Fag: | Geografi, naturfag, norsk, samfunnskunnskap |
Klassetrinn: | Videregående |
Tid: | 1-2 timer |
Aktivitet: | Gruppearbeid og diskusjon |
Oppgåva kan organiserast på mange ulike måtar, alt etter kor lang tid ein har og kva metodar de ønskjer. Vel mellom klassesamtale eller gruppeoppgåve.
Klassesamtale
Korleis vert vi påverka av store globale utfordringar, og korleis påverkar vi dei? Gå gjennom lista under, eller vel ut nokre spesifikke for å diskutere i fellesskap i klassen. Vi anbefaler å bruke aktuelle utfordringar frå nyheitsbiletet, for å gjere det lettare for elevane å gjere dei relevante koplingane.
Eksempel på globale utfordringar:
- Krigen i Syria
- USA har trekt seg frå Paris-avtalen
- Halvparten av regnskogen i Brasil er øydelagt
- Dårlege arbeidsforhold for tekstilarbeidarar i Sørøst-Asia
- Globalt utbrott av Covid-19-viruset
- 130 millionar jenter under 16 år går ikkje på skule, ifølgje UNESCO
Dersom de vel å ta for dykk dårlege løningar og arbeidsforhold for tekstilarbeidarane, kan denne filmen vere til inspirasjon:
Gruppeoppgåve
Gå saman i grupper på fire, teikne eit stort kryss på eit ark og skriv ned ei utfordring frå lista ovanfor i kvar del. Plasser dykk slik at kvar elev sit med ein del av arket framfor seg, og fyll inn stikkord for korleis vi vert påverka av denne utfordringa. Snu arket etter eitt minutt, slik at alle får ein ny trekant. Den neste skal då fylle på om dei kjem på noko meir. Gå rundt til alle har fylt ut alle fire delar. Bruk dette som utgangspunkt for diskusjon.
Kompetansemål
Kompetansemål for «Hvordan påvirkes vi av verdens utfordringer?»
Tverrfaglige tema: Bærekraftig utvikling
Geografi
Kjerneelement: Utforsking og geografiske metodar, Naturgitt og menneskeskapt rom, Berekraftig utvikling og globalisering
Kompetansemål etter Vg1/Vg2 SF:
- reflektere over eigen ressursbruk og ressursbruken i Noreg i eit globalt og berekraftig perspektiv
- utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
- utforske og gjere greie for årsakene til ein aktuell natur- eller miljøkatastrofe og konsekvensar for menneske, samfunn og natur
- gjere greie for årsaker til demografiske endringar og drøfte ulike levekår i forskjellige delar av verda
Naturfag
Kjerneelementer: Jorda og livet på jorda
Kompetansemål etter Vg1 SF:
- gjøre rede for hvordan klimaendringer påvirker evolusjon, utbredelse av arter og biologisk mangfold
Norsk
Kjerneelementer: Kritisk tilnærming til tekst, Muntlig kommunikasjon
Kompetansemål etter Vg1 SF:
- lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner
- greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig
Samfunnskunnskap
Kjerneelementer: Undring og utforsking, Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking, Medborgarskap og berekraftig utvikling
Kompetansemål etter Vg1/Vg2:
- utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
- vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
- drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv