Infrastruktur er den underliggjande strukturen som må vere på plass for at eit samfunn skal fungere. Investeringar i transport, vass-system, energi og informasjonsteknologi må på plass for å få til berekraftig utvikling.
Vi må finne måtar å auke ulike lands potensiale for berekraftig utvikling og vekst. Utdanning og helsetilbod må bli betre, samstundes som det satsast meir på teknologi og vitskap.
Klikk på eit delmål for å lese meir om det under
-
Delmål 9.1)
Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle
-
Delmål 9.2)
Fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og næringsutvikling, og innan 2030 auke industridelen av sysselsetjing og bruttonasjonalprodukt vesentleg, i tråd med forholda i dei respektive landa, og doble industridelen av sysselsetjing og bruttonasjonalprodukt i dei minst utvikla landa
-
Delmål 9.3)
Auke tilgangen til finansielle tenester, inkludert rimeleg kreditt, for små industribedrifter og andre bedrifter, særleg i utviklingsland, og styrkje posisjonen til desse bedriftene og integrere dei i verdikjeder og marknader
-
Delmål 9.4)
Innan 2030 oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir utstrekt bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar, der alle land gjer ein innsats etter eiga evne og eigen kapasitet
-
Delmål 9.5)
Styrkje vitskapleg forsking og oppgradere teknologien i næringslivssektorane i alle land, særleg i utviklingsland, mellom anna ved – innan 2030 – å stimulere til innovasjon, auke talet på tilsette (per million innbyggjarar) vesentleg innanfor forskings- og utviklingsverksemd og vesentleg auke løyvingane til offentleg og privat forsking og utvikling
-
Delmål 9.a)
Leggje til rette for berekraftig utvikling av infrastrukturen i utviklingsland ved å auke den finansielle, teknologiske og faglige bistanden til afrikanske land, dei minst utvikla landa, kystlause utviklingsland og små utviklingsøystatar
-
Delmål 9.b)
Støtte nasjonal utvikling av teknologi, forsking og innovasjon i utviklingsland, mellom anna ved å sikre politiske rammevilkår som fremjar mangfald i næringslivet og gjev handelsvarer ein meirverdi
-
Delmål 9.c)
Auke tilgangen til informasjons- og kommunikasjonsteknologi vesentleg og arbeide for at dei minst utvikla landa får allmenn og rimeleg tilgang til internett innan 2020
Korleis ligg verda an?
Industrien blei ramma hardare av Covid-19-pandemien enn den blei av finanskrisa i 2007-2009. Pandemien førte til nedgang i flytrafikk, stans i levering av varer, og tapte arbeidsplassar over heile verda. Det har bremsa veksten i berekraftig industri.
- Sidan 2022 har veksten i produksjonssektoren lege på rundt 2,7 prosent (ned frå 7,4 prosent i 2021) – eit nivå som forventast å halde fram på grunn av etterverknadar av Covid-19-pandemien og geopolitiske spenningar.
- Trass nedgang i utsleppsintensiteten, var det globale CO2-utsleppet frå fossil energi og industri rekordhøgt i 2023, ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA).
- Rundt 95 prosent av den globale befolkninga har mobildekning (3G eller betre), men nokre område står framleis utan tilgang.
- For å auke framgangen mot mål 9, er det nødvendig å støtte låginntektsland, investere i avansert teknologi, redusere karbonutslepp og investere i forskning, utvikling og infrastruktur.
Industrialisering og produksjon av varer i dei minst utvikla landa har auka dei siste åra. Aukinga går likevel for sakte til at vi når dette målet innan 2030.
For å nå målet om innovasjon for ei berekraftig framtid, må det bli investert meir i småskala industri over heile verda. Små bedrifter er ryggraden i økonomier over heile verda, og gjer jobbmoglegheiter og levebrød på tvers av lokalsamfunn. Likevel står dei overfor utallige utfordringar i kjølvatnet av pandemien, inkludert auka utgifter og høge renter på lån.
Ifølgje data frå 2006 til 2023 får berre 16,9 prosent av småskala produksjonsindustri i Afrika sør for Sahara lån eller kreditt – godt under det globale gjennomsnittet på 31 prosent. Inkluderande industripolitikk er avgjerande for å fremje vekst, konkurranseevne og motstandskraft i bedrifter.
Kjelde: FNs bærekraftsmålsrapport (2024)
Opptur for flyindustrien
I 2020 fell den internasjonale passasjertrafikken med 60 prosent. Flyselskap leid 370 milliardar dollar i tap på grunn av Covid-19-pandemien. Ein sterk oppgang starta i 2022, der inntektene nådde 87 prosent av 2019-nivåene. I 2024 bidrog luftfartsnæringa med 87,7 millionar jobbar globalt, med ein direkte og indirekte økonomisk innverknad på 3,5 billionar dollar – tilsvarande 4,1 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) i verda.
Tilgang til internett
Internett er viktig for å få tilgang til informasjon, utdanning og arbeid, og for å kommunisere med andre. Vi har framleis ein jobb å gjere når det gjeld å få folk på nett.
- Anslagsvis 5,5 milliardar menneske hadde tilgang til internett i 2024 – ei auking på 227 millionar menneske frå 2023.
- Internett-tilgangen held fram med å auke over heile verda, men vi har framleis utfordringar når det gjeld å nå samfunn i låginntektsland.
- I høginntektsland er det estimert at 93 prosent av befolkninga brukte internett i 2024. Dette står i stor kontrast til låginntektsland kor kun 27 prosent av befolkninga er anslått å vere på nett.
- Totalt mangla anslagsvis 2,6 milliardar menneske internett i 2024, noko som utgjer 32 prosent av befolkninga i verda.
Kjelde: ITU, Den internasjonale telekommunikasjonsunion (2024)
Kva gjer Norge?
Kva gjer Norge bra?
I Norge er infrastruktur som vegar, energi og informasjonsteknologi godt utbygd. For eksempel har 100 prosent av befolkninga mobildekning for 4G-nettet. I 2020 blei det første 5G-nettet opna, og i 2024 hadde 99 prosent av husstandane grunnleggjande 5G-dekning (med varierande hastighet mellom fylka). Norge har også støtteordningar som bidrar til innovasjon i næringslivet.
Kva gjer Norge ikkje så bra?
Ei utfordring for Norge er å gjere industrien meir berekraftig og klimavenleg. Norge jobbar for å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. For å få til det, og for å lukkast med det såkalla grøne skiftet, må Norge investere meir i forsking og teknologi.
Sivilsamfunnsorganisasjonar peikar på at transport av varer i Norge må bli meir berekraftig, og at vi må bli flinkare til å utdanne spesialisert helsepersonell og forskarar i Norge.
Kva gjer Norge internasjonalt?
Norge jobbar for å fremje berekraftsmål 9 gjennom å gje pengestøtte til FN og internasjonale utviklingsbankar, og gje støtte og middel til utbygging av infrastruktur, næringsutvikling og forsking i land i det globale sør.
Kjelde: Norges statusrapport om bærekraftsmåla (2021)
Det er Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Norge.
Les kva regjeringa seier Norge må gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 9
Kva kan du gjere?
Ver ein bevisst forbrukar
Støtt butikkar, gründerar og industri som tar omsyn til sosiale forhold, klima og miljø, og ein berekraftig økonomi.
Doner gamle ting
Det er vanleg for oss å oppgradere dei tekniske dingsane våre, men ofte fungerer dei gamle framleis. Gje bort ting du ikkje bruker, sørg for at dei blir gjenbrukt, eller best av alt – bruk opp tinga før du kjøper nytt.
Ver open og nysgjerrig
Ver open for nye løysningar som gjer verda til ein betre stad. Ta i bruk teknologi som gjer kvardagen vår meir berekraftig, og hald deg oppdatert om ny teknologi og innovasjon. Ver nysgjerrig og lær deg noko nytt.
Start ei elevbedrift
Viss du har moglegheit, kan du starte ei elevbedrift, eller eit prosjekt som produserer varer eller tenester som støtter opp om berekraftsmåla. Verda treng dei unges kreativitet, ideer og innovasjon.
Organiser deg
Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.
Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!