Fag: Matematikk, Samfunnsfag
Klassetrinn: 8.-10. trinn
Tid: 2 x 45 min
Aktivitet: Oppgaver med nettsidene som kilde

Oppgåvene kan anten løysast i sin heilskap i mattetimen, eller dei kan bli splitta opp tematisk og brukast i matte- og samfunnsfagtimer for eksempel. Oppgåvene er systematisert i stigande vanskegrad. For å få den mest oppdaterte statistikken, så viser alle oppgåvene til digitale kjelder og tabellar frå FN-sambandet sine nettsider. Elevar må difor ha tilgang til pc og nett for å løyse oppgåvene.

1.Fattigdom

Å leve i ekstrem fattigdom vil seie at ein lev for under 1,25 dollar (USD) kvar dag. I Tanzania bur det 59 091 392 (2018) menneske. Av dei lev cirka 49 prosent av befolkninga i ekstrem fattigdom.

a) Sjekk gjeldande valutakurs for dollar på nettet. Kor mange norske kroner er 1,25 USD?

b) Rekn ut kor mange menneske som lev i ekstrem fattigdom i Tanzania.

2. Utrydde fattigdom

Sjå tabell som viser andel menneske som lev under fattigdomsgrensa i India.

a) Med kor mange prosent sank antal fattige i 2009 samanlikna med 2011?

b) Dersom fattigdommen held fram med å synke like mykje i åra framover – kor mange år vil det ta før fattigdommen i India er utrydda?

3. Internt fordrivne

79,5 millionar menneske var på flukt ved inngangen til 2020. Av desse var 45,7 millionar på flukt i sitt eige land, også kalla internt fordrivne. Klikk på lenka under og samanlikne grafen for dei ulike åra.

a) Kva fem land hadde flest internt fordrivne ved inngangen til 2018?

b) Kor mange prosent auka antalet med i Syria fra 2013 til 2016?

c) Kva tre av dei topp fem landa har hatt den største prosentvise aukinga fra 2013 til 2016?

Graf over internt fordrivne

4. Flyktningar

a) Kor mange fleire flyktningar kom til Tyrkia enn til Norge i 2019?

b) Kva av landa på lista tok i 2019 imot ca 1/4 av det antalet som Tyrkia tok imot? Kor mange flyktningar svarar det til?

Graf over land som tek imot flest flyktningar

5. Klede

a) Sjå på lappen på innsida av gensaren eller t-skjorta di. Kva land kjem den frå, og kva stoff er den laga av?

Fleire av kleda du kjøper i Norge har vore på ei lang reise før den kjem til deg. Sjå for deg ein ullgensar som er laga i Kina. Ulla som den blei laga av kjem kanskje frå ein norsk sau, og har blitt transportert til Kina og deretter attende som gensar.

Bilde med oversikt over kostnader ved tekstilproduksjon.
Bilete med oversikt over kostnadar ved tekstilproduksjon.

b) Studer figuren, og tenk gjennom kva steg du trur ulla må ha vore igjennom på vegen frå sauen til å bli ein gensar i ditt skap.

c) Ei t-skjorte blir seld for 150 kroner i ein norsk butikk. Figuren viser kven som får pengane. Kor mange prosent får tekstilarbeidarane i løn?

d) Kor mange kroner ville tekstilarbeidarane fått i løn dersom t-skjorta kosta 250 kroner?

e) Bruk resultatet du fekk i oppgåve 1a). Kor mange t-skjorter må tekstilarbeidarane produsere kvar dag, for å kome over grensa til ekstrem fattigdom?

6. Befolkningsvekst

Sjå tabell for befolkningsveksten i India frå 1950 til 2100. Svar på oppgåvene under.

a) Kva år vil befolkningstalet vere på sitt høgaste?

b) Vel å samanlikne med for eksempel Kina. Når er befolkningstalet på sitt høgaste i Kina?

c) Kina hadde inntil nyleg større befolkning enn India. Kva år blei det endra til at India har størst befolkning?

d) Rekn ut kor mykje befolkninga har endra seg i India frå 2015 til 2100. Er det ei auking eller nedgang? Oppgje svar i prosent.

e) Rekn ut det same for Kina. Er det ei auking eller nedgang her?

7. Økologisk fotavtrykk

Økologisk fotavtrykk måler menneske sitt forbruk av naturressursar, og viser kor mykje ein gjennomsnittleg innbyggar i kvart land forbruker. Klikk på kartet under for å svare på oppgåvene.

a) Kva fem land har størst forbruk?

b) Kva plass i rekkja ligg Norge på? 

Kvar person er berekna til å bruke 1,7 hektar av jordas ressursar. Dette tilsvarer 1 jordklote.

c) Kor mange jordklotar tilsvarer forbruket til kvar person i Australia?

d) Kor mange jordklotar tilsvarer forbruket til kvar person i Norge?

Økologisk fotavtrykk

8. Togradersmålet

I år 2100 bør ikkje temperaturen på jorda vere meir enn 2°C høgare enn temperaturen som blei målt i 1850. For å nå måla må vi minske utsleppa av CO2. I 2016 hadde kvar person i Norge eit utslepp på 7,8 tonn CO2 kvar. I Norge bur det ca. 5 millionar menneske (0,005 milliarder).

a) Kor mykje utslepp hadde heile Norge ut i 2016?

b) Viss alle i verda (8 milliardar menneske) hadde like mykje utslepp som kvar person i Norge i 2016, kor stort hadde utsleppet blitt?

FNs klimapanel har rekna ut at vi må sleppe ut mindre enn 1000 milliardar tonn CO2 før 2100 for å nå togradersmålet.

c) Kor mange år ville det tatt for jorda å bruke opp 1000 milliardar tonn CO2 viss alle hadde like mykje utslepp som Norge i 2016?

9. Jorda

Jorda er ei kuleforma planet med ein radius på 6 371 km.

a) Rekn ut jordas overflateareal. Rund av og oppgje svaret på standardform.

6 prosent av jordas areal består av tropisk regnskog. Regnskogen har mykje å seie for jordas klima og temperatur.

b) Kor mange kvadratkilometer av jorda er regnskog?

10. Regnskogen

Kvart femte sekund blir det hogd ned regnskog på størrelse med ein fotballbane.

a) Rekn ut kor mange fotballbaner med regnskog som forsvinn i løpet av eitt døgn. 

Kvart år forsvinn 92 000 km2 av den tropiske regnskogen. Ein fotballbane er 68 x 105 m.

b) Rekn ut arealet av fotballbanen og gjer om svaret til kvadratkilometer.

c) Kor mange fotballbaner forsvinn frå regnskogen kvart år?

Kartet under viser alle lands overflateareal. Trykk på kartet for å gjere oppgåvene.

d) Kan du finne eit land som har nesten same areal som området som forsvinn frå regnskogen (92 000 km2)?

e) Finn arealet av Norge. Kor mange prosent er 92 000 km2 av Norges areal?

Areal

11. Utrydningstruga dyr

Klimaendringane påverkar dyrelivet på jorda. Sidan 1970-talet er antal pattedyr, fuglar, fisk, reptil og amfibier i verda blitt halvert. Pandaen har lenge vore høgt på lista over utrydningstruga dyr. Heldigvis har antalet auka dei siste 15 åra. Etter ei auking på 16,8 prosent rekna ein i 2015 med at det fanst 1864 pandaer totalt.

a) Kor mange pandaer var det før aukinga?

12. Temperatur

Ein av konsekvensane av at klimaet endrar seg er temperaturen på jorda. Begge diagramma nedanfor viser korleis temperaturen i Norge har utvikla seg dei siste 100 åra.

a) Kva av diagramma viser størst auking i temperaturen?

b) Kva er skilnadene mellom diagramma?

Diagram 1:

Diagram som viser klimaendringer.
Diagram som viser klimaendringar.

Diagram 2:

Diagram som viser klimaendringer.
Diagram som viser klimaendringar.

13. Straum

Straumen vi bruker målast i kilowattimer, forkorta kWh (kilowatt per hour). Ei 40 watts ljospære som lyser i 1 time, bruker 40 wattimer (Wh) eller 0,04 kWh, fordi 1000 wattimer= 1 kilowattime.

a) Kor mange kW bruker pæra på tre timer?

b) Eit hus har 20 lampar, alle med 40 watts ljospærer. Kor mange kW bruker lampane på 24 timer?

Formelen nedanfor kan brukes for å finne forbruket for ei 40 watts ljospære (0,04 kW) etter x antal timer.

f (x) = 0,04 x , der x står for antal timer pæra lyser.

c) Rekn ut x= 30

d) Kan du rekne ut kor stort forbruket blir etter 30 dagar?

e) Grafen nedanfor viser forbruket over tid. X-aksen: antal timer, y-aksen: antal kW. Kor stort er forbruket etter 30 timer? Stemmer svaret med svaret du fekk i c)?

Diagram som viser forbruk over tid.
Diagram som viser forbruk over tid.

14. Slukk ljoset!

«Earth hour» er ein av dei største klimakampanjane i verda. Den markerast ein gang i året over heile verda, ved at dei som deltar skrur av alt elektronisk utstyr i ein time for å spare miljøet. Tabellen under viser kor mange land som har blitt med sidan fyrste gong i 2007 og til 2016.

Tabell med oversikt over deltakere i Earth Hour.
Tabell med oversikt over deltakarane i Earth Hour.

a) Teikn ein graf med dataene frå tabellen. Studer grafen din. Når auka antal deltakarland mest?

b) Tenk på heimen din. Omtrent kor mange lampar har dykk i huset? Anta at alle lampane bruker 40 watts ljospærer. Kor mange kW brukast på ein time?

I 2015 var det ca 2 316 600 husstandar i Norge. Anta at alle har like mange lampar som dykk har heime, og at alle deltok på Earth Hour.

c) Kor mange kilowattimer ville heile Norge spart?

Kompetansemål til Reale nøtter

Tverrfaglige tema: Demokrati og medborgerskap

Matematikk

Kjerneelement: Utforsking og problemløysing, Modellering og anvendingar, Resonnering og argumentasjon, Matematiske kunnskapsområde

  • lage og løyse problem som omhandlar samansette måleiningar (8. trinn)
  • lage, løyse og forklare likningar knytte til praktiske situasjonar (8. trinn)
  • beskrive, forklare og presentere strukturar og utviklingar i geometriske mønster og i talmønster (9. trinn)
  • tolke og kritisk vurdere statistiske framstillingar frå media og lokalsamfunnet (9. trinn)

Andre oppgåver

Oppgåva er del av det tverrfaglege undervisningsopplegget Berekraft, som inkluderer fleire andre læringsaktivetetar som kan kombinerast med desse oppgåvene.

Kontakt

Har du spørsmål eller innspel til opplegget? Ta kontakt med di nærmaste regionavdeling.

Ressursar

Reale nøtter: Til læreren (pdf)