Fag: | Norsk, naturfag, samfunnsfag |
Aktivitet: | Gruppearbeid, klassesamtale og skriveoppgave |
Tid: | 2 x 45 minutter |
Mål med oppgåva
Denne aktiviteten skal gje elevane ei forståing av kor viktig utdanning er for ei bærekraftig utvikling. Elevane vert kjende med prinsippa for barnevenlege skuler og skal, gjennom ei biletoppgåve, prioritere ulike tiltak for at ein skule skal bli barnevenleg. Aktiviteten legg opp til samtale og refleksjon.
Oppgåva høver best dersom elevane har noko forkunnskap om tematikken og begrepa frå før. Oppgåva er del av det tverrfaglege undervisningsopplegget om Berekraft, og vi tilrår å ha vore gjennom introduksjonsøvinga Kick-off: Film, samtale og quiz som eit minimum, i tillegg til å ha jobba med ordlista.
«Child Friendly Schools» er eit viktig satsingsområde i UNICEF sitt bistandsarbeid og eksempel på eit tiltak for bærekraftig utvikling. Med utgangspunkt i FNs barnekonvensjon har ein ei heilheitleg tilnærming til barnet, og UNICEF jobbar på fleire nivå med å utvikle barnevenlege skuler i eigenskap av FNs barnefond.
Læreplanar vert utvikla og revidert i samarbeid med utdanningsmyndigheitene. Metodar og undervisningsmateriell vert utvikla og produsert i samarbeid med andre organisasjonar/partnarar, og nye skulebygg vert sett opp med luftige, lyse klasserom og gode vatn- og sanitærforhald. På denne måten vert dei barnevenlege skulene eit eksempel på bærekraftig utvikling for den enkelte og samfunnet. Les meir om barnevenlege skuler i elevteksten.
Førebuing
- Kopier bileta med overskrift og bilettekst. Rekn eitt sett bilete per gruppe på 3-4 elevar. Laminer gjerne arka så dei kan brukast fleire gonger.
- Klipp ut bileta og legg setta i kvar sin konvolutt.
- Kopier teksten «Barnevenlege skuler er bærekraftige» til elevane. Du kan eventuelt velje å presentere innhaldet sjølv for klassen.
Del 1: Tekst og samtale (45 min)
- Les teksten «Barnevenlege skuler er bærekraftige». Spør elevene kva dei synes er viktig for at ein skule skal være barnevenleg og bærekraftig.
- Kvifor er utdanning viktig for å få til ei bærekraftig utvikling? Samtale i grupper og oppsummering i plenum
- Del klassen i grupper på 3-4 elevar. Gje kvar gruppe eit sett med bilete inkl. bilettekst. Be gruppene bli enige om ei rekkefølge på bileta slik at dei legg biletet med det dei synes er viktigast for ein barnevenleg skule fyrst, det nest viktigaste som nr. 2 osv.
- Samanlikn gruppene sine resultat og be dei begrunne vala der dei har valgt ulikt.
- Kva er barnevenleg på skulen du går på? Kva er ikkje barnevenleg? Gruppene skriv svara på Post It-lappar som dei heng under ei av overskriftene «Barnevenleg» / «Ikkje barnevenleg». Gå gjennom resultata i fellesskap.
Del 2: Kva kan eg gjere? (45 min)
Be elevane velje eit av punkta under «ikkje barnevenleg» og skrive eit forslag til elevrådet, samarbeidsutvalet eller rektor om kva som kan gjerast for å rette på det. Gruppene kan t.d velje seg eit punkt og skrive eit forslag kvar. Til slutt kan heile klassen stemme over det forslaget dei vil sende.
Kompetansemål
Kompetansemål for «Barnevenlege skuler og berekraftt»
Tverrfaglige temaer: Bærekraftig utvikling, demokrati og medborgerskap
Norsk
Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Tekst i kontekst, Kritisk tilnærming til tekst
- lytte til og videreutvikle innspill fra andre og begrunne egne standpunkter i samtaler
- utforske og beskrive samspillet mellom skrift, bilder og andre uttrykksformer og lage egne sammensatte tekster
Samfunnsfag
Kjerneelement: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn
- utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
- drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
- samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land