Menneske held fram med å øydeleggje helsa til jordas økosystem på land, som heile jordkloten er avhengig av. Skog dekker 31 prosent av jordas overflate, og gjer mat og ly til over 80 prosent av alle dyr.
Klikk på eit delmål for å lese meir om det under
-
Delmål 15.1)
Innen 2020 bevare og gjenopprette bærekraftig bruk av ferskvannsbaserte økosystemer og tjenester som benytter seg av disse økosystemene, på land og i innlandsområder, særlig skoger, våtmarker, fjell og tørre områder, i samsvar med forpliktelser i internasjonale avtaler
-
Delmål 15.2)
Innen 2020 fremme innføringen av en bærekraftig forvaltning av all slags skog, stanse avskoging, gjenopprette forringede skoger, og i betydelig grad øke gjenreising og nyplanting av skog på globalt nivå
-
Delmål 15.3)
Innen 2030 bekjempe ørkenspredning, restaurere forringet land og matjord, inkludert landområder som er rammet av ørkenspredning, tørke og flom, og arbeide for en verden uten landforringelse.
-
Delmål 15.4)
Innen 2030 bevare økosystemer i fjellområder, inkludert det biologiske mangfoldet der, slik at de skal bli bedre i stand til å bidra til en bærekraftig utvikling
-
Delmål 15.5)
Iverksette umiddelbare og omfattende tiltak for å redusere ødeleggelsen av habitater, stanse tap av biologisk mangfold og innen 2020 verne truede arter og forhindre at de dør ut
-
Delmål 15.6)
Fremme en rettferdig og likeverdig deling av godene knyttet til bruk av genressurser, og fremme formålstjenlig tilgang til slike ressurser i tråd med internasjonal enighet
-
Delmål 15.7)
Iverksette umiddelbare tiltak for å stanse krypskyting og ulovlig handel med vernede plante- og dyrearter, og håndtere både tilbuds- og etterspørselssiden ved handelen med ulovlige produkter fra viltlevende dyr
-
Delmål 15.8)
Innen 2020 innføre tiltak for å unngå innføring og spredning av fremmede arter for å redusere fremmede arters påvirkning på land- og vannbaserte økosystemer i betydelig grad, og dessuten kontrollere eller utrydde prioriterte fremmede arter
-
Delmål 15.9)
Innen 2020 integrere verdien av økosystemer og biologisk mangfold i nasjonale og lokale planleggingsprosesser, i strategier for fattigdomsbekjempelse og i regnskap
-
Delmål 15.a)
Mobilisere en betydelig økning i finansielle ressurser fra alle kilder for å bevare og utnytte biologisk mangfold og økosystemer på en bærekraftig måte
-
Delmål 15.b)
Mobilisere betydelige ressurser fra alle kilder og på alle nivåer for å finansiere en bærekraftig skogforvaltning, og sørge for virkemidler som er egnet til å fremme slik forvaltning i utviklingslandene, blant annet virkemidler for bevaring og nyplanting av skog
-
Delmål 15.c)
Øke den globale støtten til tiltak for å bekjempe krypskyting og ulovlig handel med vernede arter, blant annet ved å styrke lokalsamfunnenes evne til å benytte de muligheter som finnes for å opprettholde et bærekraftig livsgrunnlag
Sjølv om ei rekke land har sett i gang tiltak for å sørgje for ein meir rettferdig bruk av naturressursane sine, er ikkje desse tiltaka gode nok. Alvorlighetsgrada av situasjonen jordkloten står i, krev akutt handling, for å stanse tapet av biologisk mangfald og for å verne livsviktige økosystem.
Korleis ligg verda an?
Menneskeleg aktivitet forårsakar i dag ein raskare nedgang i naturmangfaldet enn nokon annan gang i mennesket si historie. Skogar blir hogne ned, biologisk mangfald går tapt og økosystem blir øydelagde i eit alarmerande tempo.
Kvart år avskogar vi 10 millionar dekar, det vil sei 1,14 fotballbaner kvart minutt. Trenden med avskoging har imidlertid snudd. På 1990-talet avskoga vi 16 millionar dekar kvart år. Colombia, Brasil og Indonesia, som alle er land med mykje regnskog, avskogar langt mindre enn før, ifølge NRK. I Colombia falt avskoginga med 29 prosent i fjor, og i Brasil med 33,6 prosent i løpet av dei første månadene under ny president. I Indonesia er avskoginga redusert med 90 prosent sidan 2015.
Kjelde: Tilstanden til verdens skog 2020
Auka handel av og nærvær med ville dyr har styrka faren for spreiing av virus og andre infeksjonssjukdommar, som covid-19 er eit eksempel på. Koronapandemien er ei påminning om at også menneske si helse er avhengig av ein sunn og rik natur.
Ein trugsel det blir gjort tiltak mot er spreiinga av framande arter. Det er når dyr eller planter blir frakta til nye område der dei ikkje høyrer heime, og deretter utgjer ein trugsel mot det lokale økosystemet der.
I berekraftsmål 15 står det også at landa skal verne og rette opp att natur, i samsvar med sine forpliktingar i internasjonale avtaler. Ei av desse avtalane er konvensjonen om biologisk mangfold.
Desember 2022 blei Naturavtalen vedteke, ein internasjonal avtale som handlar om å redde og verne natur- og biomangfaldet i verda. Avtalen har fire mål og 23 delmål, som alle land på COP15 (FNs konferanse om biologisk mangfald) har forplikta seg til å nå innan 2030. Per 21. juli 2023 har 196 land slutta seg til avtalen. USA er det einaste landet i FN som ikkje er med.
Kjelde: FNs berekraftsmålrapport (2023)
Kva gjer Norge?
Kva gjer Norge bra?
Vi har eit omfattande regelverk for berekraftig bruk og verning av naturen i Norge. Myndigheitene har utvikla fleire gode strategidokument. Stortinget vedtok ein nasjonal handlingsplan for naturmangfald i 2016 og Regjeringa jobbar med ein ny nasjonal handlingsplan for natur som skal bli lagt fram i løpet av 2024.
- 25 prosent av Norges landområde er verna.
- Nesten 100 prosent av skogområda i Norge er godkjent av globale skogsertifiseringsordningar.
- 390 vassdrag er verna, og planar for handtering av vassdraga sine økosystem er på plass.
Norge verner meir av skogen. I 2020 er 5,02 prosent av skogen verna. I 2010 var det berre 3,5 prosent av skogen som var verna.
Kjelde: SSBs statistikk for berekraftsmål 15
Kva gjer Norge ikkje så bra?
Norge ligg ikkje an til å nå berekraftsmåla om å rette opp at tapt natur, og er heller ikkje på veg til å kunne nå desse delmåla. Vi er også langt unna å oppfylle målet som er satt for å beskytte og verne økosystem.
Norge prioriterer ofte å utnytte ressursane i naturen, framfor å verne økosystem og naturmangfaldet. Myndigheitene har også blitt kritisert for ikkje å ta omsyn til naturen når nye bilveger, hytter og annan infrastruktur vert planlagt.
Norge har berre verna 56,8 prosent av landområde som er viktige for biologisk mangfald og 65,5 prosent av ferskvatnområde. Ifølgje FNs berekraftsmålrapport importerer Norge produkt som bidreg til at andre land øydelegg viktige område for biologisk mangfald. Desse tre problema gjer at Norge har store utfordringar med å nå dette berekraftsmålet.
Kjelde: Sustainable Development Report 2023 for Norge
Norge klarte ikkje å nå nokon av dei såkalla Aichi-målene om biologisk mangfald.
Kva gjer Norge internasjonalt?
Norge har har heldt pengestøtta som går til vern av regnskogar ved lag. Myndigheitene har auka finansieringa for å redde biologisk mangfald i utviklingsland med mange hundre millionar kroner kvart år.
Internasjonalt er det viktig at Norge jobbar for, og sjølv følgjer opp, dei globale avtalane som handlar om vern av naturmangfald.
Medlemslanda i FNs konvensjon om biologisk mangfald, der Norge er med, har fått på plass ein ny internasjonal avtale, FNs naturavtale. Den tar sikte på å stanse og reversere tap av naturmangfaldet i verda.
Kjelde: Norges statusrapport om berekraftsmåla (2021)
Kva kan du gjere?
Organiser deg
Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon som jobbar for å ta vare på natur og dyrearter.
Ver ein bevisst turist
Sjekk korleis turoperatørar opererer før du vel, og sjå til at dei tar omsyn til natur og miljø og ikkje skadar leveområda til dyr og natur. Ver og ein ansvarlig turist sjølv, og oppfør deg som ein gjest.
- Respekter naturområda du besøkjer og dyra som lev der.
- Ta med deg søpla di heim.
- Pass på at du ikkje skadar områda du besøkjer på nokon måte.
- Unngå turoperatørar som profitterer på å utnytte ville dyr.
- Unngå å kjøpe elfenbein og produkt laga av truga dyreartar eller tropisk tømmer. Slike produkt kan og vere forbode å ta med heim til Norge. (Du kan lese meir om dette hos Miljødirektoratet.)
Sjå og: 12 smarte tips for korleis å bli ein berekraftig turist
Et berekraftig og etisk
Ifølgje Helsedirektoratets kostråd 2023 vil det hjelpe naturen, klimaet og deg sjølv å ete meir grønt, frukt, fullkorn og belgvekstar, og frukt og grønsaker i sesong. Et gjerne mindre animalske produkt, som kjøt, egg og mjølk, då det har ein høgare belasting på miljøet og klimaet enn proteiner frå planter som bøner og linser.
Bruk naturen med respekt
Kan du for eksempel velje skismørjing utan skadelege kjemikal når du skal på tur? Ta og med ein søppelpose i sekken, og ta med deg ditt eige avfall og eventuelt søppel du måtte kome over når du er på tur. Ta omsyn til dyra som lev der, og la dei vere i fred. Om du for eksempel kjem over fuglar i hekketida, ikkje gå for nær reiret og ungane deira.
Ta vare på insekta
Bier og humleartar er under press. Dei treng landingsplassar med ville blomar der dei kan få næring. Om du har hage kan du behalde den naturlege vegetasjonen som var der, eller plante ei blomstereng. Har du ein balkong eller terrasse, kan du fiffe opp denne med blomar som insekta føretrekk.
Vel berekraftig mote
Produksjon av klede har ei stor belasting på miljøet. Produksjon og transport av klede fører til CO2-utslepp. Farging og behandling av tekstilar og skinn brukar ofte skadelege kjemikal som blir slopne rett ut i naturen. Kjøp brukt, kjøp mindre og invester i klassiske, tidlause kvalitetsprodukt du blir glad i, og som kan bli brukt år etter år. Ein trend i tida er å byggje seg opp ein «kapselgarderobe» – det vil seie å eige ei handfull tidlause kvalitetsplagg som kan bli kombinert på mange måtar, framfor å handle mykje klede og såkalla «fast fashion».
Ver ein berekraftig forbrukar
Alle ting som blir produsert krev energi og naturressursar. Alle ting vi eig har eit miljøavtrykk, og nordmenn har eit høgt forbruk samanlikna med dei fleste andre land. Kjøp berekraftig, kjøp brukt eller lån av nabo, vener og familie om det er noko du sjeldan treng. Spør deg sjølv når du handlar i butikken: treng eg virkelig dette?
Ressursar
Statistikk
For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:
Nicholas Wilkinson
Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene
nicholas.wilkinson@fn.no+47 915 42 044