Fag:: Norsk, Samfunnsfag
Klassetrinn: 8.-10. trinn
Tid: Variabelt
Aktivitet: Begrepsøvelse, kortspill, ordlek

Aktiviteten går ut på at eleven skal beskrive eit bestemt omgrep utan å bruke dei orda som kanskje er mest naturleg å bruke. Å arbeide med alternative ord og uttrykk er ein enkel måte å utvide ordforrådet på og vidareutvikle grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter i klassen.

Oppgåva er inspirert av det kjende brettspelet «Alias», og er lett å bruke som ein konkurranse i klasserommet.

Øvinga kan gjennomførast på mange ulike måtar, alt etter kva førekunnskapar elavane har frå før om tematikken.

Instruksjon

Del 1: Bli kjend med omgrepa (15 min)

  1. Del inn elevane i par på to og to, og gje alle elevane eitt kort kvar.
  2. Be elevane forklare omgrepet til partnaren sin med dei «forbodne orda» som støtte.
  3. Byt kort og send korta vidare til neste gruppe. Gjer dette heilt til alle korta har vore gjennom heile klassen.
  4. Bruk nokre minutt på å snakke med elevane om det var nokre ord som var vanskelege å forstå eller som verka uklare.

Del 2: Gjett omgrepet (10 min)

  1. Samle inn alle korta i en bunke i handa.
  2. Bruk støtteord til å beskrive utvalde omgrep frå kortbunken, som elevane skal gjette. Kor mykje tid og kor mange kort du bruker på denne delen, kjem an på kor ukjende omgrepa er for elevane frå før.

Del 3: Forbodne ord (15-20 min)

  1. Del ut eitt kort kvar til alle elevane.
  2. Elevane skal no forklare omgrepet til sin partnar utan å bruke dei «forbodne orda» eller orda som er i sjølve omgrepet.
  3. Kvart par får fem minutt til å skrive ned ei forklaring av omgrepa som skal lesast høgt etterpå. Forklaringa skal vare i maks 15 sekund, så det er viktig å vere kort og konsis.
  4. Som ein motivasjonsfaktor kan ein leggje inn at kvart par vil få eit poeng for kvar av dei andre para som gjettar riktig på deira forklaring.
  5. Eitt og eitt par les opp si forklaring og dei andre para skal skrive ned det dei trur er det riktige omgrepet eller uttrykket, utan å seie det høgt.
  6. Når alle para er ferdige med opplesinga får dei fasiten.

Munnleg variasjon

Du kan også bruke omgrepa på desse korta saman med orda nedst på korta i Loop 1 og Loop 2 i ein munnleg aktivitet. I denne aktiviteten ser ein vekk frå dei forbodne orda og beskrivingane av omgrepa på Loop-korta.

To lag spelar mot kvarandre. Dei delar korta likt. Korta blir lagt med forsida ned. Ein på lag A trekk fyrste kort og forklarar ordet/omgrepet på kortet utan å bruke ordet eller delar av det. Dei andre gjettar kva ord eller omgrep det er. Gjettar dei rett, får laget trekke nytt kort. Oppgåva med å forklare ord sirkulerer mellom deltakarane. Etter eitt minutt er det Lag B sin tur i eitt minutt, deretter lag A osv. Laget som fyrst har gjetta alle korta har vunnet.

Kompetansemål for begrepsøvelser om bærekraft

Tverrfaglige temaer: Demokrati og medborgerskap, Bærekraftig utvikling

Samfunnsfag

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn

  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn

Norsk

Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Språket som system og mulighet

  • bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer

Andre oppgåver

Oppgåva er del av undervisningsopplegget Berekraft, som er eit tverrfagleg opplegg om berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål tilpassa ungdomsskulen.

Kontakt

Har du spørsmål eller innspel til opplegget? Ta kontakt med di nærmaste regionavdeling.

Ressursar

Forbudte ord - oppgaver (pdf)