Fag: Norsk, Samfunnsfag
Klassetrinn: 8.-10. trinn
Tid: Varierende, men minimum 6 timer
Aktivitet: Prosjektoppgave med stasjonsundervisning

Introduksjon

Dette er ei prosjektoppgåve kor elevane i grupper på 2-3 elevar fordjupar seg i eitt eller fleire av FNs berekraftsmål, for så å presentere det til andre elevar gjennom stasjonsundervisning.

Elevane får trening i å fordjupe seg i eit breitt samfunnsfagleg tema, for deretter å trekke ut det dei meiner er viktigast å formidle til sine medelevar. Dei får også trening i å presentere og arbeide med kunstneriske og kreative uttrykk.

Førebuing

Læraren fordeler elevane på cirka åtte grupper for å få relativ jamn fordeling mellom elevar og tema. Vi anbefaler å ha små grupper på 2-3 elevar for å sikre at alle er aktive. Nokre av elevane vil måtte jobbe med fleire mål som høyrer saman. Gje alle gruppene eit nummer, slik at det blir lettare å organisere i klasserommet.

Elevane skal førebu eit framlegg som skal presenterast gjennom stasjonsundervisning. Les meir om korleis dette kan gjennomførast i praksis under punktet «Presentasjon» i instruksjonane.

Dei åtte temaa elevane skal fordelast på er:

  1. Fattigdom og svolt (mål 1 og 2)
  2. Helse, utdanning og vatn (mål 3, 4 og 6)
  3. Klima og energi (mål 7 og 13)
  4. Skog og hav (mål 14 og 15)
  5. Arbeid, produksjon og forbruk (mål 8 og 12)
  6. Fred og rettferd (mål 16)
  7. Berekraftig samfunnsutvikling (mål 9 og 11)
  8. Likestilling og ulikskap (mål 5 og mål 10)

Viss det er mange elevar og du treng fleire tema, kan nummer 2 og 3 delast eller du kan leggje til temaet Partnarskap, som tar for seg mål 17. Dersom det er få elevar, kan 3 og 4 slåast saman og/eller 5 og 7.

Del 1: Fagleg fordjupning

Elevane går inn på FN-sambandet sine nettsider om berekraftsmåla for å finne grunnleggjande informasjon om måla dei skal fordjupe seg i. Spesielt delmåla kan vere nyttige å sjå på for å få forståing for innhaldet i måla. Søk gjerne på nett etter aktuelle nyheiter om måla dei jobbar med.

Del 2: Førebu presentasjon

Etter at elevane har fordjupa seg i dei ulike måla, skal gruppa planleggje eit framlegg eller ein presentasjon på 10 minutt av sine berekraftsmål. Det kan vere lurt å gje elevane litt tid til å jobbe med dette både på skulen og heime, slik at dei får øvd på framlegget før det skal presenterast for medelevane.

Det varierer frå klasse til klasse kor lang tid det tar å lage og førebu ein slik presentasjon, men vi anbefaler å setje av minimum fire timer til denne delen. Det er viktig at alle elevane i gruppa har ein rolle i presentasjonen, anten det er i førebuinga eller i sjølve presentasjonen.

Nokre rettleiiande spørsmål som kan hjelpe elevane med innhald til presentasjon:

  • Kva går målet og delmåla ut på?
  • Kva er status på desse temaa i verda i dag?
  • Korleis kan vi jobbe med dette i Norge?
  • Kven har ansvar for å bidra til at målet blir nådd?
  • Kva kan hindre at vi når målet innan 2030?

Elevane bestemmer sjølv kva presentasjonsform dei ynskjer, og blir oppfordra til å vere kreative i formidlinga. Formålet er å vekke nysgjerrigheit, merksemd og kjensler. Eksempler på presentasjonsformer som kan brukast er:

  • Modell laga av papir, papp eller andre materiale
  • Kortfilm som kan presenterast på pc
  • Multimodal presentasjon (med bilete, video, infografikk e.l.)
  • Skodespel (med passive eller aktive tilhøyrarar, f. eks. arrangere ein debatt)
  • Dikt
  • Fotocollage
  • Teikneserie

Fleire uttrykk kan gjerne brukast i same presentasjon. For eksempel kan ein elev skrive dikt, mens ein annan tar bilete. Eller tre kan gå saman om å lage ein kortfilm.

Del 3: Presentasjon

Sett saman pultane i grupper. Du treng halvparten så mange gruppebord som du har grupper. Viss du har åtte grupper, treng du kun fire gruppebord. Gje alle gruppeborda tydelege nummer, slik at det er lett å identifisere kva grupper som sit på kva bord. Ei partalsgruppe deler bord med ei oddetalsgruppe. Legg ut ei oversikt over undervisningsøkta saman med oppgåvene elevane skal arbeide med på borda.

Partalsgruppene byrjar med presentasjonane, med oddetalsgruppene som publikum. Gruppe 1 byrjar hos gruppe 2, gruppe 3 byrjar hos gruppe 4 osv. Når presentasjonane er ferdig etter cirka 10 minutt, så skal publikumsgruppene bevege seg til neste gruppe. Gruppe 1 går vidare til gruppe 4. Gruppe 7 går til gruppe 2 og så vidare. Dette gjentar seg til alle oddetalsgruppene har vore innom alle partalsgruppene, altså fire gonger. Ideelt sett har det no gått 40 minutt, men det er lurt å setje av ein time.

Etter ein kort pause, så kan oddetalsgruppene gjere seg klare til å presentere. Gjenta same runde som sist til alle elevane i klassen har fått presentert sitt emne fire gonger og har høyrt alle dei andre sine presentasjoner ein gong.

Kompeansemål for Mitt bærekraftsmål

Tverrfaglige temaer: Folkehelse og livsmestring, Demokrati og medborgerskap, Bærekraftig utvikling

Samfunnsfag

Kjerneelementer: Undring og utforsking, Samfunnskritisk tenking og samanhengar, Demokratiforståing og deltaking, Berekraftige samfunn, Identitetsutvikling og fellesskap

  • bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved bruk av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er
  • samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag
  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn

Norsk

Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon, Språket som system og mulighet

  • bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer
  • informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium
  • uttrykke seg i ulike sjangre og eksperimentere med sjangre på kreative måter
  • lage sammensatte tekster og begrunne valg av uttrykksformer

Andre oppgåver

Oppgåva er del av undervisningsopplegget Berekraft, som er eit tverrfagleg opplegg om berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål for ungdomsskulen. Oppgåva krev litt førekunnskap om temaet, og vi anbefaler å ha vore gjennom ei introduksjonsøving med film, debatt og quiz om temaet først.