Fag: Norsk, samfunnsfag, naturfag
Aktivitet: Kortlek for å lære begreper, klasseaktivitet
Tid: 45 minutter

Oppgåva passar best når elevane har noko førekunnskap om temaet og omgrepa frå før.

Begrepsøvingane er ein del av undervisningsopplegget Berekraft, som er eit tverrfagleg opplegg om berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål tilpassa elevar på mellomtrinnet i barneskulen. Oppgåva passar best når elevane har noko førekunnskap om temaet og omgrepa frå før. Me tilrår å ha gjennomført øvinga Kick-off: Film, samtale og quiz om berekraft som eit minimum, i tillegg til å ha jobba med ordlista.

Aktiviteten går ut på at eleven skal skildra eit bestemt omgrep utan å bruka dei orda som kanskje er mest naturlege å ty til. Det kan verka lite logisk å tvinga elevane til å ikkje bruke dei orda som det er mest naturleg å nytta, men det fører ofte til at elevane må tenka meir aktivt over meininga av omgrepet når dei ikkje kan støtta seg til dei vanlegaste orda. Å arbeida med alternative ord og uttrykk er ein enkel måte å utvide ordforrådet på og vidareutvikle grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter i klassen.

Øvinga kan gjennomførast på mange ulike måtar, alt etter kva førekunnskapar elevane har frå før om temaet.

Del 1: Bli kjent med omgrepa (15 min)

  1. Del inn elevane i par, to og to, og gje kvar elev eitt kort.
  2. Be elevane forklara omgrepet til partnaren sin ved hjelp av dei "forbodne orda" som støtte.
  3. Bytt kort og send korta vidare til neste gruppe. Gjer dette heilt til alle korta har gått gjennom heile klassen.
  4. Bruk nokre minutt på å prate med elevane om det var nokre ord som var vanskelege å forstå eller som virka uklare.

Del 2: Gjett omgrepet (10 min)

  1. Saml alle korta i ei bunke i handa di.
  2. Bruk støtteord til å skildre utvalde omgrep frå kortbunken, som elevane skal gjetta. Kor mykje tid og kor mange kort du brukar på denne delen, kjem an på kor ukjente omgrepa er for elevane frå før.

Del 3: Forbodne ord (15-20 min)

  1. Del ut eitt kort til kvar elev.
  2. Elevane skal no forklare omgrepet til partnaren sin utan å bruke dei "forbodne orda" eller orda som er i sjølve omgrepet.
  3. Kvart par får fem minutt til å skrive ned ei forklaring av omgrepa, som skal lesast høgt etterpå. Forklaringa skal vare i maks 15 sekund, så det er viktig å vere kort og konsis.
  4. Som ein motivasjonsfaktor kan du leggja til at kvar par vil få eitt poeng for kvar av dei andre para som gjetter rett på deira forklaring.
  5. Eitt og eitt par les opp si forklaring, og dei andre para skal skrive ned det dei trur er det rette omgrepet eller uttrykket, utan å seie det høgt.
  6. Når alle para er ferdige med opplesinga, får dei fasiten.

Forbodne ord – oppgaver (pdf)

Munnleg variasjon

Du kan òg bruke omgrepa på desse korta saman med orda nedst på korta i Loop 1 og Loop 2 i ei munnleg aktivitet. I denne aktiviteten ser ein bort frå dei forbodne orda og skildringane av omgrep på Loop-korta.

To lag spelar mot kvarandre. Dei deler korta likt. Korta vert lagde med framsida ned. Ein frå lag A trekker første kortet og skildrar ordet/omgrepet på kortet utan å bruke ordet eller delar av det. Dei andre gjetter kva for eit ord eller omgrep det er. Gjettar dei rett, får laget trekkje eit nytt kort. Oppgåva med å skildre orda sirkulerer mellom deltakarane. Etter eitt minutt er det Lag B sin tur i eitt minutt, deretter lag A osv. Laget som først har gjetta alle korta i sin bunke, har vunne.

Kompetansemål

Kompetansemål for «Forbodne ord – begrepsøving om berekraft»

Tverrfaglige temaer: Demokrati og medborgerskap, Bærekraftig utvikling

Norsk

Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Språket som system og mulighet

  • lytte til og videreutvikle innspill fra andre og begrunne egne standpunkter i samtaler

Samfunnsfag

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn

  • utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
  • samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
  • drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering

Naturfag

Kjerneelementer: Teknologi, Jorda og livet på jorda

  • gjøre rede for betydningen av biologisk mangfold og gjennomføre tiltak for å bevare det biologiske mangfoldet i nærmiljøet

KRLE

Kjerneelementer: Utforsking av eksistensielle spørsmål og svar, Kunne ta andres perspektiv, Etisk refleksjon

Kompetansemål:

  • utforske og beskrive egne og andres perspektiver i etiske dilemmaer knyttet til hverdags- og samfunnsutfordringer
  • reflektere over eksistensielle spørsmål knyttet til menneskets levesett og levekår og klodens framtid