Fag: Geografi, naturfag, norsk, samfunnskunnskap
Klassetrinn: Videregående
Tid: 1-2 timer
Aktivitet: Klipp/lim, film og diskusjon

Målet med oppgåva

Elevane skal:

  • sjå samanhengen mellom dei ulike berekraftsmåla
  • reflektere over korleis dei påverkar kvarandre

Førearbeid

  • Del klassen inn i grupper på 3-4 elevar.
  • Skriv ut ark med berekraftssirkelen, ark med dei 17 berekraftsmåla og FNs fråsegn om menneskerettar i stikkordsform til kvar av gruppene:

Berekraftssirkelen

FNs berekraftsmål

FNs fråsegn om menneskerettar i stikkord

1. Klipp og lim

Kvar gruppe får utdelt arket med berekraftssirkelen og arket med dei 17 berekraftsmåla, og klipper ut alle dei 17 måla. Sirkelen skal dei ikkje klippe i.

Kvar gruppe skal nå lime anten mål 1 om fattigdom, mål 10 om ulikskap eller mål 13 om klima i midten av arket, for så å diskutere følgjande spørsmål: Kva andre mål må vi jobbe med for at dette målet skal nås? Plasser bitane som høyrer til målet på sirkelen etter kvar dei høyrer heime.

2. Presenter og diskuter

Presenter resultata i plenum. Bruk presentasjonane som utgangspunkt for ein samtale i klassen:

  • Korleis påverkar måla kvarandre?
  • Klarar nokre av gruppene å kome innom alle måla?
  • Kva mål er utelatne? Kvifor?

3. Les om menneskerettane

I 1948 blei FNs fråsegn om menneskerettar vedtatt. Fråsegna består av 30 artiklar som definerer kva som meinast med menneskerettane.

4. Sjå film

Sjå animasjonsfilmen «Menneskerettigheter og bærekraftig utvikling» (01:30 min):

5. Diskuter

Diskuter følgjande spørsmål:

  • Tar vi det for gitt at vi alle har like rettar?
  • Kvifor trur de filmen seier at «Skal vi nå berekraftsmåla må menneskerettane respekterast»?
  • Korleis kan vi bidra til at menneskerettane blir respektert?

Kompetansemål

Kompetansemål for «Hvilke mål henger sammen?»

Tverrfaglige temaer: Bærekraftig utvikling

Geografi

Kjerneelement: Utforsking og geografiske metodar, Naturgitt og menneskeskapt rom, Berekraftig utvikling og globalisering

Kompetansemål etter Vg1/Vg2 SF:

  • reflektere over eigen ressursbruk og ressursbruken i Noreg i eit globalt og berekraftig perspektiv
  • utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
  • gjere greie for årsaker til demografiske endringar og drøfte ulike levekår i forskjellige delar av verda
Naturfag

Kjerneelementer: Jorda og livet på jorda

Kompetansemål etter Vg1 SF:

  • gjøre rede for hvordan klimaendringer påvirker evolusjon, utbredelse av arter og biologisk mangfold
Norsk

Kjerneelementer: Kritisk tilnærming til tekst, Muntlig kommunikasjon

Kompetansemål etter Vg1 SF:

  • lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner )
  • greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig
Samfunnskunnskap

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking, Medborgarskap og berekraftig utvikling

Kompetansemål etter Vg1/Vg2:

  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
  • gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
  • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv

Ressursar

Berekraftssirkelen (pdf) 

FNs berekraftsmål (pdf)