Berekraftsmål 7 handlar om at alle menneske skal ha tilgang til energi. Energien skal være påliteleg, berekraftig, moderne, og ikkje altfor dyr.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 7.1)

    Innan 2030 sikre allmenn tilgang til pålitelege og moderne energitenester til ein overkomeleg pris

  • Delmål 7.2)

     Innan 2030 auke prosentdelen fornybar energi i det samla energiforbruket i verda vesentleg  

  • Delmål 7.3)

    Innan 2030 få forbetringa av energieffektivitet på verdsbasis til å gå dobbelt så fort

  • Delmål 7.a)

     Innan 2030 styrkje det internasjonale samarbeidet for å lette tilgangen til forsking og teknologi på området rein energi, inkludert fornybar energi, energieffektivisering og avansert og reinare teknologi for fossilt brensel, og fremje investeringar i energiinfrastruktur og teknologi for rein energi

  • Delmål 7.b)

     Innan 2030 byggje ut infrastruktur og oppgradere teknologi for å tilby moderne og berekraftige energitenester til alle innbyggjarar i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med dei respektive støtteprogramma i landa

I Norge arbeider vi for å erstatte all energibruk frå fossile kjelder med fornybar energi. Det er meir klimavennleg, og det støttar opp om måla i Parisavtalen. I mange land i det globale sør handlar utfordringa først og fremst om å sørgje for at befolkninga har tilgang til straum – uavhengig av om han er fossil eller fornybar.

Mål 7 heng tett saman med fleire av FNs berekraftsmål, spesielt mål 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn, og mål 13 om å stoppe klimaendringane. Rein energi er heilt avgjerande for å kunne utvikle berekraftige byar og samfunn. Nesten all menneskeleg aktivitet krev energi; å drive sjukehus, køyre bussar og ferjer, drive eit kontorbygg eller lage mat, for å nemne noko.

For å sikre at alle har tilgang til berekraftig elektrisitet innan 2030, må vi satse meir på sol-, vind- og vasskraft. Vi må òg bruke energien smartare gjennom energieffektive løysingar og reine teknologiar som gir minimale eller ingen klimagassutslepp.

Korleis ligg verda an?

Verda har gjort betydelege framsteg mot mål 7. Fleire menneske har tilgang til elektrisitet, og bruken av reint brensel og moderne matlagningsløysingar har auka. Fornybar energi veks raskast av alle energikjelder og har no gått forbi kol som den viktigaste kjelda til elektrisitet.

Men det er framleis store utfordringar. For å nå mål 7 må investeringane i rein energi aukast betydeleg, særleg i land i det globale sør. Dersom vi ikkje trappar opp investeringane og tiltaka, vil over 600 millionar menneske framleis mangle tilgang til elektrisitet i 2030.

Kjelder: FNs bærekraftsmålrapport 2025 / Det internasjonale energibyrået (2025)

Tilgang til straum

Ein av indikatorane for berekraftsmåla er å måle kor stor del av befolkninga i eit land som har tilgang til straum. Då kan vi måle om vi klarer å auke tilgangen slik vi ønskjer innan 2030.

  • 92 prosent av verdas befolkning har tilgang til straum.
  • Dei som manglar tilgang til straum, er hovudsakleg låginntektshushald lokaliserte i avsidesliggjande område.
  • 85 prosent av dei som ikkje har tilgang til straum, bur i Afrika sør for Sahara. Verda må gjere meir for å nå berekraftsmål 7.

Kjelde: FNs bærekraftsmålrapport 2025

Fornybar energi

I 2022 utgjorde fornybar energi rundt 18 prosent av det totale energiforbruket i verda. Vasskraft er framleis den største kjelda, medan vind- og solenergi har hatt den største auken. Framover er det venta at fornybar energi vil halde fram med å auke, og andelen vil truleg bli mykje høgare innan 2030, ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA).

For å skape berekraftige byar og samfunn, og avgrense klimaendringane, er det viktig at energien vi brukar kjem frå fornybare og utsleppsfrie kjelder. Vi må satse på vasskraft, vindkraft, bølgjekraft og solkraft, samstundes som vi blir meir energieffektive. FN peikar òg på at kjernekraft kan spele ei viktig rolle som utsleppsfri energikjelde i kampen mot klimakrisa.

Kjelde: FNs bærekraftsmålrapport 2025

Dei som manglar elektrisitet bruker ofte farlege og ineffektive energikjelder til oppvarming og matlaging. Foto: Unsplash/Martin Jernberg

Rein energi til matlaging

Rundt 74 prosent av befolkninga i verda har tilgang til rein matlaging. Men skilnadene mellom regionane er store. Situasjonen er mest krevjande i Afrika sør for Sahara, der berre ein av fem har tilgang til reine brensel og teknologiar.

Over to milliardar menneske lagar mat ved bruk av open eld eller omnar drivne av parafin, biomasse (ved, dyremøkk og avlingsavfall) og kol, som skapar skadeleg luftforureining i heimen. Fattige hushald blir hardast ramma, spesielt kvinner og jenter. Dette går ut over helsa deira og avgrensar moglegheita til utdanning og arbeid.

Dersom utviklinga held fram som i dag, vil berre 78 prosent av verdas befolkning ha tilgang til rein matlaging innan 2030. Det betyr at rundt ein av fem menneske framleis vil mangle tilgang.

Kjelde: FNs bærekraftsmålrapport 2025

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

I Norge er alle delmåla i mål nummer 7 så godt som oppnådde, ifølgje regjeringa. Alle i Norge har tilgang til påliteleg og moderne energi.

I 2024 utgjorde fornybar energi heile 98 prosent av kraftproduksjonen, der om lag 88 prosent kom frå vasskraft. Dette er svært høgt i internasjonal samanheng.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Ved utgangen av 2023 var det registrert 689 169 elektriske personbilar i Norge. Dette utgjorde 24 prosent av den totale personbilparken. Foto: Unsplash/Allan Billyeald

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Elektrifiseringa av samfunnet, særleg innan industri og transport, kan over tid føre til ein betydeleg auke i kraftforbruket i Norge. Dersom kraftproduksjonen ikkje aukar tilsvarande, kan det svekkje kraftbalansen noko og bidra til høgare straumprisar (forutsatt at andre forhold ikkje endrar seg).

Den globale energimarknaden er i rask endring som følgje av ny teknologi, strengare klimapolitikk og ei stadig aukande etterspurnad etter energi. Også den norske marknaden blir påverka av dette. Dei siste åra har forbrukarar, særleg i dei sørlege prisområda, tidvis opplevd både høge og varierande straumprisar.

I tillegg til å vere ein stor produsent av fornybar energi, er Norge ein storeksportør av fossil energi. Sivilsamfunnsorganisasjonar kritiserer Norge for å halde fram jakta på nye gass- og oljefelt, og for å byggje ut transportinfrastrukturen utan å ta omsyn til behovet for meir energi som følgje av dette.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva gjer Norge internasjonalt?

Utbygging av fornybar energi, betre tilgang til straum og reinare løysingar for matlaging har lenge vore prioritert i norsk bistandsarbeid.

Norfund, den norske staten sitt investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland, er i dag hovudinstrumentet for statlege energiinvesteringar i låg- og mellominntektsland. I 2024 bidrog Norfunds investeringar til at 750 000 hushald fekk tilgang til straum. Regjeringa støttar òg ei rekkje andre initiativ og program som skal bidra til auka tilgang og auka andel fornybar energi i verdas kraftproduksjon.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Det er Energidepartementet som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dette målet i Norge.

Les kva regjeringa seier Norge må gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 7

Kva kan du gjøre?

Køyr mindre bil

Ofte kan ein sykle, ta kollektiv transport eller gå der ein skal. Mange kommunar, spesielt større byar, har gode sykkelvegar. Er det dårleg tilrettelagd for sykkel i din kommune, kan du føreslå at kommunen bør satse på dette gjennom kommunestyret. Dersom du skal køyre bil, hjelper det å velje elektrisk bil framfor fossil.

Spar på straumen

Du kan for eksempel dusje kortare, ikkje koke meir vatn enn du treng, slå av lyset etter deg når du går ut av eit rom og lufttørke våte klede i staden for å bruke tørketrommelen.

Du kan velje dei elektriske apparata (kjøleskap, vaskemaskin osv.) som har lågast straumforbruk, i tillegg til å velje lågenergipærer.

Sørg for at vindauga heime er heilt tette. Det er meir energieffektivt å lufte mykje på kort tid enn å la vindauget stå på gløtt lenge.

Velg lavutsleppshus om du kan

Det er fleire ting du kan gjere i kvardagslivet ditt for å bidra til å nå dette målet. Ein enkel og effektiv ting å gjere, er å bruke ei berekraftig energikjelde for å varme opp huset. Du kan for eksempel byte ut oljetanken med ei varmepumpe eller eit solcellepanel på taket.

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!