Fag: Norsk, samfunnsfag, naturfag
Tid: 45 minutter
Aktiviteter: Kortlek for å lære begreper, klasseaktivitet

Elevane blir kjende med sentrale ord og omgrep innan bærekraftig utvikling, og oppdagar skilnader og likheiter mellom desse omgrepa.

Omgrepsøvingane Loop, Forbudte ord og En må ut er korte aktivitetar som trenar på faglege omgrep på ein morosam og leikande måte.

Omgrepsøvingane er ein del av undervisningsopplegget Berekraft, som er eit tverrfagleg opplegg om bærekraftig utvikling og FNs bærekraftsmål tilpassa elevar på mellomtrinnet i barneskolen. Oppgåva passar best når elevane har noko førehandskunnskap om temaet og omgrepa frå før. Vi tilrår å ha gjennomført øvinga Kick-off: Film, samtale og quiz om berekraft

Kven skal ut? (45 min)

Dette er ei øving som går ut på å finne det biletet som skil seg ut. Den engelske versjonen heiter «Odd one out». Dette inneber at elevane må finne ut kva som karakteriserer eit fenomen, anten det er ein gjenstand, eit bilete, ei handling eller eit ord. Dette er viktig for å utvikle og forstå omgrep.

Elevane får fleire sett med bilete som illustrerer tema knytta til berekraftig utvikling. Det er til saman 18 biletegrupper som skal delast ut til elevane i par eller grupper. Rekn med omtrent 5 minutt per biletegruppe.

Kvart sett inneheld fire bilete der tre høyrer saman, og eitt skil seg ut. Elevane skal plukke ut det som skil seg ut og forklare kvifor. Merk deg at det like gjerne kan vere det positive som det negative som skal ut. Ein styrke ved aktiviteten er at elevane må grunngi vala dei gjer. I utgangspunktet kan det vere andre løysingar enn dei som fasiten føreslår.

Instruksjonar

  1. Forklar elevane at dei skal jobbe i grupper for å trene på viktige omgrep innanfor temaet berekraftig utvikling.
  2. Del klassen inn i par eller grupper, og del ut kopioriginalen med bilete. Det er til saman 18 biletegrupper som skal delast mellom parene/gruppene. Rekn med omtrent fem minutt per biletegruppe.
  3. Forklar oppgåva for elevane. «Dere har x biletegrupper føre dykk. Kvar gruppe har eit bilete som ikkje passar saman med dei andre. Dere har 10-15 minutt til å jobbe saman og bestemme dykk for kva bilete som ikkje høyrer til. Sett ein strek over bilete de bestemmer dykk for. De må kunne forklare kvifor de har valt slik.»
  4. La kvar elev, kvart par eller kvar gruppe presentere forslaget sitt til løysing. Ver open for fleire mogelege løysingar blant elevane. Oppsummer aktiviteten saman med klassen.

Tilpassing/differensiering

Nokre elevar vil kanskje trenge konkrete døme på kva som skal gjerast. Bruk første biletegruppe som døme, og løys oppgåva i fellesskap i klassen før elevane går laus på oppgåvene i grupper.

Kompetansemål

Kompetansemål for «Kven skal ut? Begrepsøving om berekraft»

Tverrfaglige temaer: Demokrati og medborgerskap, Bærekraftig utvikling

Norsk

Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Språket som system og mulighet

  • lytte til og videreutvikle innspill fra andre og begrunne egne standpunkter i samtaler

Samfunnsfag

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn

  • utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
  • samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
  • drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering

Naturfag

Kjerneelementer: Teknologi, Jorda og livet på jorda

  • gjøre rede for betydningen av biologisk mangfold og gjennomføre tiltak for å bevare det biologiske mangfoldet i nærmiljøet

KRLE

Kjerneelementer: Utforsking av eksistensielle spørsmål og svar, Kunne ta andres perspektiv, Etisk refleksjon

Kompetansemål:

  • utforske og beskrive egne og andres perspektiver i etiske dilemmaer knyttet til hverdags- og samfunnsutfordringer
  • reflektere over eksistensielle spørsmål knyttet til menneskets levesett og levekår og klodens framtid