Fag: | Geografi, naturfag, norsk, samfunnsfag, Religion og etikk |
Klassetrinn: | Videregående |
Tid: | 1-2 timer |
Aktivitet: | Film, lesing og diskusjon |
Målet med oppgåva
Elevane skal:
- forstå og konkretisere samspelet i dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling; sosiale forhold, økonomi og klima og miljø.
1. Finn ei samfunnsutfordring
Elevane går saman i par og noterer ned ei konkret samfunnsutfordring dei kjem på, anten lokal, nasjonal eller global. Bruk nokre minutt på eit par eksempel i plenum. Eksempla kan vere: dårleg luftkvalitet i storbyane, lovlege skatteparadis, plast i havet, aukande antal papirlause migrantar i Europa.
Filmen nedanfor nemner fleire utfordringar og kan vere til inspirasjon:
2. Definer perspektiv
Dei neste ti minutta skal elevane prøve å definere dei økonomiske, sosiale og miljømessige perspektiva i den konkrete samfunnsutfordringa.
De kan eventuelt øve på det ein runde først ved å sjå filmen «Kvifor er klede så billige? – Ein film om berekraftig forbruk» (1:20 min):
Diskuter deretter:
- Kva er dei økonomiske perspektiva på låg løn og dårlege arbeidsvilkår for tekstilarbeidarar i andre land?
- Kva er dei sosiale perspektiva?
- Kva er dei miljømessige perspektiva?
- Korleis påverkar dette oss?
3. Diskuter
La nokre av para fortelje om sine eksempel i klassen. Bruk eksempla frå klassen som utgangspunkt for ein felles samtale om korleis vi tenkjer rundt samfunnsutfordringar:
- Er det slik de er vant til å tenkje om utfordringar?
- Korleis var det å kome på dei tre sidene ved saka?
- Korleis plar media å presentere desse utfordringane?
4. Sjå film
Sjå filmen «Menneskerettar og berekraftig utvikling» (1:20 min):
5. Les om menneskerettar
I 1948 vedtok FN den internasjonale fråsegna om menneskerettar. Fråsegna består av 30 artiklar som definerer kva som meinast med menneskerettar.
6. Svekka menneskerettar?
Kvar gruppe tar utgangspunkt i samfunnsutfordringa dei har jobba med, og finn ein eller fleire menneskerettar som blir svekka på grunn av denne utfordringa. Del funna med resten av klassen.
Kompetansemål
Kompetansemål for «Tre sider av samme sak»
Tverrfaglige temaer: Bærekraftig utvikling
Geografi
Kjerneelement: Utforsking og geografiske metodar, Naturgitt og menneskeskapt rom, Berekraftig utvikling og globalisering
Kompetansemål etter Vg1/Vg2 SF:
- reflektere over eigen ressursbruk og ressursbruken i Noreg i eit globalt og berekraftig perspektiv
- utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
- gjere greie for årsaker til demografiske endringar og drøfte ulike levekår i forskjellige delar av verda
Naturfag
Kjerneelementer: Jorda og livet på jorda
Kompetansemål etter Vg1 SF:
- gjøre rede for hvordan noen miljøgifter kan akkumuleres i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø
- gjøre rede for hvordan klimaendringer påvirker evolusjon, utbredelse av arter og biologisk mangfold
Norsk
Kjerneelementer: Kritisk tilnærming til tekst, Muntlig kommunikasjon
Kompetansemål etter Vg1 SF:
- lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner
- greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig
Samfunnskunnskap
Kjerneelementer: Undring og utforsking, Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking, Medborgarskap og berekraftig utvikling
Kompetansemål etter Vg1/Vg2:
- utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
- gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
- drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
Religion og etikk
Kjerneelementer: Kunne ta andres perspektiv, Etisk refleksjon
Kompetansemål etter Vg3:
- drøfte menneskeverd og naturens egenverdi i møte med teknologisk utvikling
- ta andres perspektiv og håndtere meningsbrytning om religion, livssyn og verdispørsmål