Fag: | Norsk, Samfunnsfag |
Klassetrinn: | 8.-10. trinn |
Tid: | 45 min |
Aktivitet: | Øvelse med diskusjon, refleksjon og argumentasjon |
Introduksjon
FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Alle dei 17 måla byggjer på prinsippet om berekraftig utvikling og dei er gjensidig avhengige av kvarandre.
Viss du berre hadde tre berekraftsmål, kva ville du då valt?
Det er hovudprinsippet for denne oppgåva. Målet med oppgåva er å starte samtalen om kva ei berekraftig utvikling inneber og oppfordre til refleksjon og diskusjon i klasserommet. Oppgåva gjev elevane ei god oversikt over heilskapen i FNs berekraftsmål og er ei fin innleiiing til å diskutere korleis ulike utfordringar i samfunnet heng saman. Elevane får trent på å reflektere, argumentere, diskutere og å ta standpunkt.
Del 1: Kva er verda sine største utfordringar? (15 min)
Elevane blir sett saman to og to med eit A3-ark framfor seg kor dei skriv «Verda sine største utfordringar» i ein boks midt på arket.
- Elevane bruker fyrst eitt minutt kvar for seg, kor dei skriv ned eigne stikkord på arket.
- Para har fem minutt på å presentere eigne synspunkt, stille spørsmål og diskutere med kvarandre. Den yngste byrjar.
- Læraren er ordstyrar når dette skal presenterast i plenum etterpå, gjennom øvinga «Kva sa samtalepartnaren din?». Maks eitt minutt per person.
Del 2: Viss du berre hadde tre mål (30 min)
- Vis oversikt over berekraftsmåla på smartboard/prosjektor, eller skriv ut berekraftsmåla og gje til elevane på førehand.
- Som introduksjon til denne delen, så føreslår vi å minne elevane om dei tre delane av berekraftig utvikling (økonomi, sosiale forhold og klima/miljø) og oppfordre elevane til å velje ein kombinasjon som ivaretar desse tre delane.
- No får elevane 6 minutt til å velje seg ut «sine» tre mål. For dei som synest det er vanskeleg å velje, kan det vere lurt å byrje med å stryke ut dei måla dei meiner er minst viktige, heilt til dei sit igjen med berre tre mål.
- Elevane noterer seg argument for kvifor dei har valt akkurat desse tre måla.
- Du som lærar kan ta ein runde i klassen og setje strek ved måla etter kvart som stemmene blir avsagt. Til slutt sit du igjen med ei liste frå klassen over kva tre mål som har fått flest stemmer.
- Diskusjon i plenum: Læraren opnar opp for at dei som ynskjer det kan argumentere for sine val. Dette kan vere byrjinga på ein debatt om temaet. Vi anbefaler å ha god tid (minst 20 minutt) til denne delen av øvinga, for å sikre ein god debatt.
- Spørsmål som kan egne seg til ein slik debatt er:
- Kvifor har de valt akkurat desse måla?
- Var det nokre mål du stussa over?
- Kva effekt vil det ha på vårt samfunn at dette målet blir nådd?
- Er det lettare å nå eit anna mål dersom dette målet blir nådd?
- Kva med måla som hadde lågast oppslutning? Kvifor meiner de at desse ikkje er like viktige? Kva blir konsekvensen viss dette målet ikkje blir ivaretatt?
Kompetansemål for «Hvis du bare hadde tre mål»
Tverrfaglige tema: Bærekraftig utvikling, demokrati og medborgerskap, folkehelse og livsmestring
Samfunnsfag
Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn
- utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur
- utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd
- Beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn
Norsk
Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Tekst i kontekst, Kritisk tilnærming til tekst
- bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer
- informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium
KRLE
Kjerneelementer: Utforsking av eksistensielle spørsmål og svar, Kunne ta andres perspektiv, Etisk refleksjon
- reflektere over eksistensielle spørsmål knyttet til det å vokse opp og leve i et mangfoldig og globalt samfunn
- identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom
Andre oppgåver
Oppgåva er del av det tverrfaglege undervisningsopplegget Berekraft, og eignar seg godt i starten av eit lengre undervisningsløp om berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål.
Vi anbefaler å ha vore gjennom oppgåva Kick-off: Film, debatt og quiz om berekraft (60 min) i forkant av denne øvinga for å ha eit best mogleg grunnlag for å diskutere.
Kontakt
Har du spørsmål eller innspel til opplegget? Ta kontakt med di nærmaste regionavdeling.