Målet handlar om at alle menneske skal ha tilgang på næringsrik og berekraftig mat heile året, og at ingen skal svelte. Det å få i seg nok mat til å leve eit godt liv er ein menneskerett. Likevel er det mange som svelt i verda. Etter tiår med nedgang, stig no tala for antal menneske som svelt.
Klikk på eit delmål for å lese meir om det under
-
Delmål 2.1)
Innan 2030 utrydde svolt og sikre alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, spesielt spedbarn, tilgang til nok, trygg og sunn mat heile året
-
Delmål 2.2)
Innan 2030 utrydde alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemjing og avmagring hos barn under fem år, og skjøtte ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande kvinner og eldre personar
-
Delmål 2.3)
Innan 2030 doble produktiviteten og inntektene til småskala matprodusentar, særleg kvinner, urfolk, familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, mellom anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmiddel, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke og for sysselsetjing utanfor landbruket
-
Delmål 2.4)
Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføre robuste metodar som gjev auka produktivitet og produksjon, som bidreg til å halde oppe økosystema, som styrkjer evna til å tilpasse seg til klimaendringar, ekstremvêr, tørke, flaumar og andre katastrofar, og som gradvis fører til betre kvalitet på areal og jord
-
Delmål 2.5)
Innan 2020 halde oppe det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantesamlingar nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremje tilgang til og ei rettferdig og likeverdig fordeling av dei goda som følgjer av bruk av genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje
-
Delmål 2.a)
Mellom anna gjennom betre internasjonalt samarbeid auke investeringane i infrastruktur på landsbygda, i forsking og rettleiingstenester innanfor landbruket, i teknologiutvikling og i genbankar for planter og husdyr, med sikte på å forbetre produksjonskapasiteten i landbruket i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa
-
Delmål 2.b)
Korrigere og hindre handelsrestriksjonar og vridingar på landbruksmarknadene i verda, mellom anna gjennom ei parallell avvikling av alle former for eksportsubsidiar på landbruksvarer og alle eksporttiltak med tilsvarande verknad, i samsvar med mandatet for Doha-runden
-
Delmål 2.c)
Vedta tiltak for å sikre at råvare- og derivatmarknadene for matvarer fungerer godt og leggje til rette for rask tilgang til marknadsinformasjon, mellom anna om matreservar, for å avgrense ekstreme svingingar i matvareprisane
For at alle skal kunne ete seg mette, må vi fordele ressursane og ta vare på maten vi produserer på ein betre måte enn i dag. Dette kan blant anna gjerast gjennom å kaste mindre mat, sikre at maten kjem fram til dei som treng den, produsere meir berekraftig og lokalt, samt utnytte ressursane i jordbruk, skog og fiske på ein betre måte.
Korleis ligg verda an?
Svolt og underernæring
Verda er ikkje i rute til å nå målet om å utrydde svolt innan 2030. Tala går feil veg. I 2023 leid 733 millionar menneske av svolt, og 2,33 milliardar opplevde moderat til alvorleg matusikkerheit. Haiti, Mali, Palestina, Sør-Sudan og Sudan er særleg hardt ramma.
(Kjelde: The Sustainable Development Goals Report 2024 / WFP Document)
Barn er spesielt sårbare. Svolt og underernæring kan føre til at dei ikkje utviklar seg fysisk og mentalt slik dei skal, får dårlegare immunforsvar og risikerer å kunne døy av vanlege barnesjukdommar (Kjelde: WHO 2023).
Rundt 22 prosent av alle barn i verda under fem år, var kronisk underernærte i 2022. Det vil sei ca. 148 millionar barn. Dei fleste bur i land i Sentral- og Sør-Asia og i Afrika sør for Sahara. Om dagens trendar held fram, vil 1 av 5 barn få problem med å vekse og utvikle seg som normalt i 2030.
Kva er svolt? Urix forklarar.
(NB: filmen er sju år gammal)
Overvekt
Overvekt og fedme er eit av dei største helseproblema i verda. Rundt 37 millionar barn under fem år er overvektige. Talet for voksne over 18 år er betydeleg høgare; I 2022 var 2,5 milliardar voksne overvektige.
Overvekt og fedme er eit resultat av ubalansert kosthald og/eller for lite fysisk aktivitet. Årsakene er samansette, men kan blant anna knyttast til miljø, psykososiale faktorar og genvariantar. I ei lita undergruppe av pasientar er overvekt ein konsekvens av medisinar, sjukdommar, manglande moglegheiter for bevegelse og anna.
Overvekt gjer høgare risiko for hjarte- og karsykdom, hjerneslag, høgt blodtrykk og diabetes, i tillegg til ein rekke andre kroniske sjukdommar og fleire kreftformar.
(Kjelde: The Sustainable Development Goals Report 2024 / WHO 2024: Obesity and Overweight Fact Sheet)
Matsikkerheit
Matsikkerheit er å ha tilgang til nok, trygg og næringsrik mat, for å kunne leve eit aktivt og sunt liv. Nesten ein av tre menneske i verda – 2,3 milliardar menneske – hadde ikkje tilgang til sikker, næringsrik eller nok mat i 2023.
Matsikkerheit er og ein måte å måle ei hushaldning si evne til å takle framtidige avbrot i mattilgangen. Matsikkerheit handlar både om kor mykje mat som er tilgjengeleg i eit samfunn og i kva grad menneske har tilgang til den. Ei hushaldning har matsikkerheit dersom ingen går svoltne eller lever i frykt for kronisk svolt.
I 2022 opplevde nesten 60 prosent av landa i verda ei auking i matvarepriser, mykje på grunn av krigen i Ukraina. Dette skapte store utfordringar for mange menneske, spesielt i låginntektsland med lågare matsikkerheit. Ukraina produserer vanligvis myke mat – særleg korn – som blir selt til land som er avhengige av importert mat. Krigen har også ført til at prisen for fossilt drivstoff har auka, noko som igjen driv matprisene oppover. I landbruket og transportsektoren brukast fossilt brennstoff til blant anna lastebiler og båtar som fraktar mat.
I tillegg til dette er klimaendringar, naturkatastrofar, ulikskap, dårlege system for lagring av mat og koronapandemien blant hovudårsakene til svolt og dårleg matsikkerheit.
(Kjelde: The Sustainable Development Goals Report 2024 / The State of Food Security and Nutrition 2024)
Sjå statistikk for underernæring her.
Kva kan verda gjere?
Det vert produsert nok mat til å sørgje for at heile verda si befolkning kan leve eit sunt og produktivt liv. Eit hovudproblem er at maten er urettferdig fordelt. For at alle skal få ete seg mette, må vi ete meir berekraftig, fordele ressursane meir rettferdig og ta betre vare på maten vi produserer. I dag blir ein tredel av all mat som blir produsert kasta. Les meir i Food Waste Index Report 2024
Løysningane på svoltproblemet er i stor grad politiske:
- Å stanse konfliktar og krigar er viktig for å sikre folk mat. I konfliktsituasjonar er det mindre tilgang på mat, og matjord blir ofte øydelagt. Krig og konflikt påverkar den økonomiske situasjonen i eit land og moglegheita til å importere mat til ein pris folk har råd til å betale.
- Vi må bremse klimaendringane fordi dei gjer det vanskelegare å drive jordbruk. Ekstremver og endringar i nedbør og temperatur påverkar avlingane og fører til at fleire menneske opplever redusert matsikkerheit.
- Vi må investere i teknologi og kunnskap i landbruk i fattige land. Dei fleste fattige i verda bur på landsbygda, har lite avansert teknologi og er avhengige av landbruk som sitt levebrød. Betre teknologi kan gje bøndene betre avlingar, og gjere landbruket meir rusta mot effektane av klimaendringar.
Kva gjer Norge?
Kva gjer Norge bra?
Norge har utrydda svolt, og matsikkerheita er generelt god ifølgje regjeringa. Norge har fiskeri, beitemark og kulturlandskap som vert brukt i matproduksjon. Vi har nasjonale mål som skal sikre at desse områda vert brukt til å produsere mat for befolkninga.
Kva gjer Norge ikkje så bra?
Her til lands er det overvekt, fedme, usunt kosthald, feilernæring blant eldre og matsvinn som er dei største utfordringane. Omtrent 15-20 prosent av barn i Norge har overvekt. Nordmenn et også mykje kjøt, og kjøtproduksjon krev mykje energi. Dersom vi dyrka meir frukt og grønsaker i Norge – som krev mindre land og energi – ville vi også kunne produsert og ete meir berekraftig mat.
Klimaendringar og miljøproblem utfordrar matproduksjonen i Norge, og det er viktig å ta vare på jordsmonnet.
Kva gjer Norge internasjonalt?
Internasjonalt støttar Norge mange prosjekt som bidrar til matsikkerheit for fattige. Norge var den 8. største bidragsytaren til Verdens matvareprogram i 2023. Å utrydde svolt er ein viktig utenrikspolitisk prioritering for regjeringa. For å støtte opp om global matsikkerheit bidrar Norge og med eit frøkvelv på Svalbard der vi lagrar frøa til over ein million plante fra heile verda.
Kjelder: WFP 2023 / Oppfølging av berekraftsmåla i Noreg (regjeringen.no)
Det er Landbruks- og matdepartementet som har ansvar for dette arbeidet.
Lær meir om kva regjeringa seier Norge skal gjere for å oppnå berekraftsmål 2, utrydde svolt.
Kva kan du gjere?
Kast mindre mat
Du kan bidra til å redusere matsvinn ved å planlegge innkjøpa, slik at du ikkje kjøper noko du ikkje treng. Sjå deg heller ikkje blind på datomerking. Sjå, lukt og smak på mat og drikke som har gått ut på dato før du kastar den. «Best før» betyr ikkje «dårleg etter».
Et berekraftig
Klimaendringar, forbruk og matsikkerheit heng saman. Ved å velje lokal, sesongbasert mat, forbrukar vi færre ressursar. Kjøt- og mjølkeproduksjon krev mykje areal og vatn, mens belgvekster og korn er meir berekraftige alternativ. Endringar i matsystema er avgjerande for global matsikkerhet.
Helsedirektoratets nye kostråd for 2024 anbefaler at vi vel mest mat frå planteriket, altså frukt/grønt, fullkorn, bønner og nøtter, og at vi et minst mogleg bearbeida kjøt. I tillegg til å vere meir berekraftig, har dette mange helsefordelar.
Organiser deg
Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.
Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!
Ressursar
For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:
Nicholas Wilkinson
Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene
nicholas.wilkinson@fn.no+47 915 42 044