Mål 8 handlar om å fremje inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, sysselsetjing og anstendig arbeid for alle. Anstendig arbeid betyr at arbeidsforholda tek vare på grunnleggjande menneskerettar, gir ei løn ein kan leve av, og tek vare på helse, miljø og tryggleik.

For å utrydde fattigdom og kjempe mot ulikskap i verda, må alle ha moglegheit til å jobbe. Vi må derfor skape rettferdig økonomisk vekst og nye arbeidsplassar.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 8.1)

    8.1) Halde oppe ein økonomisk vekst per innbyggjar som er i samsvar med forholda i dei respektive landa, og spesielt ein vekst i bruttonasjonalproduktet på minst 7 prosent per år i dei minst utvikla landa

  • Delmål 8.2)

    Auke den økonomiske produktiviteten gjennom diversifisering, teknologisk framgang og innovasjon, mellom anna med vekt på lønsame og arbeidsintensive sektorar

  • Delmål 8.3)

    Fremje ein utviklingsretta politikk som støttar produktive aktivitetar, oppretting av anstendige arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og stimulere til formalisering av og vekst i talet på svært små, små og mellomstore bedrifter, mellom anna ved å gje dei tilgang til finansielle tenester

  • Delmål 8.4)

    Fram mot 2030 stadig forbetre utnyttinga av globale ressursar innanfor forbruk og produksjon, og arbeide for å oppheve koplinga mellom økonomisk vekst og miljøøydeleggingar, i samsvar med det tiårige handlingsprogrammet for berekraftig forbruk og produksjon, der dei utvikla landa går føre

  • Delmål 8.5)

    Innan 2030 oppnå full og produktiv sysselsetjing og anstendig arbeid for alle kvinner og menn, inkludert ungdom og personar med nedsett funksjonsevne, og oppnå lik løn for likt arbeid

  • Delmål 8.6)

    Innan 2020 redusere prosentdelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller opplæring, vesentleg

  • Delmål 8.7)

    Setje i verk omgåande og effektive tiltak for å avskaffe tvangsarbeid, få slutt på moderne slaveri og menneskehandel og sikre at dei verste formene for barnearbeid – inkludert rekruttering og bruk av barnesoldatar – blir forbodne og avskaffa, og innan 2025 avskaffe alle former for barnearbeid

  • Delmål 8.8)

    Verne om arbeidarrettar og fremje eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, inkludert arbeidsinnvandrarar og særleg kvinnelege innvandrarar, og arbeidstakarar i eit usikkert arbeidsforhold

  • Delmål 8.9)

    Innan 2030 utarbeide og setje i verk politikk for å fremje ei berekraftig turistnæring som skaper arbeidsplassar og fremjar lokal kultur og lokale produkt

  • Delmål 8.10)

    Styrkje evna nasjonale finansinstitusjonar har til å utvide tilgangen til og stimulere til bruk av bank- og forsikringstenester og finansielle tenester for alle

  • Delmål 8.a)

    Auke støtta til handelsretta bistand («Aid for Trade») til utviklingsland, særleg til dei minst utvikla landa, blant anna gjennom det styrka, integrerte rammeverket for handelsrelatert fagleg bistand til dei minst utvikla landa (EIF)

  • Delmål 8.b)

    Innan 2020 utvikle og iverksette ein global strategi for sysselsetting av ungdom og innføre «The Global Jobs Pact» utvikla i Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO)

Om lag 3,5 milliardar menneske (44 prosent av befolkninga i verda) tener framleis så lite at dei ikkje kan ha ein komfortabel levestandard. Talet har nesten ikkje endra seg sidan 1990-talet. Over åtte prosent av befolkninga i verda lever i ekstrem fattigdom – på mindre enn 2,15 dollar per dag. Å skape arbeidsplassar av god kvalitet er ei stor utfordring for alle land fram mot 2030.

For å sikre anstendig arbeid for alle må FNs medlemsland styrkje innsatsen på fleire område. Dette omfattar å hjelpe arbeidarar inn i formelle arbeidsforhold, forbetre sosiale tryggingsordningar, handheve arbeidstakarrettar betre, og investere i den grønne og digitale økonomien.

Korleis ligg verda an?

Den globale økonomiske veksten ligg etter målet. Veksten i BNP per innbyggjar ventast å falle på grunn av handelsspenningar og politisk usikkerheit. I land i det globale sør ligg veksten framleis langt under målet om sju prosent, noko som kan få alvorlege konsekvensar for fattigdomsbekjemping og berekraftig utvikling.

Arbeidsløysa fall til eit rekordlågt nivå på fem prosent i 2024, men nesten 58 prosent av arbeidstakarane arbeidde framleis uformelt. Prosentane er særleg høge i låginntektsland og i Afrika sør for Sahara, og kvinner er særleg utsette.

  • I 2024 var om lag 138 millionar born involvert i barnearbeid. Dette er ein betydeleg nedgang frå 160 millionar born for fire år sidan, men målet om å utrydde barnearbeid innan 2025 er ikkje nådd.
  • Ungdom møter framleis utfordringar på arbeidsmarknaden. I 2024 var arbeidsløysa blant ungdom rundt 13 prosent – tre gonger høgare enn blant vaksne.
  • Den globale arbeidsproduktiviteten, målt som verdien som blir skapt per arbeidstime, auka med 1,5 prosent i 2024 etter nesten stagnasjon i 2022–2023. Nivået frå før pandemien i 2020 er framleis ikkje tatt igjen.

Turisme har stort potensial til å fremje berekraftig utvikling, skape arbeidsplassar og ta vare på naturen. I 2023 utgjorde turisme 3,4 prosent av verdas BNP. Sektoren stod òg for 5,6 prosent av den globale sysselsetjinga mellom 2015 og 2023, basert på data frå 89 land.

Kjelde: FNs bærekraftsmålrapport 2025

Svekte rettar trugar anstendig arbeid

Retten til å organisere seg og forhandle kollektivt er viktig for å sikre anstendig arbeid. Mellom 2015 og 2023 har etterlevinga av desse rettane blitt dårlegare over heile verda, med størst nedgang i Aust- og Søraust-Asia og blant låginntektslanda. Sjølv i land med betre økonomi har det vore ein merkbar tilbakegang.

Mykje av problemet kjem av brot på grunnleggjande rettar for arbeidstakarar, arbeidsgivarar og organisasjonane deira. Når desse rettane ikkje blir respekterte, blir det sivile rommet som er nødvendig for at demokrati skal fungere, svekt.

Kjelde: FNs bærekraftsmålrapport 2025

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

Norge har høg BNP per innbyggjar, og produktivitetsnivået ligg blant dei høgaste i verda. Lover og reglar vernar arbeidstakarane sine rettar.

Dei siste tiåra har Norge hatt høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse. I 2024 var rundt 3 millionar personar i arbeid, noko som tilsvarer om lag 70 prosent av befolkninga i alderen 15–74 år. Talet omfattar både heiltids- og deltidstilsette.

Norge har slutta seg til det globale partnarskapet Alliance 8.7 for å kjempe mot tvangsarbeid, moderne slaveri og menneskehandel. I Norge er dette eit relativt lite problem, men det er framleis rom for forbetring.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Norge står overfor utfordringar knytte til ei aldrande befolkning. I løpet av dei komande tiåra er det venta at forholdet mellom yrkesaktive og alderspensjonistar vil endre seg, samstundes som befolkninga i dei eldste aldersgruppene vil auke betydeleg. Her er det viktig å møte utfordringa på ein måte som ivaretar helsa og livskvaliteten til folk.

Utslepp av klimagassar har gått ned dei siste tiåra, men Norge er framleis blant landa i verda med størst materielt forbruk per innbyggjar.

Sivilsamfunnsorganisasjonar meiner at miljø- og arbeidsrettar ikkje alltid blir tekne vare på når Norge inngår handelsavtalar med andre land. Dei peikar også på at Norge bør gjere meir for å styrkje ungdom og marginaliserte grupper sine moglegheiter til å kome i arbeid.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva gjer Norge internasjonalt?

Å fremje fri internasjonal handel, skape anstendige arbeidsplassar og styrkje innsatsen for sårbare grupper er viktige prioriteringar for Norge. Norge støttar mellom anna programmet Enhanced Integrated Framework og fleire bistandsprogram i regi av Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO).

Gjennom EØS-midla bidreg Norge til å støtte målet om anstendig arbeid og økonomisk vekst i 13 EØS-land. Støtta er primært retta mot trepartssamarbeid.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Det er Finansdepartementet som har ansvaret for å koordinere arbeidet med berekraftsmål nummer 8 i Norge.

Les meir om kva regjeringa seier dei skal gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 8.

Ei kvinne plukkar kaffi i Aust-Timor. Å kjøpe varer som for eksempel kaffi frå produsentar som sørgjer for gode arbeidsforhold, er eit tiltak vi forbrukarar kan gjere. Foto: UN Photo/Martine Perret

Kva kan du gjere?

Ver ein medviten forbrukar

Vel mat, klede og anna utstyr fra bedrifter som er opne om vilkåra til arbeidarane, behandlar dei godt og tar avstand frå barnearbeid. Clean Clothes Campaign er eit nettverk som jobbar for å betre arbeidsforholda i den globale klesindustrien. At kleskjedene bruker opne fabrikklister, er ein føresetnad for å kontrollere om arbeidet deira med miljø og etikk er truverdig. Framtiden i våre hender har ei liste over kva selskap som er transparente.

Be om kvittering

Be alltid om kvittering når du betaler for ei teneste, som bilvask og handverkarjobb. Å ikkje ville gje kvittering er eit teikn på skattefusk. Det svekker samfunnsøkonomien og arbeidarane sine rettar og løningar på sikt.

Sei frå!

Du har krav på arbeidskontrakt når du blir tilsett. Søk hjelp dersom du opplever at vener eller deg sjølv ikkje blir behandla bra i arbeidslivet. Du kan lese meir om kva du har krav på i arbeidslivet hos LOs sommerpatrulje, som og hjelper unge menneske med rettane deira i det norske arbeidslivet.

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon, eller gjennom ei fagforeining.

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!