Fag: | KRLE, Naturfag, Norsk, Samfunnsfag |
Klassetrinn: | 8.-10. trinn |
Tid: | 3 x 45 min (siste timen kan sløyfes) |
Aktivitet: | Gruppeøvelse og diskusjon |
Målet med oppgåva
Dette er ein kreativ og annleis gruppeaktivitet som tek utgangspunkt i reelle tiltak for ei berekraftig utvikling i Brasil. Målet er at elevane skal bruke bilete til å tenkje og diskutere seg fram til berekraftige løysningar på ekte problemstillingar i det brasilianske samfunnet. Elevane får trening i å resonnere seg fram til løysningar og får innsikt i kva berekraftig utvikling er i praksis. Undervisningsopplegget er tiltenkt 2-3 skuletimar (105 minutt).
Lærarveiledning
Les den korte fagteksten om berekraftig utvikling i Brasil for å vere best mogleg førebudd til aktiviteten. Sjå fil kalla Bærekraft i Brasil - fagtekst. Fagteksten kan også bli brukt og delt ut som ein ressurs til elevane, men vi anbefaler å ikkje dele ut teksten før mot slutten av undervisningsopplegget.
Oppgåva er del av det tverrfaglege undervisningsopplegget Berekraft, og vi anbefaler å ha vore gjennom introduksjonsøvinga Kick-off: Film, debatt og quiz før denne oppgåva, slik at elevane har noko førekunnskap om temaet.
Del 1: Gruppediskusjon (45 min)
Start med ein kort introduksjon av oppgåva som ein aktivitet der elevane skal finne ut kva eit land har gjort for å skape ei berekraftig utvikling, utan å nevne kva land det gjeld. Del klassen inn i grupper på 3-4 elevar per gruppe og del ut eit biletesett og eit ark med oppgåver per gruppe. Bileta skal vere usorterte. Elevane skal svare på nokre spørsmål for å starte samtalen og bli kjend med bileta. Elevane strør så bileta utover eit bord og prøver å tenkje og diskutere seg fram til svara på følgjande oppgåver:
- Finn ut kva land vi er i.
- Finn bilete som viser naturen og naturressursane i landet
- Finn eit bilete som beskriv setninga: «Halvparten av menneska i landet er under 15 år».
- Finn eit bilete som beskriv setninga: «Dei som er mest ressurssvake i landet bur her».
- Finn eit bilete som beskriv setninga: «Det er ei urettferdig fordeling av ressursar i landet».
- Resten av bileta skal bli sortert i gruppene:
- Elektrisitet
- Skule og helse
- Drivstoff (Mange av bileta viser jordbruk og sukkerrøyr. Elevane vil kanskje ikkje knytte dette til bilar og drivstoff, men dette har samanheng i Brasil. Brasil lagar drivstoff til bilar av sukkerrøyr. Sett elevane på sporet av dette)
- Regnskog
Del 2: Klassesamtale (45 min)
Bruk diskusjonane fra fyrste time til å innleie ein felles klassesamtale. Målet er å i fellesskap kome fram til historien om berekraftig utvikling i Brasil. Det inneber for det fyrste at elevane les bileta, og set ord på det dei ser. For det andre må elevane gå ut over det dei kan sjå, og trekke linjer mellom det og det dei allereie veit om Brasil frå før. Dette inviterer til konstruktiv spekulasjon og til å lage hypotesar. Læraren si oppgåve er å vere med elevane på ei oppdagingsferd gjennom bileta og hjelpe elevane med å sortere mellom fakta, antydingar og rein gjetting.
Forslag til spørsmål til bruk i klassesamtale:
- Kva land er vi i? Korleis kan vi vite det?
- Kva fortell bileta om landet (naturressursar, fattig/rikt, befolkning, naturmangfald)?
- Kva problem trur de det finnast i Brasil?
- Kva samanheng trur de det er mellom fattigdom, menneskerettar, helse og utdanning i Brasil?
- Korleis ville de løyst problemet med at mange barn ikkje får gå på skule fordi dei er fattige?
- Korles ville de løyst problemet med at mange ikkje får vaksinar?
- På kva måte trur de at landet har løyst desse utfordringane?
- Kva samanheng er det mellom bileta de har plassert i gruppa for regnskog?
- Brasil vil gjerne verne regnskogen, men korleis kan dei stanse hogst og brenning av regnskog viss nokre familiar lev av inntektene fra tømmer og jordbruk?
- Mange i Brasil har ikkje reint vatn, sjølv om Brasil har nok ferskvatn. Sjå på bileta og sjå om du finn ut korleis Brasil har løyst det problemet? Kan løysninga skape andre problem?
- På kva måte trur de at landet har løyst utfordringane med øydeleggjelse av regnskogen?
- Det er fleire bilete av demningar. Kan vatnet bli nytta til å løyse problemet med at mange ikkje har straum i heimen? Korleis trur de landet har sikra nok reint drikkevatn og vatn til åkrane?
- Ser de nokre farar med å bygge store dammar?
- Kva samanheng er det mellom bileta de har plassert i gruppa for elektrisitet?
- Kva synest de om måten landet utnyttar naturressursane sine i gruppa for regnskog og for elektrisitet? Er det berekraftig? Kvifor/kvifor ikkje?
- Kva samanheng er det mellom bileta de har sortert inn i gruppa for drivstoff?
- Er det ei berekraftig løysning for landet å bruke store areal på å dyrke sukkerrøyr?
Del 3: Les fagtekst og diskuter (15 min)
Del ut fagteksten kalla «Bærekraft i Brasil - fagtekst» til elevane, eller les teksten høgt i klassen. Snakk i fellesskap om innhaldet i teksten, og gjerne om dei punkta som ikkje stemde overeins med fakta.
Fagteksten ligg under Ressursar nedst på nettsida.
Del 4: Lag din kortversjon (30 min)
Denne delen er ei ekstraoppgåve som kan gjerast som ei samanfatta avslutningsoppgåve, men den kan også sløyfast eller bli gjeve i lekse dersom klassediskusjonen tar lengre tid enn planlagd.
Ut frå brottstykka skal elevane i grupper ha snakka om, fylt ut tomromma og rekonstruert heilskapen så langt som mogleg. I ein klassesamtale vil ein i fellesskap ha kome fram til kva vi kan vite sikkert, kva vi kan anta og kva vi ikkje kan vite. Det gjer rom for mange løysningar, men som ei forlenging av denne prosessen kan elevane skrive ein kort tekst med ”sin” versjon av berekraftige løysningar i Brasil. Ein kort skriftleg refleksjon kan bidra til å samle og klargjere tankar, utvikle kunnskap og utforske eigne standpunkt. Undervisningsopplegget er også ei moglegheit til å binde fortellingssjangeren med fagskriving.
Kompetansemål for Bærekraft i Brasil
Tverrfaglige temaer: Demokrati og medborgerskap, Bærekraftig utvikling
Samfunnsfag
Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn
- utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur
- samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag
- beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn
- vurdere korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet
Norsk
Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Språket som system og mulighet
- bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer
Naturfag
Kjerneelementer: Teknologi, Jorda og livet på jorda
- drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt
- gi eksempler på og drøfte aktuelle dilemmaer knyttet til utnyttelse av naturressurser og tap av biologisk mangfold
- gi eksempler på samers tradisjonelle kunnskap om naturen og diskutere hvordan denne kunnskapen kan bidra til bærekraftig forvaltning av naturen
KRLE
Kjerneelementer: Utforsking av eksistensielle spørsmål og svar, Kunne ta andres perspektiv, Etisk refleksjon
- reflektere over eksistensielle spørsmål knyttet til det å vokse opp og leve i et mangfoldig og globalt samfunn
- identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom
Andre oppgåver
Oppgåva er del av det tverrfaglege undervisningsopplegget Berekraft.
Kontakt
Har du spørsmål eller innspel til opplegget? Ta kontakt med di nærmaste regionavdeling.
Ressursar
Bærekraft i Brasil - bilder (pdf)