og forståing av berekraftig utvikling og eit levesett som er i harmoni med naturen

  • Delmål 12.a)

    Støtte utviklingslanda i å styrkje den vitskaplege og tekniske evna si til å innføre meir berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

  • Delmål 12.b)

    Utvikle og innføre metodar for å måle effekten av berekraftig reiseliv som skaper arbeidsplassar og fremjar lokal kultur og lokale produkt

  • Delmål 12.c)

    Redusere ineffektive subsidier til fossilt brensel ved å fjerne marknadsvridingar som oppmuntrar til overforbruk, i samsvar med nasjonale forhold, blant anna ved å leggje om skattar og avgifter og avvikle skadelege subsidier der dei finst, slik at konsekvensane for miljøet blir avdekka, og samtidig fullt ut ta omsyn til utviklingslanda sine særlege behov og situasjon og avgrense eventuelle negative konsekvensar for utviklinga deira mest mogleg og på ein måte som beskytter dei fattige og dei lokalsamfunna det gjeld

Korleis ligg verda an?

Det er avgjerande å gjere produksjonen og forbruket i verda meir berekraftig for at vi skal kunne handtere globale kriser, slik som klimakrisa og øydelegginga av verdas naturmangfald.

Eksempler på utfordringar:

  • Rundt 14 prosent av maten som blir produsert i verda går tapt i produksjonskjeda, allereie før den går ut på dato.
  • Ein million plastflasker blir kjøpt kvart andre minutt, og mesteparten blir ikkje resirkulert.
  • Fem billionar plastposar blir kasta kvart år. Mange endar opp som søppel i naturen.
  • Det globale materielle fotavtrykket har auka med 70 prosent i perioden 2000-2017.

Verda sitt forbruk av naturressursar er langt ifrå berekraftig. Overforbruket har ein veldig øydeleggande effekt på planeten sitt klima, miljø og naturmangfald. Den øydeleggande effekten har blitt forsterka gjennom industrialisering og befolkningsvekst.

Forbruket er, og har vore størst i dei rikaste landa, som dermed har eit spesielt ansvar for å bidra med dei globale endringane som må til.

For å løyse utfordringane er det viktig å få på plass politikk som bidrar til forbruk og produksjon som ikkje skadar naturen. Med tanke på klimaet er det viktig at produksjonen baserer på fornybare energikjelder, i staden for olje og kol. For å bidra til meir ansvarleg forbruk, kan politiske ordningar fremje resirkulering og gjere det billigare å reparere enn å kjøpe nytt.

Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport (2021)

Tekstilindustrien og det store forbruket av klede må bli endra for at verda skal bli meir berekraftig. Foto: Artem Beliaikin/Unsplash

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?  

I Norge er vi relativt gode på å levere metall, glas og papir til attvinning. Vi har og gode panteordningar for resirkulering av flasker og boksar.

Norge har og klart å redusere matsvinn gjennom friviljuge tiltak i fleire ledd i verdikjeda. Likevel tyder det på at sterkare tiltak må til for å nå målet om å redusere matsvinn med 50 prosent.

Kva gjer Norge ikkje så bra?  

Norges største utfordring er at vi er eit av landa med verdas høgaste forbruk per innbyggar. Hadde heile verda si befolkning hatt same forbruksnivå som oss, ville vi hatt behov for 3,2 jordkloder.

Hovudårsaka til vårt høge og aukande forbruk, er at vi byt ut produkt lenge før det er naudsynt. Norge heng generelt etter i omstillinga til ein såkalt sirkulær økonomi, der ressursane og produkta blir reparert, gjenbrukt og resirkulert. 

Kva gjer Norge internasjonalt? 

Norge støttar opp om internasjonale miljøavtalar, med mål om å styrke institusjonar si evne til å skape grøn, økonomisk vekst.

Norge støttar forskingsinstitutt i Afrika sør for Sahara, som forskar på korleis ein kan gjere matproduksjon meir berekraftig.

Kjelde: Norges statusrapport om berekraftsmåla (2021) 

Når er eigentleg energi- og matproduksjon berekraftig? Foto: Karsten Wurth/Unsplash

Kva kan du gjere?

Menneskerettar i næringslivet 

Næringslivet har eit enormt etisk ansvar, og du som forbrukar har påverknadskraft. Investerer selskapet du ønskjer å kjøpe noko frå i land som driv grove brot på menneskerettane? Engasjer deg i kampen om å få på plass etiske retningslinjer i næringslivet. Lær meir om berekraftig handel av Etisk Handel Norge

Kjøp produkt som er berekraftige 

Finn ut om dei nye tinga eller kleda du skal kjøpe oppfyller krava om berekraftig produksjon. Er dei som lagar produktet opptekne av klima og miljø, og kva gjer dei for det? Har det blitt nytta resirkulerte materialar? Avgjer kleda mikroplast? Får arbeidarane anstendig løn? Og hugs, det mest berekraftige er som regel å ikkje kjøpe nye ting i det heile tatt. Lær meir om klede og berekraft av Framtiden i våre hender.   

Kjøp brukt og ta vare på tinga dine 

Kan du heller kjøpe det du ønskjer deg på Finn.no eller Tise? Ved å kjøpe noko som allereide er produsert og gjenbruke det, reduserer du fotavtrykket ditt på planeten. Reparer klede og ting som har gått i stykke. Sel eller gje bort det som framleis er brukbart, og resirkuler det som er verdt å kaste.

Et berekraftig  

Et mindre kjøt, fjørfe og fisk. Det går med mykje meir ressursar på å produsere animalske matvarer enn grønsaker. Belgvekster som korn, bøner og linser, krev mykje mindre ressursar å produsere og er god proteinkjelder. Et kortreiste matvarer i sesong når du kan.

Ver en berekraftig turist  

Reis på ein måte som støttar lokalsamfunn og miljø. Vel berekraftige turoperatørar som tar omsyn til naturen, dyra og menneska som bur der. Støtt lokale kafeer, butikkar og reiseliv framfor å velje dei store, internasjonale kjedane. Utforsk stader du kan reise til med tog heller enn med fly.

Sjå tips for korleis å bli en berekraftig turist her

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vanar og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.  

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!

For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:

Nicholas Wilkinson

Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene

nicholas.wilkinson@fn.no

+47 915 42 044