Fag: | Geografi, naturfag, norsk, samfunnskunnskap |
Klassetrinn: | Videregående |
Tid: | 1-2 uker |
Aktivitet: | Foto, tegning og presentasjon |
Dette er ei prosjektoppgåve som kan gjennomførast på fleire måtar, alt etter kor mykje tid ein har og korleis elevane ønskjer å jobbe med prosjektet. Vel mellom gruppeoppgåve eller individuelt prosjekt. Kvart berekraftsmål har ulike delmål, som elevane bør setje seg inn i før dei byrjar å illustrere målet dei har valt.
Gruppeoppgåve
Elevane delast inn i grupper som kvar skal lage ei visuell framstilling av alle berekraftsmåla, anten gjennom foto, grafisk design, teikning, teikneserie, bildecollage – eller andre visuelle verkemiddel.
Individuelt prosjekt
Elevane får to veker til å ta bilete frå kvardagen sin som skal illustrere dei 17 måla. Nokre av bileta kan iscenesettast dersom det er vanskeleg å finne ekte motiv. Bileta kan bli stilt ut i bileteseriar, anten på nett, i klasserommet eller ein annan plass på skulen.
Kompetansemål
Kompetansemål for «Illustrer målene»
Tverrfaglige temaer: Bærekraftig utvikling
Geografi
Kjerneelement: Utforsking og geografiske metodar, Naturgitt og menneskeskapt rom, Berekraftig utvikling og globalisering
Kompetansemål etter Vg1/Vg2 SF:
- reflektere over eigen ressursbruk og ressursbruken i Noreg i eit globalt og berekraftig perspektiv
- utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
- utforske og gjere greie for årsakene til ein aktuell natur- eller miljøkatastrofe og konsekvensar for menneske, samfunn og natur
Naturfag
Kjerneelementer: Jorda og livet på jorda
Kompetansemål etter Vg1 SF:
- gjøre rede for hvordan klimaendringer påvirker evolusjon, utbredelse av arter og biologisk mangfold
Norsk
Kjerneelementer: Kritisk tilnærming til tekst, Muntlig kommunikasjon
Kompetansemål etter Vg1 SF:
- lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner )
- greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig
- kombinere virkemidler og uttrykksformer kreativt i egen tekstskaping
Samfunnskunnskap
Kjerneelementer: Undring og utforsking, Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking, Medborgarskap og berekraftig utvikling
Kompetansemål etter Vg1/Vg2:
- utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
- gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
- drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv