Fag: Geografi, naturfag, norsk, samfunnskunnskap
Aktivitet: Intervju, lese fagartikkel og diskusjon
Tid: 60 - 90 minutter
Klassetrinn: Videregående

Målet med oppgåva

Målet med denne oppgåva er å reflektere over dei tre hovudområda i FNs berekraftsmål; fattigdom, ulikskap og klima.

1. Kva forbind eg med fattigdom, klima og ulikskap?

Kvar elev treng eit stort ark, gjerne A3. På arket teiknast tre sirklar utanpå kvarandre, der den største sirkelen dekkjer heile arket. Den innerste sirkelen fyller kvar elev med stikkord til spørsmåla under. Bruk gjerne ulike fargar for å markere kva stikkord som høyrer saman. 

  • Kva tenkjer eg på når eg høyrer ordet «fattigdom»?
  • Kva tenkjer eg på når eg høyrer ordet «klima»?
  • Kva tenkjer eg på når eg høyrer «ulikskap i samfunnet»?

2. Fem på gata

Gå ut av klasserommet og still dei same spørsmåla til «fem på gata». Det kan vere medelevar, lærarar eller andre som er i nærområdet. Dei skal notere ned svara og skrive stikkorda i den midtre sirkelen.

3. Les om berekraftsmåla

Gå inn på FN-sambandets artiklar om FNs berekraftsmål og les om mål 1 om fattigdom, mål 10 om ulikskap og mål 13 om klima. Noter ned minst fem stikkord som brukast i artiklane om måla for fattigdom, ulikskap og klima. Skriv orda i den ytste sirkelen.

4. Diskuter

Still ut modellane i klasserommet og bruk dei som utgangspunkt for diskusjon i klassen.

  • Korleis passar stikkorda til dei du spurde med stikkorda frå berekraftsmåla?
  • Kva er likt og kva er forskjellig?
  • Korleis trur de fattigdom, klima og ulikskap i samfunnet påverkar kvarandre?

Kompetansemål

Kompetansemål for «Fem på gata»

Tverrfaglige tema: Bærekraftig utvikling

Geografi

Kjerneelement: Utforsking og geografiske metodar, Naturgitt og menneskeskapt rom, Berekraftig utvikling og globalisering

Kompetansemål etter Vg1/Vg2 SF:

  • utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
  • utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
  • utforske og gjere greie for årsakene til ein aktuell natur- eller miljøkatastrofe og konsekvensar for menneske, samfunn og natur
  • gjere greie for årsaker til demografiske endringar og drøfte ulike levekår i forskjellige delar av verda
Naturfag

Kjerneelementer: Jorda og livet på jorda

Kompetansemål etter Vg1 SF:

  • gjøre rede for funksjonene til noen næringsstoffer og diskutere hvorfor et variert kosthold er viktig i et helse- og bærekraftsperspektiv
  • gjøre rede for hvordan klimaendringer påvirker evolusjon, utbredelse av arter og biologisk mangfold
Norsk

Kjerneelementer: Kritisk tilnærming til tekst, Muntlig kommunikasjon

Kompetansemål:

  • lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner (Vg1 SF)
  • bruke fagkunnskap og presist fagspråk i utforskende samtaler, diskusjoner og muntlige presentasjoner om norskfaglige emner (Vg3 SF)
Samfunnskunnskap

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking, Medborgarskap og berekraftig utvikling

Kompetansemål etter Vg1/Vg2:

  • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv