Fag: Geografi, naturfag, samfunnskunnskap, norsk
Tid: 45 - 60 minutter
Aktivitet: Ordsky, fagartikkel, film, diskusjon og kahoot

Oppgåva er ei enkel og morosam innføring i berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål. For å sjå læringseffekten kan quizen brukast både i starten og i slutten av timen.

1. Lag ordsky

Be elevane skrive ned tre ord som dei forbind med berekraftig utvikling. Samle orda i ei felles ordsky, eller tankekart på tavla.

2. Film: Kva er berekraftig utvikling?

Sjå filmen «Kva er berekraftig utvikling?» (3,5 min)

3. Les fagartikkel

Be elevane lese denne fagartikkelen om berekraftig utvikling.

4. Diskuter

  • Korleis passa filmen og artikkelen med det de tenkte om berekraftig utvikling frå før?
  • Kva visste de om berekraftig utvikling frå før?
  • Kva tenkjer de er kjenneteikna på eit berekraftig samfunn?
  • Kor langt er vi frå eit berekraftig samfunn her i Norge?
  • Kva tenkjer de om dei tre delane av berekraftig utvikling?
  • Kor har de høyrt om berekraftig utvikling tidligare?
  • Kva tenkjer de er dei største hindringane for berekraftig utvikling?

5. Film: Oppdrag Berekraft

Sjå filmen «Oppdrag Berekraft – ein film om verdens viktigaste kunde» (5,5 min).

6. Diskuter

  • Kva tenkjer de om filmen de nettopp såg?
  • Var det noko de reagerte på, eller de var ueinige i?
  • Kva tenkjer de er den største utfordringa vi må ta tak i for å få til ei berekraftig utvikling?
  • Kva tenkjer de er dei største hindringane for ei berekraftig utvikling?
  • Korleis kan vi som enkeltmenneske bidra til ei berekraftig utvikling?
  • Kor berekraftig er de/skulen/lokalsamfunnet?
  • Har vi eit etisk ansvar for forbruket vårt? Kvifor, kvifor ikkje?

7. Quiz om berekraftig utvikling

Quiz for vidaregående med fasit

Quiz for vidaregående utan fasit

Kompetansemål

Kompetansemål for «Hva er bærekraftig utvikling?»

Tverrfaglige tema: Bærekraftig utvikling

Geografi

Kjerneelement: Utforsking og geografiske metodar, Naturgitt og menneskeskapt rom, Berekraftig utvikling og globalisering

Kompetansemål etter Vg1/Vg2 SF:

  • utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
  • utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
  • utforske og gjere greie for årsakene til ein aktuell natur- eller miljøkatastrofe og konsekvensar for menneske, samfunn og natur
  • gjere greie for årsaker til demografiske endringar og drøfte ulike levekår i forskjellige delar av verda
Naturfag

Kjerneelementer: Jorda og livet på jorda

Kompetansemål etter Vg1 SF:

  • gjøre rede for funksjonene til noen næringsstoffer og diskutere hvorfor et variert kosthold er viktig i et helse- og bærekraftsperspektiv
  • gjøre rede for hvordan klimaendringer påvirker evolusjon, utbredelse av arter og biologisk mangfold
Samfunnskunnskap

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking, Medborgarskap og berekraftig utvikling

Kompetansemål etter Vg1/Vg2:

  • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
Norsk

Kjerneelementer: Kritisk tilnærming til tekst, Muntlig kommunikasjon

Kompetansemål:

  • lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner (Vg1 SF)
  • bruke fagkunnskap og presist fagspråk i utforskende samtaler, diskusjoner og muntlige presentasjoner om norskfaglige emner (Vg3 SF)