Fag: Norsk, samfunnsfag, naturfag
Aktivitet: Kortlek for å lære begreper, klasseaktivitet
Tid: 5-10 minutt hver runde

Innleiing

Å utvikle eit felles ordforråd er ein viktig del av undervisning om berekraftig utvikling, spesielt sidan fleire av omgrepa kanskje ikkje er ein del av elevane si daglege ordbruk. Omgrepsøvinga Loop trenar faglege omgrep på ein morosam og leiken måte.

Omgrepsøvingane er ein del av undervisningsopplegget Berekraft, som er eit tverrfagleg opplegg om berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål tilpassa elevar på mellomtrinnet i barneskulen. Oppgåva passar best når elevane har noko førekunnskap om tematikken og omgrepa frå før. Vi tilrår å ha gått gjennom øvinga Kick-off: Film og fagtekst som eit minimum, i tillegg til å ha arbeidd med ordlista.

Loop (5-10 minutt per runde)

Loop er eit enkelt, morosamt og aktiviserande kortspel for å trene på omgrep knytt til berekraft. Spelet består av 27 kort med omgrep og beskrivingar innanfor emnet berekraftig utvikling. Alle korta er delt i to. Øvst på kortet står det eit påstand eller ei beskriving av eit omgrep. Nedst på kortet finn du eit omgrep. Den øvste og den nedste delen på kortet heng ikkje saman, og målet er å finne omgrepet som passar di beskriving på eit anna kort.

Kvar elev trekkjer kvar sitt kort. Læringsaktiviteten startar med at ein elev startar med å lese forklaringa øvst på kortet. Den som meiner å ha omgrepet nedst på sitt kort, skal svare. Når han eller ho har sagt omgrepet nedst på sitt kort høgt, held han eller ho fram med å lese forklaringa øvst på sitt eige kort. På den måten vil forklaringane og omgrepa gå i ein rundgang i klasserommet i ein sirkel, før det kjem tilbake til utgangspunktet, som er der den første eleven starta.

Her er eit døme med tre kort.

Eleven med kortet til venstre startar, og seier: «Kva heiter det når alle tre i eit område blir hogde ned?»

Eleven som har kortet i midten over svarar: «Avskoging.»

Denne eleven held då fram med å seie: «Eit system av røyr. Nokon leier vatn til hus og andre blir brukt for å kvitte seg med skitent vatn, urin og avføring.»

Slik held loopen fram til alle korta er brukt opp.

Instruksjonar

Loopen kan gjennomførast fleire gonger, med ny trekning mellom kvar runde, slik at elevane får nye utfordringar.

  1. La kvar elev trekke eit kort frå ein boks eller liknande. Dersom det ikkje går opp med talet elevar i klassen kan nokon trekke to, eller to kan gå saman om eit kort.
  2. Gje beskjed til den eleven du ønsker å skal starte. Det er det same kven som startar.
  3. Loopen kan gjennomførast fleire gonger, med ny trekning mellom kvar runde, slik at elevane får nye utfordringar.

Kompetansemål

Kompetansemål for «Loop – begrepsøving om berekraft»

Tverrfaglige temaer: Demokrati og medborgerskap, Bærekraftig utvikling

Norsk

Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Språket som system og mulighet

  • lytte til og videreutvikle innspill fra andre og begrunne egne standpunkter i samtaler

Samfunnsfag

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn

  • utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
  • samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
  • drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering

Naturfag

Kjerneelementer: Teknologi, Jorda og livet på jorda

  • gjøre rede for betydningen av biologisk mangfold og gjennomføre tiltak for å bevare det biologiske mangfoldet i nærmiljøet

KRLE

Kjerneelementer: Utforsking av eksistensielle spørsmål og svar, Kunne ta andres perspektiv, Etisk refleksjon

Kompetansemål:

  • utforske og beskrive egne og andres perspektiver i etiske dilemmaer knyttet til hverdags- og samfunnsutfordringer
  • reflektere over eksistensielle spørsmål knyttet til menneskets levesett og levekår og klodens framtid