Utdanning er ein grunnleggjande menneskerett. I Norge går nesten alle barn og unge på skulen, og i verda går mange fleire på skulen no enn for berre få tiår siden.

Likevel er det framleis 754 millionar vaksne i verda som ikkje kan lese eller skrive. To tredelar av dei er kvinner. Over 250 millionar barn manglar grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 4.1)

    Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gje dei eit relevant og reelt læringsutbyte

  • Delmål 4.2)

    Innan 2030 sikre alle jenter og gutar høve til god og tidleg utvikling og omsorg og tilgang til førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen

  • Delmål 4.3)

    Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, inkludert universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris

  • Delmål 4.4)

    Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på unge og vaksne som har kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap

  • Delmål 4.5)

    Innan 2030 avskaffe kjønnsskilnader i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare grupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar

  • Delmål 4.6)

    Innan 2030 sikre at all ungdom og ein vesentleg prosentdel av vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne

  • Delmål 4.7)

    Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning i berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av freds- og ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og det bidraget kulturen gjev til berekraftig utvikling

  • Delmål 4.a)

    Etablere og oppgradere utdanningstilbod som er barnevenlege, og som tek omsyn til kjønnsskilnader og til personar med nedsett funksjonsevne og sikrar trygge, ikkje-valdelege, inkluderande og effektive læringsmiljø for alle

  • Delmål 4.b)

    Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke globalt i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gje dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, både i andre utviklingsland og i utvikla land

  • Delmål 4.c)

    Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar

Inkluderande opplæring av god kvalitet for alle, er ein av dei viktigaste byggjesteinane for velstand, helse og likeverd i alle samfunn. Mål 4 omhandlar ikkje berre retten til skulegang, men og at ein får gode lærarar og kvalitet i undervisninga – heile vegen frå barneskule til universitetet.

Korleis ligg verda an?

Det er fleire barn og unge som får utdanning no enn tidlegare, men framgangen går for sakte. Utan nye tiltak vil ikkje alle unge og barn få god utdanning innan 2030, som er målet.

Frå 2015 til i dag har utviklinga vore som følger:

  • 88 prosent av barn i verda fullfører grunnskulen. I 2015 var det 85 prosent som fullførte.
  • 78 prosent av unge i verda fullfører ungdomsskulen. I 2015 var det 74 prosent som fullførte.
  • 60 prosent av unge i verda fullfører vidaregåande skule. I 2015 var det 53 prosent som fullførte.

Kjelde: FNs berekraftsmålrapport (2025)

I dei tre tiåra før 2015, og spesielt før koronapandemien i 2020, var det ei enorm auking i andelen barn og unge i verda som gjekk på skule. Framgangen var særleg stor for jenter og unge kvinner. 

Under pandemien blei minst 1,6 milliardar barn og unge – rundt 90 prosent av verdas skuleelevar og studentar – ramma av læringstap på grunn av heilt eller delvis stengde skular. Mange fekk ikkje tilbod om heimeundervisning, og fleire vende ikkje tilbake då skulane opna att.

Men allereie før pandemien braut ut, gjekk framgangen innan utdanning for sakte til at verda ville ha klart å oppnå mål 4 innan 2030. Utan ytterlegare tiltak, vil anslagsvis 84 millionar barn framleis mangle skulegang i 2030. Rundt 300 millionar barn og unge vil mangle grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning. Og berre 1 av 6 land vil nå målet om å sikre alle jenter og gutar gratis og likeverdig grunnskulegang av god kvalitet.

Kjelde: FN

Retten til utdanning er eit eksempel på ein økonomisk, sosial og kulturell menneskerett. På biletet ser du ein skuleklasse i Bamako, Mali. Foto: Marco Dormino/UN Photo

Ulikskapar mellom land

Rundt 272 millionar barn og unge går ikkje på skulen, og forskjellane mellom land består: 36 prosent av barna i låginntektsland går ikkje på skulen, mot berre tre prosent i høginntektsland.

I mange land må barna som startar på skulen avslutte løpet tidleg. I låginntektsland kan kostnader til bøker, skuleuniformer eller anna utstyr stanse moglegheita til å fullføre utdanninga.

Berre ein tredel av landa i verda har gjort førskule obligatorisk, og halvparten tilbyr minst eitt år gratis førskule. Utan slike ordningar kan førskule ofte vere for dyrt for familiar med låg inntekt, særleg i område der private skular dominerer.

Barn som er råka av klimakriser eller konfliktar, har òg dårlegast tilgang til skule. Over halvparten av verdas kriseramma barn bur i Afrika sør for Sahara.

Kjelde: FNs berekraftsmålrapport (2025)

Kva kan verda gjere?

For å få fortgang i arbeidet med berekraftsmål 4, må land prioritere inkluderande politikk og finansiering som fremjar tilgang, læring og likskap. Det inneber mellom anna å:

  • styrkje kvaliteten og utvide tilbodet av førskuleutdanning;

  • handheve lovfesta rettar til gratis og obligatorisk skulegang;

  • sikre god kommunikasjon og infrastruktur (som internett, PC-er, vegar, bussar, tog, etc.) – særleg i land i det globale sør;

  • styrkje moglegheitene for livslang læring for vaksne og marginaliserte grupper.

Kjelde: FNs berekraftsmålrapport (2025)

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

Norge har eit relativt godt utdanningssystem, som gjev alle barn lik rett til gratis skulegang. Vi har òg gode stipend- og finansieringsordningar gjennom Lånekassen, som gjer høgare utdanning lettare tilgjengeleg for alle.

Andelen elevar som fullfører vidaregåande opplæring i Norge har aldri vore høgare. Rundt 82 prosent av elevane som starta vidaregåande opplæring i 2017, fullførte.

Om lag fire av fem barn som avslutta grunnskulen i 2018, oppnådde grunnleggjande kompetanse i lesing og rekning.

Delmål 4.2 handlar om at jenter og gutar skal ha moglegheit til god og tidleg utvikling og omsorg, og tilgang til førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen. Dei siste tala viser at 97 prosent av barna i Norge er i organisert utdanning eitt år før obligatorisk skulestart.

Kjelde: Statistisk sentralbyrås side for bærekraftsmål 4 / Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Kvaliteten på barnehagetilbodet i Norge varierer betydeleg. I tillegg har sektoren høgt legemeldt sjukefråvær, noko som påverkar både drifta og tilbodet til barna. I skulen har det vore ei negativ utvikling dei siste ti åra, både når det gjeld læring og trivsel. Det er for mange elevar som ikkje lærer det dei treng for å meistre livet vidare, og som ikkje finn seg til rette i skulekvardagen.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

FN-sambandet tilbyr utdanning for berekraftig utvikling til skular, barnehagar og lærarar. Foto: FN-sambandet

I Norge er det ganske stor skilnad mellom gutar og jenter når det kjem til kva slags utdanning dei vel. Mange fleire jenter enn gutar går på høgskule eller universitet. I alderen 19 til 24 år tek nesten halvparten av jentene høgare utdanning, medan berre litt over éin av fire gutar gjer det same (tal frå 2024).

Når det gjeld teknisk og yrkesfagleg utdanning, er biletet motsett: Fleire gutar enn jenter vel denne retninga. Blant unge mellom 15 og 24 år går om lag 21 prosent av gutane på yrkesfag, samanlikna med rundt 13 prosent av jentene.

Kjelde: Statistisk sentralbyrås side for bærekraftsmål 4

Ifølgje PISA-undersøkelsa 2022 har det vore stor nedgang i norske elevar sine prestasjonar i lesing, matematikk og naturfag. Andelen lågtpresterande elevar (under meistringsnivå 2 av 6) har auka betydeleg samanlikna med PISA 2018.

Rundt ti prosent av den vaksne befolkninga har framleis svak lese- og talforståing.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva gjer Norge internasjonalt?

Internasjonalt legg Norge særleg stor vekt på utdanning i krise- og konfliktområde, utdanning for jenter, seksualitetsundervisning og samarbeid innan høgare utdanning. Norge gir også støtte til klimaopplæring, skulemat og yrkesutdanning i sentrale næringar – som klimasmart landbruk, energi og matsikkerheit.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Då Norge hadde plass i Tryggingsrådet (2021–2022), vart det einstemmig vedteke å styrkje vernet av utdanning. Resolusjonen som vart vedteken i oktober 2021, fordømmer angrep på skular, barn og lærarar, i tillegg til å oppmode FNs medlemsland til å ta aktive grep for å sikre retten til utdanning og verne utdanningsinstitusjonar.

Kjelde: Utdanning er en menneskerett uansett

Norske universitet samarbeider med institusjonar over heile verda gjennom ei rekkje utvekslingsprogram for studentar. Tidlegare var høgare utdanning i Norge gratis for alle, men frå og med haustsemesteret 2023 vart det innført studieavgift for studentar frå land utanfor EØS og Sveits. Det gjeld likevel unntak for flyktningar og for utvekslingsstudentar som har avtalar om gratis studieplass, og det er etablert ei stipendordning for internasjonale studentar.

Kva kan du gjere?

Sprei kunnskap

I mange land blir unge jenter tvungne til å forlate skulen for å gifte seg. Framhev problemet – start ein diskusjon om barneekteskap med mål om å finne løysningar på problemet.

Ver leksehjelp

Det finnes fleire organisasjonar som tilbyr leksehjelp for barn som treng det. Mange unge flyktningar treng og hjelp med norsk språk og nokon å snakke med. Røde Kors og Norsk Folkehjelp er nokre av organisasjonane som legg til rette for slike aktivitetar. Søk opp kva som finst i ditt nærområde av språk-kafeer og ordningar for leksehjelp.

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!