Likestilling handlar om ei rettferdig fordeling av makt, innverknad og ressursar. Å leve eit fritt liv utan vald og diskriminering er ein grunnleggjande menneskerett, og avgjerande for utviklinga av menneska og samfunnet.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 5.1)

    Få slutt på alle former for diskriminering av jenter og kvinner i heile verda

  • Delmål 5.2)

    Avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner i både offentleg og privat sfære, inkludert menneskehandel, seksuell utnytting og andre former for utnytting

  • Delmål 5.3)

    Avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap, og kjønnslemlesting

  • Delmål 5.4)

    Anerkjenne og verdsetje ubetalt omsorgs- og hushaldsarbeid gjennom offentlege tenester, infrastruktur og sosialpolitikk, og fremje delt ansvar i hushaldet og familien, alt etter kva som passar i kvart enkelt land

  • Delmål 5.5)

    Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet

  • Delmål 5.6)

    Sikre tilgang til god seksuell og reproduktiv helse og reproduktive rettar for alle, i samsvar med handlingsprogrammet frå den internasjonale konferansen om befolkning og utvikling, handlingsplanen frå Beijing og sluttdokumenta frå dei respektive tilsynskonferansane

  • Delmål 5.a)

    Setje i verk reformer for å gje kvinner lik rett til økonomiske ressursar, moglegheit til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og tilgang til finansielle tenester, arv og naturressursar, i samsvar med nasjonal lovgjeving

  • Delmål 5.b)

    Styrkje bruken av mogleggjerande teknologi, særleg informasjons- og kommunikasjonsteknologi, for å styrkje stillinga for kvinner i samfunnet

  • Delmål 5.c)

    Vedta og styrkje god politikk og vedta gjennomførleg lovgjeving for å fremje likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner på alle nivå i samfunnet

Å oppnå likestilling mellom kvinner og menn er framleis ei utfordring. Det har vore framgang, men diskriminerande lover og kjønnsnormer hindrar framleis reell likeverd.

Kvinner og jenter har mindre makt over eige liv, og i samfunnet, enn menn. For å sikre kvinners menneskerettar trengst det lovverk og tiltak som fremjar likestilling på alle nivå.

Politisk, økonomisk og sosial likestilling bidreg til positiv utvikling på tvers av samfunnet. Likestilling og kvinners rettar er eit gjennomgåande tema i FNs berekraftsmål, og er avgjerande for å nå måla innan 2030.

Korleis ligg verda an?

Arbeidet med likestilling gir resultat, men det går for sakte. Med dagens kurs vil det ta 300 år å få slutt på barneekteskap, 286 år å fjerne diskriminerande lover og sikre godt rettsvern for alle, og 140 år å oppnå likestilling mellom kvinnelege og mannlege leiarar på arbeidsplassen (Kjelde: FN).

Kvinner er underrepresenterte i beslutnings- og leiarstillingar, og har ofte avgrensa sjølvråderett over eigen seksuell og reproduktiv helse. Mange manglar òg eigedomsrett til jord og tilgang til teknologi. Sidan kvinner utfører mesteparten av det ubetalte hus- og omsorgsarbeidet, får dei færre moglegheiter til utdanning, arbeid og politisk deltaking.

  • Éi av fem jenter blir gifte før dei fyller 18 år.
  • På verdsbasis har kvinner mindre enn ein tredel av leiarstillingane.
  • Berre 56 prosent av kvinner i eit forhold bestemmer over eigen seksuell og reproduktiv helse, til dømes om dei vil få barn.
  • Kvinner og jenter bruker framleis langt meir tid enn menn på ubetalt hus- og omsorgsarbeid – i gjennomsnitt to og ein halv gong så mange timar per dag.

Heile 230 millionar jenter og kvinner i verda har blitt utsette for kjønnslemlesting. Førekomsten er størst i Afrika, etterfølgd av Asia og Midtausten. Kvart år blir 4 millionar jenter utsette for kjønnslemlesting, meir enn halvparten før dei fyller 5 år. Talet er venta å auke fram mot 2030 på grunn av treg framgang og rask folkevekst.

Kjelde: FNs berekraftsmålrapport 2025

Kvinner og utdanning

Sjølv om det i dag er langt fleire jenter som tek utdanning enn tidlegare, er det framleis fleire gutar som får moglegheit til å gå på skule enn jenter. Det gjeld for alle regionane i verda. Rundt 119 millionar jenter i verda går ikkje på skule, og berre 49 prosent av verdas land har oppnådd kjønnsbalanse i grunnskuleutdanninga.

Kjelde: UNICEF

Jenter i konfliktpåverka land har meir enn dobbelt så høg risiko for å ikkje gå på skule som jenter i land utan konflikt. Foto: iStock/Bartosz Hadyniak

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

I Norge har vi ein høg grad av likestilling samanlikna med mange andre land. Foreldrepermisjon og barnehagar gjer at kvinner deltek meir i arbeidslivet. Det er relativt få som blir tvunge til å gifte seg (11 i 2022) eller gjennomgå kvinneleg omskjering (kjønnslemlesting).

Det er nesten likestilling mellom kjønna når det gjeld hus- og omsorgsarbeid. I politikken og blant toppleiarar i offentleg sektor er kjønnsbalansen stort sett oppnådd, med unntak av ordførarar og fylkesordførarar. Kvinner har allmenn rett til seksuell og reproduktiv helse, samt rett til eigarskap og kontroll over jord og anna eigedom.

Kjelde: SSB / Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Det er Kultur- og likestillingsdepartementet som har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Norge.

Les kva regjeringa seier Norge skal gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 5

Kva gjer Norge ikkje så bra?

I Norge har kvinner i gjennomsnitt lågare løn enn menn og arbeider oftare deltid. Arbeidsmarknaden er framleis kjønnsdelt, der kvinner og menn i stor grad arbeider i ulike sektorar, yrke og stillingar. Det er langt færre kvinner enn menn på toppen av norsk næringsliv.

Kvinner er i større grad enn menn utsette for vald i heimen, seksuell trakassering, valdtekt, negativ sosial kontroll, æresrelatert vald og tvangsekteskap. Dei fleste ofra for partnardrap er kvinner. Éi av fem norske kvinner rapporterer å ha blitt utsett for valdtekt minst éin gong, og få valdtektssaker endar med domfellelse.

Behovet for støtte til utsette kvinner aukar. Ein rapport frå SSB (2024) viser at talet på overnattingsdøgn på krisesentra auka med fem prosent frå 2022 til 2023.

Det har historisk sett vore menn som har hatt mest politisk makt over samfunnet. Kjønnsbalansen er blitt betre, men det er berre:

  • 37 prosent kvinnelege ordførarar (2023-2027)
  • 40,7 prosent kvinnelege kommunestyrerepresentantar (2023-2027)
  • 45 prosent kvinnelege stortingsrepresentantar (2021-2025)

Kjelder: SSB / Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva gjer Norge internasjonalt?

Norge arbeider aktivt for å styrkje kvinners rettar og likestilling i internasjonale møter og i menneskerettigheitsforum. I Tryggingsrådet 2021–2022 var kvinner i freds- og tryggingsarbeid ein av dei prioriterte sakene. Å fremje kvinners deltaking i økonomi og politikk er viktig for Norge. Norge arbeider òg mot vald mot kvinner, og for at kvinner skal bestemme over eigen kropp og seksualitet, som er ein menneskerett.

Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Regjeringen har utvikla ein handlingsplan for Norges arbeid internasjonalt for kvinner, fred og tryggleik. Planen har tre hovudinnsatsområde:

  1. Fredsprosessar og gjennomføring av fredsavtalar
  2. Tryggingspolitikk og -operasjonar
  3. Humanitær innsats, vern av sivile og menneskerettar
Menn forsvarar kvinners rettar og likestilling under eit demonstrasjonstog i USA. Det er viktig at også menn engasjerer seg i likestillingskampen for å fremje like rettar og moglegheiter for begge kjønn. Foto: Unsplash/Samantha Sophia

Kva kan du gjere?

Ikkje ta likestilling for gitt

Ver oppmerksom. Krev at jenter og gutar, kvinner og menn skal ha dei same rettane i alle situasjonar, anten det er på fotballtreninga, på skulen, i heimen eller i lønsforhandlingar.

Pass på språkbruken

Om du opplever at vener, bekjente eller kollegaer snakkar nedverdigande om kvinner og omtalar dei som mindre verdt, mindre intelligente eller inkompetente samanlikna med menn, sei ifrå at det ikkje er greitt.

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!