Fag: Norsk, Samfunnsfag
Klassetrinn: 8-10. trinn
Tid: Variabelt
Aktivitet: Begrepsøvelse, kortspill, ordlek

Introduksjon

Å utvikle eit felles ordforråd er ein viktig del av undervisning om berekraftig utvikling, spesielt sidan fleire av omgrepa kanskje ikkje er del av elevane sitt daglege ordforråd.

Med denne øvinga lærar elevane å repetere fag- eller temaspesifikke omgrep, og å bruke språket aktivt. Alle får delta, og det er lett å legge inn element av konkurranse ved å ta tida og slå tidlegare rekordar.

Det er lurt om du som lærar har lese gjennom loop-oppgåvene under overskrifta Ressursar, og laga ein fasit for deg sjølv på førehand.

Instruksjon

Loopen består av 27 kort med omgrep og beskrivingar knytta til berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål. Alle korta er delt i to. Øvst på kortet finn du eit utsagn eller ei beskriving av eit omgrep. Nedst på kortet finn du eit omgrep. Øvste og nedste del på kortet heng ikkje saman, og målet er å finne omgrep som passar di beskriving på eit anna kort.

  1. La kvar elev trekke eit kort frå ein boks eller lignande. Dersom det ikkje går opp med antalet elevar i klassen, kan nokon trekke to, eller to kan gå saman om eit kort.
  2. Aktiviteten startar med at ein elev les opp forklaringa øvst på kortet sitt. Det er det same kven som byrjar.
  3. Eleven som meiner å ha omgrep som passar til forklaringa nedst på sitt kort skal svare ved å lese opp omgrepet høgt. Er det riktig, så kan same elev halde fram med å lese forklaringa som er øvst på sitt kort.
  4. Loopen kan gjennomførast fleire gonger, med ny trekning mellom kvar runde, slik at elevane får nye utfordringar.

På denne måten vil forklaringane og omgrepa gå på rundgang i klasserommet i ein sirkel, før den kjem attende til utgangspunktet, som er der den fyrste eleven starta.

Kompetansemål for begrepsøvelser om bærekraft

Tverrfaglige temaer: Demokrati og medborgerskap, Bærekraftig utvikling

Samfunnsfag

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn

  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn

Norsk

Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Språket som system og mulighet

  • bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer

Andre oppgåver

Begrepsøvingane er del av undervisningsopplegget Berekraft, som er eit tverrfagleg opplegg om berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål tilpassa ungdomsskulen.

Kontakt

Har du spørsmål eller innspel til opplegget? Ta kontakt med di nærmaste regionavdeling.

Ressursar

Loop 1 - oppgåver (pdf)

Loop 2 - oppgåver (pdf)