Fag: | Geografi, naturfag, norsk, samfunnskunnskap |
Klassetrinn: | Videregående |
Tid: | 1 dag - 1 uke |
Aktivitet: | Foto, presentasjon og diskusjon |
Målet med oppgåva
Elevane skal:
- få ein nærleik til berekraftsmåla og få eit meir aktivt forhold til korleis dei sjølv er med på å påverke ei berekraftig utvikling
1. Ta bilete
Dei neste dagane skal elevane setje eit «berekraftsfilter» på kvardagen sin og ta bilete av situasjonar der dei ser eller sjølv opplever at dei har anledning til å velje eller tenkje berekraftig. Det er ikkje ein konkurranse om kor berekraftig kvardag ein har. Dei skal kun kartlegge sin heilt vanlege kvardag, og de blir saman einige om kor mange dagar de skal bruke på prosjektet.
2. Presenter
Kvar elev lagar ein presentasjon med bileta sine som dei presenterer for klassen i slutten av prosjektet.
3. Sjå film
Sjå filmen «Kvifor er klede så billige?» – Ein film om berekraftig forbruk» (1:20)
4. Diskuter
- Kor mange anledningar har vi i kvardagen til å tenkje eller velje berekraftig?
- Når er det lett å velje berekraftige løysningar? Når er det vanskeleg?
- Korleis kan vi passe på at klede og sko vi kjøper er produsert på ein berekraftig måte?
Kompetansemål
Kompetansemål for «Bærekraft i min hverdag»
Tverrfaglige temaer: Bærekraftig utvikling
Geografi
Kjerneelement: Utforsking og geografiske metodar, Naturgitt og menneskeskapt rom, Berekraftig utvikling og globalisering
Kompetansemål etter Vg1/Vg2 SF:
- reflektere over eigen ressursbruk og ressursbruken i Noreg i eit globalt og berekraftig perspektiv
- utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
Naturfag
Kjerneelementer: Jorda og livet på jorda
Kompetansemål etter Vg1 SF:
- gjøre rede for hvordan noen miljøgifter kan akkumuleres i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø
Norsk
Kjerneelementer: Tekst i kontekst, Muntlig kommunikasjon, Skriftlig tekstskaping
Kompetansemål etter Vg1 SF:
- lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner
- greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig
- kombinere virkemidler og uttrykksformer kreativt i egen tekstskaping
Samfunnskunnskap
Kjerneelementer: Undring og utforsking, Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking, Medborgarskap og berekraftig utvikling
Kompetansemål etter Vg1/Vg2:
- utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
- vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
- drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv