Fag: | Norsk, Samfunnsfag, KRLE |
Klassetrinn: | 8.-10. trinn |
Tid: | 15 min hjemmearbeid + 60 min i klassen |
Aktivitet: | Omvendt undervisning, se film, lese, diskutere, quiz |
Introduksjon
Berekraftsmåla til FN er verda sin samla arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Felles for alle måla er berekraftig utvikling.
Målet med denne øvinga er å gje ein motiverande start til undervisning om berekraftig utvikling og berekraftsmåla til FN.
Introduksjonsøkta er tilrettelagt for omvendt undervisning (flipped classroom), og vi tilrår å bruke den slik. Øvinga byrjar difor med at elevane ser to animasjonsfilmar og les to fagtekstar anten heime eller i klassen. Dette vil danne grunnlag for samtalar og diskusjon i klassen om berekraftsmåla til FN og berekraftig utvikling.
Del 1: Film og fagtekst (heimearbeid)
Be elevane bruke eit kvarter på å sjå følgjande filmar og tekstar anten heime eller på skulen:
Artikkel om berekraftig utvikling
Be elevane skrive ned tre ting dei lurte på, stussa over eller ikkje forstod i filmane og artiklane. Desse spørsmåla vert utgangspunkt for klassesamtalen i etterkant.
Del 2: Kick-off (45 min)
Bruk dei fyrste minutta til å fortelje elevane kva dei har i vente. Dersom de skal bruke fleire av aktivitetane frå opplegget over tid, så kan det vere lurt å ha ei kort innleiing som fortel noko om kva og kvifor berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål er relevant.
- Vis dei to filmane om berekraftig utvikling på nytt.
- Bruk 15 min til å snakke med elevane i plenum om dei tre tinga dei hadde notert seg heime. Oppfordre alle til å vere aktive og delta. Her er nokre spørsmål som kan brukast dersom samtalen går tregt:
- Kva er kjenneteikna på ei berekraftig verd?
- Kva heiter dei tre delane i omgrepet berekraftig utvikling?
- Kor berekraftig er du/skulen/lokalsamfunnet?
- Kva trur de er viktig å tenkje på dersom vi skal nå alle FNs berekraftsmål?
- Kva trur de er dei største utfordringane for å nå måla?
- Dersom det er tid igjen, så kan elevane sitje i par og diskutere forslag til korleis dei sjølve, lokalsamfunnet og Norge som land kan bidra til ei berekraftig utvikling.
Del 3: Quiz (15 min)
Kompetansemål
Kompetansemål for «Kick-off: Film, debatt og quiz om berekraft»
Tverrfaglige tema: Bærekraftig utvikling, demokrati og medborgerskap, folkehelse og livsmestring
Samfunnsfag
Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn
- utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur
- reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
- utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd
- Beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn
Norsk
Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Tekst i kontekst, Kritisk tilnærming til tekst
- bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer
- informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium
KRLE
Kjerneelementer: Utforsking av eksistensielle spørsmål og svar, Kunne ta andres perspektiv, Etisk refleksjon
- reflektere over eksistensielle spørsmål knyttet til det å vokse opp og leve i et mangfoldig og globalt samfunn
- identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom
Andre oppgåver
Oppgåva kan kombinerast med fleire av oppgåvene i undervisningsopplegget Berekraft. Oppgåva Viss du berre hadde tre mål (45 min) er spesielt eigna som ei fortsetjing av denne økta.
Kontakt
Har du spørsmål eller innspel til opplegget? Ta kontakt med di nærmaste regionavdeling.