Fag: Norsk, Samfunnsfag
Klassetrinn: 8.-10. trinn
Tid: 4 timer ( 2 skoletimer + eventuell reisevei)
Aktivitet: Presentasjon, framføring

Introduksjon

Korleis undervise om berekraftig utvikling til barn? Denne øvinga går ut på at elevar i ungdomsskulen skal førebu ein presentasjon om berekraftig utvikling til elevar på 4.-7. trinn.

Gjennom å undervise yngre barn om berekraftig utvikling, får dei eldste elevane sjølv ei betre forståing for temaet. I tillegg får dei trening i å formidle komplekst fagleg innhald til ei yngre målgruppe. Og dei får eit variert fagleg ordforråd knytta til tematikken, då dei må bruke andre ord, omgrep og forklaringsmåtar. Øvinga gjer også god trening i samarbeid og presentasjonsteknikk.

Er det kun ei lita gruppe som gjer denne oppgåva, så kan dei presentere for ein heil klasse. Er det fleire grupper som skal presentere, kan dei velje å fordele undervisninga mellom seg og ha fleire korte presentasjoner for den same klassen. Alternativt kan dei presentere for ulike klasser på same trinn. Vi anbefaler at du som lærar koordinerer alt det praktiske rundt besøket.

Del 1: Bli kjend med berekraftig utvikling (30 min)

Klassen delast inn i grupper på 3-4 elevar. Sjå animasjonsfilm og fagtekst om berekraftig utvikling som er laga spesielt for 7. klassingar. Filmen kan anten visast på storskjerm i klassen, eller kvar gruppe kan sjå den saman.

Del 2: Samle kunnskapen (15 min)

Denne øvinga er med på å samle kunnskapen dei ulike elevane i gruppa har, som kan vere nyttig før elevane skal i gang med presentasjonen.

Alle gruppene sit saman rundt eit bord med eit firedelt ark i midten, som på figuren under. Elevane skal fylle inn kvar trekant med dei same overskriftene som figuren viser, og plassere seg slik at alle har ein trekant framfor seg. Alle må ha noko å skrive med.

  1. Når læraren seier «start» byrjar elevane å skrive stikkord eller korte setningar i sin fjerdedel av arket, som dei assosierer med sitt omgrep.
  2. Elevane skriv i eitt minutt, til læraren seier «snu», og snur deretter arket med klokka, slik at alle får eit nytt omgrep i ein ny trekant framfor seg. Dei bruker eit nytt minutt til å skrive stikkord/setningar som dei assosierer med det nye omgrepet.
  3. Denne prosessen blir gjenteke til alle i gruppa har skrive ned sine assosiasjoner til alle dei fire omgrepa som står på arket.
  4. Når dei er ferdige ber læraren elevane sjå kor mykje kunnskap gruppa har om berekraftig utvikling til saman.
  5. Læraren kan be nokre av gruppene lese omgrepa opp høgt for klassen, eller han/ho kan be gruppene byte ark.

Del 3: Lag presentasjon (cirka 60 min)

Elevane skal lage ein presentasjon om berekraftig utvikling på 8-10 minutt tilpassa ein barneskuleklasse. Hugs å setje av nokre minutt til spørsmål.

  • Alle på gruppa skal vere aktive under planleggjing og gjennomføring av presentasjonen.
  • Ord og uttrykk i presentasjonen skal vere tilpassa elevar i barneskulen. Hugs at videoen og teksten de nytta under førebuinga er laga for 7. trinn. Dei dykk skal snakke for kan vere enda yngre.
  • Ver kreative! Prøv å variere undervisninga, ved å legge til rette for at elevane lærar på ulike måtar. Det betyr at de ikkje berre treng å snakke om kva berekraftig utvikling er, men også forklare det gjennom bilete, teikning, ein filmsnutt, eller andre verkemiddel.

Del 4: Undervisning (45 min)

Hald ein presentasjon om berekraftig utvikling som varar i cirka 10 minutt. Legg inn 5 minutt på slutten av timen til spørsmål.

Tips til kva du bør tenkje på når du held presentasjonen:

  • Bruk tydeleg stemme, snakk sakte og høgt nok til at alle får alt med seg
  • Sjå ofte på publikum
  • Ta gjerne nokre korte pausar, slik at publikum får samla tankane
  • Held tida
  • Prøv å variere presentasjonen på ulike måtar. Ver kreativ!

Hald gjerne presentasjonene dykkar for dei andre i gruppa før dykk møter klassen, og gje kvarandre tilbakemeldingar.

Del 5: Etterarbeid (15 min)

For at elevane skal få mest mogleg ut av øvinga, så kan det vere nyttig å ta nokre minutt til å reflektere over oppgåva i plenum eller individuelt.

Nokre forslag til refleksjonsspørsmål:

  1. Korleis var det å undervise om berekraftig utvikling?
  2. Kva synest du at du meistra best?
  3. Kva opplevde du som mest utfordrande med øvinga?
  4. Har du fått tydeleg tilbakemelding frå læraren og medelevane på kva du gjorde bra og kva du kunne ha gjort annleis?
  5. Fortell om noko som har vore positivt/lærerikt ved undervisninga i dette temaet.
  6. Har du eit tips til andre som skal undervise i temaet for barneskuleelevar?

Kompetansemål for Lærer for en dag

Tverrfaglige temaer: Bærekraftig utvikling

Samfunnsfag

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn, Identitetsutvikling og fellesskap

  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn

Norsk

Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Språket som system og mulighet

  • bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer

Andre oppgåver

Oppgåva er ein del av undervisningsopplegget Berekraft, som er eit tverrfagleg opplegg om berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål tilpassa ungdomskulen.

Kontakt

Har du spørsmål eller innspel til opplegget? Ta kontakt med di nærmaste regionavdeling.