Å nedkjempe fattigdom er ein avgjerande føresetnad for å oppnå alle FNs 17 berekraftsmål. Berekraftsmål 1 har som ambisjon å utrydde ekstrem fattigdom og halvere andelen menneske som lever i relativ fattigdom.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 1.1)

    Innan 2030 utrydde all ekstrem fattigdom

  • Delmål 1.2)

    Innan 2030 minst halvere prosentdelen av menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar

  • Delmål 1.3)

    Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare

  • Delmål 1.4)

    Innan 2030 sikre at alle menn og kvinner, særleg fattige og sårbare, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggjande tenester, til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og til arv, naturressursar, ny teknologi og finansielle tenester, inkludert mikrofinansiering

  • Delmål 1.5)

    Innan 2030 byggje opp motstandskrafta til fattige og personar i utsette situasjonar, slik at dei blir mindre utsette og sårbare for klimarelaterte ekstremhendingar og andre økonomiske, sosiale og miljømessige påkjenningar og katastrofar

  • Delmål 1.a)

    Sikre ei vesentleg mobilisering av ressursar frå mange ulike kjelder, mellom anna gjennom styrkt utviklingssamarbeid, for å gje utviklingslanda, særleg dei minst utvikla landa, tilstrekkelege og føreseielege middel til å gjennomføre program og politikk for å utrydde alle former for fattigdom

  • Delmål 1.b)

    Opprette gode politiske rammeverk på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå basert på utviklingsstrategiar som gagnar dei fattige og tek omsyn til kjønnsperspektivet, med sikte på å auke investeringar i tiltak som motverkar fattigdom

Viss du må leve på mindre enn 3 dollar om dagen, reknast du av FN for å leve i ekstrem fattigdom. Det inneber at du ikkje får dekka heilt grunnleggjande behov som mat, klede og bustad.

For å redusere fattigdomen treng vi ikkje berre å ta tak i dei underliggande årsakene, men også sikre ei meir rettferdig fordeling av ressursane våre og fremje berekraftig økonomisk vekst.

På vår temaside skriv vi meir om kva fattigdom er

Korleis ligg verda an?

I 2025 heva Verdsbanken den internasjonale fattigdomsgrensa til 3 dollar per dag. Over 800 millionar menneske – om lag éin av ti globalt – lever under denne grensa.

  • Ekstrem fattigdom: Nylege kriser har bremsa framgangen, særleg i Afrika sør for Sahara og i konfliktområde.
  • Sosial tryggleik: For første gong mottar over halvparten av befolkninga i verda ein form for sosial tryggleik, men 3,8 milliardar menneske står framleis utan dekning.
  • Utdanning, helse og tenester: Sjølv om regjeringar brukar meir på grunnleggjande tenester som utdanning, helse og sosial tryggleik, får folk i låginntektsland framleis mindre støtte enn folk i høginntektsland.

Slik vi ligg an i dag, vil ikkje verda nå målet om å utrydde ekstrem fattigdom innan 2030. Utan auka innsats vil nesten ni prosent av befolkninga i verda framleis leve i ekstrem fattigdom i 2030, og berre éin av fem land er venta å ha halvert si nasjonale fattigdom.

Kjelder: FNs berekraftsmålrapport (2025) / Verdensbanken

Tal frå World Bank (2024)

Arbeidsfattigdom

Arbeidsfattigdom har gått ned dei siste 25 åra, men framgangen har avtatt. I 2024 levde 6,9 prosent av dei yrkesaktive – over 240 millionar arbeidarar – for under 2,15 dollar per dag. Framgangen har vore størst i Asia, men i dei mest sårbare landa vedvarer problemet. I dei minst utvikla landa lever nesten tre av ti arbeidarar i ekstrem fattigdom.

Under koronapandemien frå 2020 auka dei offentlege utgiftene til helse og sosial tryggleik, medan utgiftene til utdanning fall på grunn av stengde skular. Sjølv om desse endringane var mellombelse, kan langvarige helseproblem og forstyrra skulegang få varige konsekvensar for humankapitalen – altså befolkninga si samla kunnskap, ferdigheiter og helse, som påverkar evna til å arbeide og bidra til økonomisk utvikling.

Kjelde: FNs berekraftsmålrapport (2025)

Fattigdomen har mange ansikt. Svelt, diskriminering og avgrensa eller ingen tilgang til utdanning, er nokre av konsekvensane av fattigdom. Foto: Shardar Tarikul Islam

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

Ifølgje den internasjonale rapporten om berekraftsmåla har Noreg nådd delen av berekraftsmål 1 som handlar om å utrydde ekstrem fattigdom. Andelen menneske i Noreg som lever under den internasjonale fattigdomsgrensa på 3 dollar per dag, er så godt som ikkje-eksisterande. I dei fleste høginntektsland blir dette likevel oppfatta som eit lite relevant mål.

I Norge har gode velferdsordningar, som sjukepengar og pensjon, saman med lik rett til helsetenester og utdanning, bidratt til mindre ulikskap. Høg deltaking i arbeidslivet og politikk som fremjar økonomisk vekst, bidrar til betre levekår for befolkninga.

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Delmål 1.2 handlar om å halvere relativ fattigdom, altså å redusere andelen menneske som har dårlegare økonomi og levekår enn det som blir rekna som vanleg i samfunnet. I 2023 hadde 10,9 prosent av befolkninga i Noreg – eller 588 700 personar – låginntekt. Studentar er ikkje inkluderte i denne målinga, fordi studielån ikkje blir rekna som inntekt.

I Statistisk sentralbyrå (SSB) si levekårsundersøking frå 2024 oppga 22 prosent at dei ikkje hadde moglegheit til å handtere ei uforutsett utgift, 22 prosent av hushalda hadde høg boutgiftsbelastning og ni prosent opplevde det som vanskeleg å få endane til å møtast.

Sjølv om andelen barn i hushald med vedvarande låginntekt har gått ned dei siste åra, bur framleis om lag éin av ti barn i slike hushald. Dette er eit område myndigheitene må forbetre for å kunne nå FNs berekraftsmål.

Den største utfordringa for Noreg er å sikre jamnare inntekt blant befolkninga, og sørgje for at sårbare grupper ikkje fell utanfor arbeidslivet. Vi må redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv.

Kjelder: Statistikkbanken, SSB / Levekårsundersøkelsen, SSB / Regjeringen

Kva gjer Norge internasjonalt?

Internasjonalt jobbar Norge for å utrydde ekstrem fattigdom, særleg i land i det globale sør. Norge har lansert eit utviklingsprogram for å jobbe mot moderne slaveri, og har utvikla ein strategi for å inkludere menneske med funksjonsnedsettingar.

I 2024 ga Norge 55,7 milliardar kroner i bistand, tilsvarande 1,02 prosent av BNI (bruttonasjonalinntekt). Norge er det einaste landet i OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) som ga meir enn éin prosent av BNI til bistand i 2024.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Det er Arbeids- og sosialdepartementet som har ansvaret for å koordinere arbeidet med berekraftsmål 1 – utrydde fattigdom – i Norge.

Sjå Regjeringa sine temasider om berekraftsmål 1.

1 av 10 kvinner i verda lever i ekstrem fattigdom, ifølgje UN Women (2024) Foto: Unsplash/Ia Huh

Kva kan du gjere?

Ver ein bevisst forbrukar

Spør etter informasjon om varene du er interessert i. Kjøp mat, klede og anna utstyr frå bedrifter som er opne om vilkåra til arbeidarane og som respekterer grunnleggande menneskerettar. På den måten er du med på å sikre rettferdig løn til arbeidstakarane som produserer varene du kjøper. Framtiden i våre hender har ei liste over klesmerker som har forplikta seg til å sørgje for trygge arbeidsvilkår for arbeidarane sine.

Del med andre

Doner klede, leiker eller andre ting du ikkje treng til organisasjonar som hjelper fattige. Når du har bursdag kan du og ønskje deg ei pengegåve til ein organisasjon som hjelper menneske/barn som har det vanskeleg, i staden for fleire ting.

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar vanar og livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.  

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!