Uteskule: På jakt etter naturgode

Sist oppdatert: 03.07.2025

Undervisningsopplegget har, gjennom både teoretiske og praktiske observasjonsoppgåver ute i naturen, som mål at elevane skal lære kva naturen gir oss av naturgode/økosystemtenester. Elevane lærer også om kva berekraftig utvikling og berekraftsmåla er, og viktigheita av at vi må ta vare på dei ulike artane i naturen for at økosystema skal bestå.

Fag: Naturfag, Norsk, Samfunnsfag/Samfunnskunnskap
Klassetrinn: 8-10 trinn
Tema: Fattigdom, berekraftig utvikling og FN sine berekraftsmål, Klima og miljø
Tidsbruk: 3 x 90 min/en fagdag

Ein treng ikkje å ha inngåande kunnskapar om ulike tre, plantar, dyr eller andre artar for å gjennomføre undervisningsopplegget. Poenget er å lære og identifisere kva for tenester naturen gjer for oss.

Oppgåvene er laga i samarbeid med Nordhordland UNESCO Biosfære.

Nordhordland UNESCO

Opplegget består av tre økter av 90 min, eventuelt ein fagdag

  1. Teoretisk økt inne i klasserommet der elevane lærer om og reflekterer over berekraftig utvikling, FN sine berekraftsmål og naturgode/økosystemtenester. I tillegg forbereder klassen seg på å dra ut for å gjennomføre observasjon av naturgode i naturen.
  2. Observasjon ute i eit fritt valt naturområde. Undervisningsopplegget er ikkje avhengig av at det er heilt urørt natur, og spor av menneskeleg aktivitet er noko elevane blir bedt om å sjå etter.
  3. Teoretisk økt inne i klasserommet der elevane reflekterer over funna frå observasjonen ute i naturen, svarer på hypotesen og presenterer funna for kvarandre.

For deg som bur i eller i nærleiken av Nordhordland Biosfæreområde

Uteskule: på jakt etter naturgode er laga i samarbeid med Nordhordland UNESCO Biosfære. Undervisningsopplegget kan derfor gjerne bli kombinert med eit besøk hit. Det er laga ei eiga oppgåve tilpassa klasser som besøker Nordhordland UNESCO Biosfære. Sjå etter nedtrekksmeny i økt 3 på lærarsida. Der finn du oppgåver kor klassen kan bidra til datainnsamling om området, og samstundes hjelpe UNESCO med å spreie kunnskap om Nordhordland biosfæreområde.

Eit biosfæreområde er eit læringsområde for berekraftig utvikling som har fått UNESCO-status. Det handlar om å ta vare på behova til menneska i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonar sine moglegheiter til å dekke sine. Dette dannar grunnlaget for utviklinga av ei framtidsretta og berekraftig region, der lokalt arbeid og samarbeid står sentralt.

Det finst i dag over 700 biosfæreområde i verda. Nordhordland er Norge sitt fyrste UNESCO biosfæreområde, utnemnt i 2019. Samla areal på område er 6698 km², folketalet er ca. 55 000. Kommunar i området er: Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. I tillegg har kommunane Høyanger, Vik, Voss og Øygarden areal i området.

Nordhordland er valt ut som ein representant for kystlandskapet i Norge, med ein variert klimagradient; frå kysten som er beskytta av ein brei skjergard, gjennom små og store fjordar, og videre gjennom dal- og skoglandskapet opp til høge fjell. I tillegg har utvikling i samfunn og teknologi ført til at regionen i dag forvaltar store ressursar i form av vasskraft, petroleum og fisk. Nordhordland UNESCO Biosfæreområde set søkelys på ein utvikling der alle ressursane våre blir nytta på en berekraftig måte.

Nordhordland UNESCO biosfære
Resursprofilen til Nordhordland UNESCO biosfære visar landskapet og ressursane våre, mellom anna naturen, vatn, fisk og olje/gass. Illustratør: Kjersti Isdal/Nordhordland UNESCO biosfære.

Nordhordland UNESCO Biosfære sitt oppdrag er å jobbe for ei berekraftig samfunnsutvikling i vår region, som kan resultere i praksisar som kan bli kopiert til andre land og regionar i verda.

For å få dette til må vi leggje til rette for eit arbeid på tvers av fagfelt og sektorar, og sørge for at møteplassane for arbeidet vert tydelege og gode. Samfunnsutviklinga i eit biosfæreområde omhandlar dette:

  • Legge til rette for at kommunar og næringsliv kan ta kunnskapsbaserte avgjersler
  • Næringslivet samarbeider om sirkulære løysningar og grøn utvikling
  • Engasjere og overføre sentral kunnskap til born og unge
  • Samle og formidle kulturhistorie og tradisjonar
  • Bevare naturmangfaldet
  • Ivareta kultur- og naturlandskapet
  • Vere en viktig identitetsbygger for et levende lokalsamfunn

Les meir om Nordhordland UNESCO biosfære her: www.nordhordlandbiosphere.no

Viktigheita av naturgode i biosfæreområda

Sjølve namnet på programmet til biosfæreområda heiter: «Man and the biosphere».

Dette namnet skildrar bodskapen i biosfæreprogrammet godt, nemleg mennesket og biosfære (altså summen av alle økosystem på jorda). Det vil sei at for å få ei berekraftig utvikling til er vi heilt avhengig av å finne den rette balansen mellom menneskeleg aktivitet, og bevaring / bruk av natur. Vi håpar at når klassen gjennomfører denne undervisninga så får dei forståing av kor viktig naturen er for oss, på fleire plan: Støttande, regulerande, kulturelle og forsynande. Og at vi menneske er heilt avhengig av desse naturgoda for å overleve.

Og om klassen vil, så hadde vi satt utruleg stor pris på om de vil rapportere funna som vart gjort tilbake til oss. Då vil vi samle og publisere resultata – og vi får enno meir kunnskap om naturgoda i biosfæreområdet som vi kan dele med andre.

Økt 1: Førebuing i klasserommet (90 min)

Målet med økt 1 er å få ei god forståing for omgrep som berekraftig utvikling og naturgode, i tillegg til å førebu seg på å dra ut på ekskursjon:

  • De diskuterer i fellesskap omgrepet berekraftig utvikling, ser ein kort film om det, og kjem tilbake til omgrepet med ny forståing.
  • Elevane les ein kort tekst om berekraftig utvikling og gjer omgrepsoppgåver.
  • Som ein overgang frå berekraft til naturgode, tek klassen utgangspunkt i kva eit tre kan gjere for oss. Her kjem klassen inn på kva naturgode er. Det er også lagt ved ei avklaring av omgrep for læraren før første oppgåve.
  • Elevane gjer teoretiske oppgåver om naturgode, først med utgangspunkt i alle typane naturgode, så i grupper som undersøker kun eitt naturgode. Dette for å forberede seg på å leite etter naturgode ute i økt 2. Dei lagar også ein hypotese om kva dei trur dei vil finne.

Det er mange nye omgrep å setje seg inn i for elevane. Og ikkje berre omgrep, heile konseptet om økosystemtenester og naturgode er ein ny måte å tenkje på. Det handlar om mennesket sitt forhold til og plass i naturen. I dette undervisningsopplegget brukar vi omgrepa økosystemtenester og naturgode om kvarandre. Det finnes fleire definisjonar på desse omgrepa, og nokon av dykk vil vere kjent med andre tradisjonar. Forklar omgrepa på måtar de sjølv kjenner og forstår.  

Det kan vere vanskeleg for elevane å forstå kor mange forskjellige “jobbar” naturen gjer for oss. Dei følgande oppgåvene har til hensikt å sjå på naturen på ein ny måte. Her kjem vi inn på kva eit tre gjer for deg, fire typar naturgode og ei omgrepsoppgåve der elevane set seg inn i dei fire typane naturgode. 

Det er vanleg å dele opp økosystemtenester i fire:

Naturgoder
Naturgoder
  • Forsynande tenester er konkrete gode som kan bytast eller handlast med og/eller som kan brukast direkte. Døme er mat, materialar som tømmer, og ferskvatn.
  • Regulerande tenester  er alle forhold der økosystem kontrollerer eller påverkar ting i naturen som er relevante for miljøa til menneska. Dette omfattar ting som ikkje forbrukast, men som likevel påverkar velferda til menneske. Døme er klimaregulering og beskytting mot ekstremvær, pollinering og sjukdomsregulering som har ein påverknad på matproduksjon.
  • Støttande tenester er livsprosessane som må «vere på plass» for at naturen skal kunne gje oss dei andre tenestene. Dei er ulike dei andre tenestetypane fordi dei inngår i komplekse økologiske samspel. Døme er fotosyntese, jorddanning, næringsstoffkretsløp og vasskretsløp.
  • Kulturelle tenester er rollen naturen speler for opplevingane og kunnskapa for menneska. Det kan også vere spirituelle og religiøse opplevingar. Døme er friluftsliv, naturbasert reiseliv og åndeleg beriking.

Omgrep

Forklaring

Døme

Støttande tenesterGrunnleggande tenester som er helt naudsynt for eksistens av liv på jorda vår.Fotosyntese, pollinering, reinsing av luft, reinsing av vatn, dyreliv, nedbryting av materiell til jord...
Forsynande tenesterNaturen forsyner oss menneske med mange ting vi bruker og er heilt avhengige av i kvardagen.Mat, ferskvatn, råvarer, energi, medisin, genetiske ressursar, ting frå naturen som vi pyntar med...
Regulerande tenesterNaturen regulerer seg sjølv om klimaet på ei rekke ulike måtar.

Luftreinsing, klimaregulering, reinsing av vatn, pollinering, nedbryting, beskytting mot flaum, støydemping...  

Kulturelle tenesterNaturen er ei viktig kjelde til ro og opplevingar for menneske. I tillegg er han viktig når det kjem til religion, identitet og tradisjonar.Rekreasjon og ro, skjønnheit, religiøse handlingar, turisme...

Berekraftig utvikling (12 min)

  • Begynn med å spørje elevane om kva dei forbind med berekraftig utvikling. La dei tenkje seg om kvar for seg, før dei snakkar med læringspartnaren og til slutt felles i klassen. Skriv opp assosiasjonene deira på tavla. Dette skal brukast seinare.
  • Sjå denne korte filmen som forklarar kva berekraftig utvikling er:

Kva er berekraftig utvikling?

  • Ta utgangspunkt i elevane sine tankar om berekraftig utvikling som står på tavla. Etter å ha sett filmen, er det noko å leggje til? Det er viktig at berekraftig utvikling består av tre dimensjonar – klima og miljø, sosiale forhold og økonomiske forhold – og at desse heng tett saman.
  • Om de vil gå meir i djupna om berekraftig utvikling, les denne utdjupande artkkelen om temaet.

FN sine berekraftsmål og bevaring av økosystem (10-20 min)

Elevane les ein tekst om FN sine berekraftsmål og berekraftsmål nr. 15 om livet på land og gjer ei kort omgrepsøving (oppgåve 1), samt ei definisjonsoppgåve med viktige fagomgrep (oppgåve 2). Elevane finn teksten og leseoppdraget på elevsida. Elevsida kjem ein til viss ein går øvst på denne sida, der finn ein to knappar – ein knapp «for lærer» og en for «for elever». Elevsida finn du ved å trykkje på knappen «for elever». 

FNs berekraftsmål

Mogleg ekstraaktivitet som viser viktigheita av å bevare alle artane i eit økosystem

OBS: oppgåva krev gode relasjonar og eit trygt klassemiljø.

Del klassen inn i grupper og gi ulike roller i eit økosystem til dei ulike gruppene. Be elevane blande seg og stille seg heilt tett inntil kvarandre i ein ring. Klassen tel til tre, og så set alle seg ned samstundes. Om elevane står heilt tett, vil alle no sitje på kvarandre sine fang. Elevane reiser seg og blir ståande akkurat der dei sto.

Be så ein art i økosystemet tre ut av ringen, medan dei andre skal stå på nøyaktig same stad. Be elevane igjen om å setje seg. Klarar elevane også no å sitje på kvarandre sine fang? Gjenta evt. øvinga ved å ta ut nye artar. Poenget er at eit økosystem etter kvart vil kollapse om ein ikkje tek vare på dei ulike bestanddelane i det. Det vil etter kvart kome fram når klassen ikkje lenger klarar å setje seg ned i ein ring.

Øvinga kan også gjerast ved at dei ulike rollene held hender i ein ring, i staden for å sitje på kvarandre. I så fall vil det bli stadig vanskelegare å halde saman i ein ring når ein etter ein art tas ut av ringen.

Elevane kan til dømes ha følgjande roller: Bakteriar, blomar, tre, sopp, insekt, fuglar, pattedyr, fisk.

Naturgode

Felles oppgåve - eit tre si betydning (10 min)

  • Elevane sit saman i par eller små grupper og tenkjer over alle dei ulike tinga eit tre kan gjere for dei. Dette kan setjast i gong med spørsmål som: «Kva slags jobb gjer treet for deg?», «Kva gjer eit tre i naturen?», «Kva er det du bruker i dag som er laga av tre?», «Kva betyr skog og tre for oss i media og forteljingar?» eller «Kjenner du til nokon tradisjonar som inneber noko med tre?» 
  • Læraren tek opp alle innspela frå klassen og grupperer dei på tavla i fire kategoriar. Desse fire kategoriane blir tilpassa dei fire tenestene som inngår i omgrepet naturgode/økosystemtenester. Elevane treng derimot ikkje å høyre om desse omgrepa endå. Læraren kan løyse dette ved å gruppere innspela frå elevane i lister, bruke ulike fargekoder, eller lage tankekart.  
  • Når elevane har spelt inn alle moglege innspel frå grubleoppgåva, skal læraren forklare omgrepet naturgode og setje elevane sine bidrag i relasjon til omgrepet. Då kan også dei fire tenestene bli "avslørt".
Tre
Foto: niko photos/Unsplash

Oppgåver om naturgode (30 min)

Elevane les ein kort tekst og svarer på omgrepsoppgåver og bildeoppgåver om naturgode og dei ulike tenestene naturen gjer. Du finn tekst og oppgåver på elevsida (oppgåve 3).

Førebuing til observasjon i naturen (20 min)

Tida er no inne for å førebu seg meir praktisk til ekskursjonen ute i naturen:

  • Del elevane inn i 4 grupper, alternativt 8 om klassen er stor.
  • Forklar at klassen skal ut i naturen om kort tid, og beskriv naturområdet de skal til.
  • Gruppene får tildelt eitt av dei fire naturgoda, og finn fram gruppa si oppgåve kalla henholdsvis regulerande tenester, støttande tenester, forsynande tenester eller kulturelle tenester som ligg på elevsida (oppgåve 4).
  • Forklar at elevane i desse oppgåvene skal prøve og identifisere si tildelte naturteneste på bildet som ligg i oppgåva. Deretter skal elevane lage ein hypotese om kva dei trur dei kjem til å observere innanfor sin naturteneste ute i naturen.
  • Læreren skriv ut observasjonsarka (under ressursar nedst på sida), eitt til kvar gruppe, og ber elevane skrive inn hypotesen på observasjonsarket. Det kan vere smart å samle inn dette arket slik at det ikkje forsvinn før turen startar.

Økt 2: Observasjon ute i naturen (45-90 min)

Læraren tek med seg elevane ut til fritt valt naturområde. Bestem og forklar geografiske avgrensingar av området elevane skal undersøke, del ut observasjonsarka til elevane og set ei tidsramme for undersøkingane deira.

Oppfordre gjerne elevane til å ta bilde av funna sine, for desse kan kome godt med i den siste økta inne i klasserommet når funna skal bli delt med andre.

Samle inn observasjonsarka når økta er over.

Klasse på tur
Foto: Kai Grieg/FN-sambandet

Økt 3: Oppsummering inne i klasserommet (60-90 min)

Mål for økt 3 er at elevane reflekterer over eigne funn, og at dei formidlar vidare funna sine til klassekameratane som har leita etter andre naturgode.

Felles oppstart (10 min) 

Start økta med å spørje klassen om erfaringane deira ute i naturen. Her er målet at elevane skal kome på kva dei observerte, og hente fram erfaringane sine. Vis gjerne fram nokre bilde du sjølv tok på turen. Relevante spørsmål å ta opp:

  • Korleis var det å vere på tur/ekskursjon? 
  • Kva slags erfaringar fekk de - kva var lett/vanskeleg? 
  • Var det noko spesielt som skilde seg ut?
  • Fant de det dykk såg etter? Korleis var det å vere naturvitar i felt? 

Arbeid med presentasjon i observasjonsgruppene (20-30 min) 

Elevane finn fram oppgåve 5 på elevsida. Her blir elevane bedt om å gå i observasjonsgruppene for å lage ein 5 minutt lang presentasjon av arbeidet sitt.

Presentasjon av funn (25-30 min) 

Læraren lager nye grupper som består av medlem frå alle dei ulike observasjonsgruppene. Alle elevane skal etter tur presentere si observasjonsgruppe sin korte presentasjon i den nye gruppa. Dette står som oppgåve 6 på elevsida.

Etter presentasjonane skal elevane finne fellesnemnarar og ulikskap på tvers av alle presentasjonane.

Om skulen ligg i Nordhordland biosfæreområde

Etter at klassen har gjennomført undervisningsopplegget, ynskjer vi gjerne at læraren kan fylle ut dette skjemaet, slik at Nordhordland UNESCO Biosfære får informasjonen. Dei vil ta informasjonen videre, og funna til elevane vil med kvart bli synlege på Nordhordlandskart sine nettsider. På førehand takk!

Lonelva
Lonelva. Foto: Kari Evensen Natland/Nordhordland biosfæreområde

Oppsummering (15 min eller resterande tid) 

Spør elevane kva berekraft er og kva berekraftsmål 15 går ut på. Dette jobba klassen med i den første økta. Om klassen ikkje har gått gjennom bærekraftsmål 15, forklarer læraren kva det er no.

Læraren reflekterer over det faktum at naturen er under press. Har klassen sett noko til dette ute i naturen i arbeidet med denne oppgåva? 

  • Så vi mykje liv?
  • Var naturen urørt? Var det menneskelege spor i naturen? (søppel, vegar og andre fotavtrykk i naturen)
  • Trur de den graden av menneskelege spor de så er typisk for naturen elles i landet? Kva betyr dette for livet på land? Dette spørsmålet kan brukast som inngang til å snakke om vern, press på naturen og livet på land. Her kan læraren føre diskusjonen vidare med aktuelt fagstoff. Under Ressursar finn du lenker til aktuelle bakgrunnsartiklar.
  • Kva kan vi gjere for å ta vare på naturen? Her kan elevane få tenke ut konkrete forslag med ein læringspartnar eller i grupper. La elevane presentere sine forslag. Kanskje kan klassen saman gjennomføre nokre av desse forslaga? 

Ressursar

Observasjonsskjema (pdf)

Relevante lenker

Kompetansemål

Naturfag etter 10. trinn

  • stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere avhengige og uavhengige variablar og samle data for å finne svar
  • analysere og bruke innsamla data til å lage forklaringar, drøfte forklaringane i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på eigne og andre sine utforskingar
  • gi døme på og drøfte aktuelle dilemma knytte til utnytting av naturressursar og tap av biologisk mangfald

Norsk etter 10. trinn

  • informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium
  • bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema

Samfunnsfag etter 10. trinn

  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn

For tilbakemelding eller spørsmål, kontakt:

Stian Olsen

Regionleder Øst

Stian.olsen@fn.no

+47 415 26 223

Siri Nikolaisen

Rådgiver (Viken, Oslo og Innlandet)

siri.nikolaisen@fn.no

+47 992 37 491

Kai Grieg

Rådgiver (Vestland)

kai.grieg@fn.no

+47 456 54 132

I dette undervisningsopplegget skal du lære om kva naturen gir oss, det vi kaller naturgode, gjennom observasjon ute i naturen. Du skal også lære om og reflektere over berekraftig utvikling og berekraftsmåla.

Oppgåvene er laga i samarbeid med Nordhordland UNESCO Biosfære.

UNESCO Nordhordland

Eit biosfæreområde er eit læringsområde for berekraftig utvikling som har fått UNESCO-status. Det handlar om å ta vare på behova til menneska i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonar sine mogelegheiter til å dekke sine. Dette dannar grunnlaget for utviklinga av ei framtidsretta og berekraftig region, der lokalt arbeid og samarbeid står sentralt.

Bur du i Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy eller Vaksdal kommune? I så fall bur du faktisk i Norge sitt einaste biosfæreområde; Nordhordland UNESCO Biosfære. Det er FN organisasjonen UNESCO som har utnemnd Nordhordland til å få ein slik status. I alt er det over 700 biosfæreområde i verda, desse har eit ansvar for at deira samfunn kan samarbeide og utvikle seg i ei meir berekraftig retning i harmoni med naturen. Nordhordland er valt ut fordi vi har alle føresetnader for å bli god på berekraft; naturressursane våre, landskapet vårt, kulturen vår, og alle vi som bur her!

Nordhordland UNESCO biosfære
Resursprofilen til Nordhordland UNESCO biosfære visar landskapet og ressursane våre, mellom anna naturen, vatn, fisk og olje/gass. Illustratør: Kjersti Isdal/Nordhordland UNESCO biosfære.

For at vi skal klare å ta kloke val må alle jobbe saman, både innbyggjarane, kommunane og næringslivet. I Nordhordland biosfæreområde jobbar vi med å:

  • få ulike menneske frå ulike sektorar til å møtast for å samarbeide om ein berekraftig framtid
  • formidle kunnskap om berekraftig utvikling og natur, klima og miljøspørsmål
  • bidra til forskingsarbeid sånn at vi kan samle inn ny kunnskap
  • setje i gong utviklingsprosjekt som visar våre lokale løysingar for berekraftig utvikling

Økt 1: Førebuingar i klasserommet

Oppgåve 1: Les teksten og sjå etter spørsmåla under medan du les

  • Kva er berekraftsmåla?
  • Kva seier berekraftsmål nr. 15?
  • Kvifor er urørt natur viktig for klimaet?
FNs bærekraftsmål

FN sine berekraftsmål er verda si felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Berekraftsmåla består av 17 mål og 169 delmål. Måla heng saman, og det er difor viktig at alle land i verda har vorte einige om at vi skal jobbe med alle dei 17 måla. Dersom vi let vere å jobbe med eitt av måla, vil det òg bli vanskelegare å nå dei andre. For å vise det kan vi sjå på berekraftsmål nr. 15.

Berekraftsmål nr. 15 handlar om livet på land, og at vi må verne om og bruke naturen på ein berekraftig måte. Dersom berre éin art forsvinn i eit økosystem, kan det påverke fleire andre artar i det same området, sidan økosystema er eit samspel mellom plantar og dyr som har utvikla seg over lang tid og som er avhengige av kvarandre når det gjeld til dømes mat og frøspreiing. Naturen treng at vi tek endå betre vare på den enn vi gjer i dag. Visste du for eksempel at ein fjerdedel av artane i verda er trua av utrydding? Denne utviklinga må vi snu for å møte ei berekraftig framtid og nå berekraftsmål nr. 15 – livet på land.

Naturen har òg ei viktig rolle når det gjeld å stoppe klimaendringane. Skogar, hav og andre naturområde tek, heilt naturleg, opp store mengder karbondioksid (CO₂) frå atmosfæren gjennom fotosyntesen. Hava regulerer temperaturen på planeten. Naturen er den beste til å ta unna store mengder vatn når det regnar mykje, eller halde på vatn i tørre periodar. Det er derfor viktig at vi tek vare på naturen – òg for klimaet si skuld!

Utrydningstruede arter - grafikk
Ifølgje Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) sine raudlister er no meir enn ein fjerdedel av verdas artar trua av utrydding. Figuren viser prosentdelen som er trua innanfor eit utval av artar. Figur: IPBES assessment report 2019

Gå saman med læringspartnaren din og svar munnleg på spørsmåla under:

  • Kva er berekraftsmåla?

  • Kva seier berekraftsmål nr. 15?

  • Kvifor er urørt natur viktig for klimaet?

Oppgåve 2: Bli betre kjent med berekraftig utvikling 

Kva for definisjon og forklaring passar saman? Gå saman med læringspartnaren din, og finn bokstav og tal som passar saman.

Begrepsoppgave

Oppgåve 3: Naturgode 

Les teksten under før du startar med diskusjonsoppgåva nedanfor. 

Naturgode, eller økosystemtenester som dei òg blir kalla, er ulike prosessar som skjer og ting som finst i naturen, og som vi menneske kan ha nytte av på ulike måtar – men som vi ofte tek for gitt. Mange av desse goda er grunnleggjande for overleving og trivsel. Naturgodene blir ofte delte inn i fire ulike kategoriar eller typar tenester: støttande tenester, forsynande tenester, regulerande tenester og kulturelle tenester.

Naturgoder
Naturgoder

Støttande tenester er livsprosessane som må «vere på plass» for at naturen skal kunne gje oss dei andre tenestene. Dei skil seg frå dei andre tenestetypane fordi dei inngår i komplekse økologiske samspel. Døme er fotosyntese, jorddanning, næringsstoffkrinsløp og vasskrinsløp.

Regulerande tenester er alle forhold der økosystem påverkar eller kontrollerer ting i naturen som er viktige for miljøet menneska lever i. Dette omfattar ting som ikkje blir forbrukt, men som likevel påverkar velferda vår. Døme er klimaregulering og vern mot ekstremvêr, pollinering og sjukdomsregulering som bidrag til matproduksjon.

Forsynande tenester er konkrete gode som kan bytast, seljast eller brukast direkte. Døme er mat, materiale som til dømes tømmer, og ferskvatn til drikke eller anna bruk.

Kulturelle tenester er den rolla naturen spelar for menneskelege opplevingar og kunnskap. Det kan òg vere spirituelle og religiøse opplevingar. Døme er friluftsliv, naturbasert reiseliv og åndeleg berikelse.

Omrep

Forklaring

Eksempel

Støttande tenester Grunnleggjande tenester som er heilt naudsynt for at liv på jorda vår kan eksistere.Fotosyntese, pollinering,

reinsing av luft, reinsing av vatn, dyreliv, nedbryting av materiale til jord...

Regulerande tenester Naturen regulerer seg sjølv og klimaet på ei rekkje ulike måtar.Luftreinsing, klimaregulering, reinsing av vatn, pollinering, nedbryting, vern mot flaum, støydemping..
Forsynande tenester Naturen forsyner oss menneske med mange ting vi brukar og er heilt avhengige av i kvardagen.Mat, ferskvatn, råvarer, energi, medisin, genetiske ressursar, ting frå naturen som vi pyntar med...
Kulturelle tenesterNaturen er ei viktig kjelde til ro og opplevingar for menneske. I tillegg er ho viktig når det kjem til religion, identitet og tradisjonar.Rekreasjon og ro, skjønnheit, religiøse handlingar, turisme...

Gå saman med læringspartneren din og forklar omgrepa under med eigne ord. Finn òg døme på dei ulike tenestene på biletet under.

  • naturgode
  • støttande tenester
  • forsynande tenester
  • regulerande tenester
  • kulturelle tenester
Natur
Foto: Stian Olsen/FN-sambandet

Oppgåve 4: Førebuing til observasjon ute i naturen i grupper

Læraren har no delt dykk inn i ulike observasjonsgrupper, og gitt gruppene éi av dei fire naturtenestene – regulerande tenester, støttande tenester, forsynande tenester og kulturelle tenester. Finn oppgåva under som høyrer til gruppa dykkar. Her skal de prøve å identifisere naturtenesta dykkar på biletet under. De skal i tillegg lage ein hypotese om kva de trur de vil finne når de seinare skal ut i naturen.

Oppgåve 1: Sjå etter dei regulerande tenestene på biletet under 

  • Lagring av karbon: tre, våtmark og torv bind opp karbon slik at karbonet ikkje går opp i atmosfæren. Dette blir kalla klimaregulering. 
  • Reinsing av luft: tre, plantar og alger omdannar CO₂ til oksygen gjennom fotosyntesen, og reinsar på den måten lufta vår. 
  • Reinsing av vatn: vatn blir reinsa når det renn gjennom område med jord, sand, stein og plantar.
  • Pollinering: pollen frå ei plante blir overført til ei anna plante slik at plantene formeirar seg. Insekt, vind og dyr kan bidra til pollineringa. 
  • Regulering av temperatur: vegetasjon bidreg til å senke temperaturen lokalt, særleg i bymiljø. Det er fordampinga av vatn frå jord og blad som gir ei avkjølande effekt. 
  • Reduksjon av støy: skog og tett vegetasjon bidreg til å redusere støy. Det må vere 100 meter med samanhengande vegetasjon for å oppnå god effekt. 
  • Sikring mot flaum: mange vekstar som veks i vanngrensa hjelper til med å regulere vatnnivået når det blir tilsig av vatn frå snøsmelting eller regn. Røter og vegetasjon bidreg til å dempe bølgjer og binde opp vatnmassar. 
  • Nedbryting: i naturen blir døde organismar og vekstar brotne ned til jord eller blir næring for andre organismar. Nedbrytarane er bakteriar, insekt og sopp, men òg dyr kan eta døde dyr og spreie næringsstoff vidare.

Oppgåve 2: hypotese

Lag ein hypotese for kva de trur de kjem til å observere ute. For å gjere dette må de tenkje over kva som ligg i omgrepet naturgodar og den delen av dette som regulerande tenester utgjer. De treng ikkje lage hypotese for observasjonar knytt til dei tre andre delane av naturgodeomgrepet.

Det er ikkje naudsynt at hypotesen stemmer eller er 100 % rett før de går ut, men denne skal de reflektere over etter at de har observert i naturen.

Skriv hypotesen på observasjonsarket som de skal ha med dykk ut i naturen. Observasjonsarket finn du nedst under Ressursar.

Oppgåve 1: Sjå etter dei støttande tenestene på biletet under 

  • Pollinering: pollen frå ei plante blir overført til ei anna plante slik at plantene formeirar seg. Insekt, vind og dyr kan bidra til pollineringa. 
  • Reinsing av luft: tre, plantar og alger omdannar CO₂ til oksygen gjennom fotosyntesen, og reinsar på den måten lufta vår. 
  • Reinsing av vatn: vatn blir reinsa når det renn gjennom område med jord, sand, stein og plantar. 
  • Dyreliv: dyr og fuglar bidreg til spreiing av frø, nøtter og næringsstoff i eit område. 
  • Nedbryting: i naturen blir døde organismar og vekstar brotne ned til jord eller blir næring for andre organismar. Nedbrytarane er bakteriar, insekt og sopp, men òg dyr kan eta døde dyr og spreie næringsstoff vidare.

Oppgåve 2: hypotese

Lag ein hypotese for kva du trur du kjem til å observere ute. For å gjere dette må du tenkje over kva som ligg i naturgodeomgrepet og den delen av dette som støttande tenester utgjer. Du treng ikkje lage hypotese for observasjonar knytt til dei tre andre delane av naturgodeomgrepet.

Det er ikkje naudsynt at hypotesen stemmer eller er 100 % rett før de går ut, men denne skal de reflektere over etter at de har observert i naturen.

Skriv hypotesen på observasjonsarket som de skal ha med dykk ut i naturen. Observasjonsarket finn du nedst under Ressursar.

Oppgåve 1: Sjå etter dei forsynande tenestene på biletet under 

  • Mat: alt vi et for å leve, til dømes plantar vi har dyrka eller som finst fritt i naturen, dyr, fisk og sjømat.
  • Vatn: vatn er ei føresetnad for alt liv på jorda. Plantar og dyr treng det som drikkevatn. I tillegg er det leveområde for ei rekkje plantar, dyr og fisk som lever i vatn. 
  • Råvarer: tømmer, dyr og andre vekstar i eit område kan brukast av menneske til å lage andre produkt vi treng. 
  • Medisinske ressursar: enkelte urter, vekstar og andre organismar har medisinske verdiar. Mange er kjende og blir brukte i medisin i dag, men det blir framleis oppdaga artar som kan brukast som medisin. 
  • Energi: tre bind opp karbon og blir dermed effektive energilager vi kan bruke som brensel til å varme hus eller lage mat. Andre måtar naturen gir energi på er gjennom sol-, vind- og bølgeenergi, samt jordvarme.

Oppgåve 2: hypotese

Lag ein hypotese for kva du trur du kjem til å observere ute. For å gjere dette må du tenkje over kva som ligg i naturgodeomgrepet og forsynande tenester sin del av dette. Du treng ikkje lage ein hypotese for observasjonar knytt til dei tre andre delane av naturgodeomgrepet.

Det er ikkje naudsynt at hypotesen stemmer eller er 100 % rett før de går ut, men denne skal de reflektere over etter at de har observert i naturen.

Skriv hypotesen på observasjonsarket som de skal ha med dykk ut i naturen. Observasjonsarket finn du nedst under Ressursar.

Oppgåve 1: Sjå etter dei kulturelle tenestene på biletet under

  • Rekreasjon: at ein opplever at området gir energi og verkar terapeutisk for dei som oppheld seg der. Mange føler seg betre etter ein gåtur ute i naturen.
  • Estetikk: at området opplevast som vakkert, luktar godt, eller blir fylt av fuglekvitter som gir ro i kroppen.
  • Menneskeleg påverknad: alle teikn på at menneske har vore eit stad. Det kan synast som til dømes vegar, bygningar, ting menneske har sett ut eller lagt att, stiar, beplanting og matproduksjon.
  • Potensiale: naturopplevingar er ofte populære turistattraksjonar eller kan vere populære rekreasjonsområde for lokalbefolkninga.
  • Kulturell tyding: enkelte naturområde har fått stor tyding for identitet og sjølvforståing for eit stad og menneska som bur der. Til dømes Dovre, Lofoten, Hardangerfjorden, Glomma eller Finnmarksvidda.

Oppgåve 2: hypotese

Lag ein hypotese for kva du trur du kjem til å observere ute. For å gjere dette må du tenkje over kva som ligg i naturgodeomgrepet og den delen av dette som kulturelle tenester utgjer. Du treng ikkje lage hypotese for observasjonar knytt til dei tre andre delane av naturgodeomgrepet.

Det er ikkje naudsynt at hypotesen stemmer eller er 100 % rett før de går ut, men denne skal de reflektere over etter at de har observert i naturen.

Skriv hypotesen på observasjonsarket som de skal ha med dykk ut i naturen. Observasjonsarket finn du her eller nedst under Ressursar.

Natur
Foto: Siri Nikolaisen/FN-sambandet

Økt 2: På tur i naturen

Klassen skal no ut på tur for å undersøkje eit område ute. Hugs å ta med oppgåvearket med hypotesen! Og ta gjerne bilete som de kan bruke i etterarbeidet. God tur!

Klasse på tur
Foto: Kai Grieg/FN-sambandet

Økt 3: Etterarbeid i klasserommet

Oppgåve 5: Arbeid med presentasjon i observasjonsgruppene

Gå saman i observasjonsgruppene. Gruppen skal no i fellesskap lage ein 5 minutt lang presentasjon av funna dykkar frå observasjonen ute i naturen. Det er viktig at alle er aktive i denne fasen, fordi alle i gruppa seinare skal halde denne presentasjonen i nye grupper. Bruk gjerne eigne bilete i presentasjonen! 

Bruk observasjonsarket dykkar, og lag ei presentasjon som inkluderer dette:

  • Kort omtale av den naturtenesta de fekk utdelt: regulerande tenester, støttande tenester, forsynande tenester eller kulturelle tenester.

  • Omtale av eiga undersøking ute i naturen:

    • Kva var hypotesen?

    • Kort beskriving av dei tre tenestene de valde å observere (dei tre boksane i observasjonsskjemaet)

    • Kva observerte de som er relevant for oppgåva?

    • Svar på hypotesen

    • Stemte hypotesen dykkar? Kvifor/kvifor ikkje?

Multer
Foto: Hildegunn Opdal/Nordhordland biosfæreområde

Oppgåve 6: Presentasjon av funn i nye grupper (ca. 25-30 min) 

Klassen blir no delt inn i nye grupper. Alle elevane skal etter tur presentere observasjonsgruppa si presentasjon i den nye gruppa. Lukke til!

Etter presentasjonane skal de vurdere om det finst fellesnemnarar og ulikskapar på tvers av alle presentasjonane. Fann de dei same funna? Kvifor/kvifor ikkje?

Om skulen ligg i Nordhordland biosfæreområde – for elevar

Har de gjort observasjon i Nordhordland biosfæreområde? I så fall må du gje svara på oppgåve 4 på observasjonsarket til læraren din. Hen vil så rapportere funna, og dei vil etter kvart bli synlege på nettsidene til Nordhordlandskart. På denne måten kan de bidra til å dokumentere naturgodene i Nordhordland.

Ressursar

Observasjonsskjema (pdf)

Kompetansemål

Naturfag etter 10. trinn

  • stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere avhengige og uavhengige variablar og samle data for å finne svar
  • analysere og bruke innsamla data til å lage forklaringar, drøfte forklaringane i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på eigne og andre sine utforskingar
  • gi døme på og drøfte aktuelle dilemma knytte til utnytting av naturressursar og tap av biologisk mangfald

Norsk etter 10. trinn

  • informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium
  • bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema

Samfunnsfag etter 10. trinn

  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn

For tilbakemelding eller spørsmål, kontakt:

Stian Olsen

Regionleder Øst

Stian.olsen@fn.no

+47 415 26 223

Siri Nikolaisen

Rådgiver (Viken, Oslo og Innlandet)

siri.nikolaisen@fn.no

+47 992 37 491

Kai Grieg

Rådgiver (Vestland)

kai.grieg@fn.no

+47 456 54 132