God helse er ein grunnleggande føresetnad for menneske si moglegheit til å nå sitt fulle potensial og for å bidra til utvikling i samfunnet. Korleis helsa vår er, er påverka av miljø, økonomi og sosiale forhold.
Dei siste tiåra er det gjort historiske framsteg på dette området. Likevel har verda ein lang veg att å gå for nå alle delmåla. Dette krev ein stor innsats frå både sivilsamfunn, næringsliv og politikarar.
Å få i gong gode system for å hindre spreiing av smittsame sjukdommar, tilgang til legehjelp og å fremje gode levesett, er grunnleggande for å nå måla. Gode nasjonale helsetenester for alle, globale system for varsling av farar og deling av kunnskap er viktig.
Klikk på eit delmål for å lese meir om det under
-
Delmål 3.1)
Innan 2030 redusere mødredøyinga i verda til under 70 per 100 000 levandefødde
-
Delmål 3.2)
Innan 2030 få slutt på dødsfall som kan forhindrast blant nyfødde og barn under fem år, med eit felles mål for alle land om å redusere døyinga blant nyfødde til høgst 12 per 1000 levandefødde og til høgst 25 per 1000 levandefødde blant barn under fem år
-
Delmål 3.3)
Innan 2030 stanse epidemiane av aids, tuberkulose, malaria og neglisjerte tropiske sjukdommar, og motverke hepatitt, vassborne sjukdommar og andre smittsame sjukdommar
-
Delmål 3.4)
Innan 2030 redusere prematur døying av ikkje-smittsame sjukdommar med ein tredel gjennom førebygging og behandling, og fremje mental helse og livskvalitet
-
Delmål 3.5)
Styrkje førebygging og behandling av rusmiddelmisbruk, mellom anna misbruk av narkotiske stoff og skadeleg bruk av alkohol
-
Delmål 3.6)
Innan 2030 halvere talet på dødsfall og skadar i verda som skriv seg frå trafikkulykker
-
Delmål 3.7)
Innan 2030 sikre allmenn tilgang til tenester som er knytte til seksuell og reproduktiv helse, inkludert familieplanlegging og tilhøyrande informasjon og opplæring, og sikre at reproduktiv helse blir innarbeidd i nasjonale strategiar og program
-
Delmål 3.8)
Oppnå allmenn dekning av helsetenester, inkludert ordningar som vernar mot økonomiske konsekvensar, og allmenn tilgang til grunnleggjande og gode helsetenester og trygge, verksame og nødvendige medisinar og vaksinar av god kvalitet og til ein overkomeleg pris
-
Delmål 3.9)
Innan 2030 redusere talet på dødsfall og sjukdomstilfelle på grunn av farlege kjemikaliar og forureina luft, vatn og jord vesentleg
-
Delmål 3.a)
Styrkje gjennomføringa av rammekonvensjonen frå Verdshelseorganisasjonen om førebygging av tobakksskadar i alle land
-
Delmål 3.b)
Støtte forsking på – og utvikling av – vaksinar og medisinar mot smittsame og ikkje-smittsame sjukdommar som primært rammar utviklingsland, sørgje for tilgang til nødvendige medisinar og vaksinar til ein overkomeleg pris, i samsvar med Doha-erklæringen om TRIPS-avtalen og folkehelse, som bekreftar utviklingslanda sin rett til fullt ut å anvende bestemmingane som gjeld adgangen til å verne om folkehelsa og særleg sørgje for tilgang til medisinar for alle, i avtalen om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar
-
Delmål 3.c)
Oppnå betydeleg auka finansiering av helsetenester og rekruttering, utvikling og opplæring av helsepersonell i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, og arbeide for at slikt personell blir verande i landa
-
Delmål 3.d)
Styrkje kapasiteten i alle land, særleg i utviklingsland, for tidligvarsling, risikoredusering og handtering av nasjonale og globale helserisikoar
Korleis ligg verda an?
Det har vore stor nedgang globalt i antal barn som døyr før dei fyller fem år. 134 av 200 land har nådd målet om å redusere dødstal til høgst 25 per levandefødde blant barn under fem år. Utviklinga har imidlertid bremsa opp, og 59 land ser ikkje ut til å nå dette målet innan 2030.
Det er også færre kvinner som døyr på grunn av komplikasjonar under fødsel. I løpet av 20-årsperioden fra 2000 til 2020 falt det gjennomsnittlege dødstalet 34,3 prosent, frå 339 dødsfall per 1000 fødslar i 2000 til 223 dødsfall i 2020. Likevel betyr det at nesten 800 kvinner døydde under fødsel kvar einaste dag i 2020.
Eit av delmåla er at alle skal ha tilgang til grunnleggande helsetenester, til ein overkomeleg pris. Nesten ein milliard menneske måtte bruke meir enn 10 prosent av hushaldningsbudsjettet til helseutgifter i 2023. I 2019 blei 381 millionar menneske dytta inn i fattigdom på grunn av helseutgifter.
Dei mest sårbare i samfunnet blei i størst grad ramma av koronapandemien. I 2022 gjekk 20,5 millionar barn glipp av ein eller flere rutinemessige vaksinar. Det betyr at fleire barn står i fare for å pådra seg og døy av sjukdommar vi kan forhindre. For eksempel har vi vaksinar mot meslingar, som er ein livstruande sjukdom og ei vesentleg årsak til barnedødelegheit i verda. Eit av fire barn fekk ingen vaksinedose mot meslingar i 2021. I 2019 fekk over fire av fem den første dosen.
Tuberkulose- og malariadødsfall har auka samanlikna med pre-pandeminivå. Frå 2020-2022 har antal tuberkulosetilfelle auka med 14 prosent, ifølgje WHO. Mange land har framleis ikkje klart å forbetre dette, og koronapandemien har reversert fleire års framgang. I Norge har aukinga vore beskjeden, frå 155 tilfelle i 2021 til 174 tilfelle i 2022. Utviklinga skuldast blant anna auka trafikk over landegrensa etter opphøyr av koronarestriksjonane, samt tilstrøyming av flyktningar med høg førekomst av tuberkulose, som Ukraina.
Kjelder: The Sustainable Development Goals Report 2024, Årsrapport for tuberkulose i Norge 2022 (FHI) og Global tuberculosis 2023 report (WHO)
Kva gjer Norge?
Kva gjer Norge bra?
Norge har eit velutvikla helsesystem, med god helsedekning for alle innbyggjarar. Den gjennomsnittlege levealderen i Norge går opp, få barn døyr, det er få trafikkulukker og barn får vaksinane dei treng. Norge er blant dei ti landa i verda med høgast forventa levealder.
Norge har generelt god luftkvalitet, og er blant dei landa i Europa som har lågast risiko for tidleg død som følgje av lokal luftforureining. Folk rapporterer at dei er glade for livet dei har, som er eit viktig mål for folks psykiske helsetilstand.
Antal fødslar blant unge jenter i alderen 15-19 år, er mykje lågare enn tidlegare. Delmål 3.7 skal sikre allmenn tilgang til tenester knytta til seksuell og reproduktiv helse. Alle elevar i Norge får seksualitetsundervisning, det blir delt ut gratis kondomar og Norge har offentlege system for andre prevensjonsmiddel og abort.
Kjelde: SSB
Kva gjer Norge ikkje så bra?
Størstedelen av nordmenn seier dei har det veldig godt, men det er og fleire som seier dei har det dårlegare enn før. Norge skårar dårlegare på lykkeindeksen enn dei andre nordiske landa, og dei siste ti åra har antal sjølvmord i landet hatt ei svak stigande kurve.
Sjølv om Norge har gode helsetenester som er tilgjengeleg for dei fleste, er det framleis betydelege sosiale helseforskjellar i landet. Personar med lågare utdanning og inntekt, har dårlegare helse og lågare forventa levealder enn dei med høgare utdanning og inntekt.
Kjelde: God helse, regjeringen (2024)
Det er store skilnadar mellom fylke og bydelar for forventa levealder i Norge. For eksempel er levealderen høgast på Vestlandet og lågast i Finnmark, Østfold og Hedmar.
Det er opp til 10-12 års skilnad i forventa levealder mellom menn som bur i kommunane med høgast og lågast levealder. For kvinner er tilsvarande skilnad opp til 8-10 år.
Kjelde: FHI, Forventet levealder i Norge
Vi drikk meir alkohol no enn for 20 år sidan, noko som kan føre til store problem for personen sjølv og gje store kostnadar for samfunnet. Delmål 3.5 seier vi må styrkje førebygginga og behandlinga av rusmiddelmisbruk, blant anna misbruk av narkotiske stoff og skadeleg bruk av alkohol. Overdosedødsfall er ei vedvarande utfordring i Norge.
Fleire unge mellom 16-24 år røykjer sigarettar. I 2022 var andelen unge som røykjer av og til på sitt høgaste nivå sidan 1973; 19 prosent blant menn og 13 prosent blant kvinner. Andelen unge i Oslo som bruker e-sigarettar har auka frå tre til 17 prosent frå 2021 til 2023. Aukinga er størst blant jenter.
Kjelde: FHI, Utbredelse av røyking i Norge
FN har kritisert Norge for ikkje å gje papirlause flyktningar rett til lik helsehjelp som resten av befolkninga.
Sjå også: Temaside om Norge og menneskerettighetene
Kva gjer Norge internasjonalt?
Norge spelar ei leiande rolle innan viktige helseområde globalt, blant anna vaksineprogram. Norges bidrag til vaksinering av barn skjer først og fremst gjennom støtte til vaksinealliansen Gavi. For å snu nedgangen i grunnleggande vaksinering av barn i verda, har Norge bidratt økonomisk med 10 050 mill. kroner Gavis strategiperiode 2021-2025. Norge er med dette den tredje største givaren til Gavis kjernefinansiering.
Norge har også vore ein forkjempar for sterkare rettar for seksuell og reproduktiv helse – som retten til kunnskap, abort og prevensjonsmiddel – internasjonalt.
Kjelde: Oppfølging av berekraftsmåla i Noreg (regjeringen.no)
Kva kan du gjere?
Vaksiner deg
For å beskytte samfunnet vårt mot livsfarlege sjukdommar og pandemiar, er det viktig at du vaksinerer deg.
Gje blod
Det tar berre ein halvtime å gje blod. Den halve literen du gjer, kan redde tre liv. Er du frisk og mellom 18 og 60 år, kan du melde deg som blodgivar.
Ver aktiv utandørs
Dagslys, frisk luft og bevegelse ute i naturen er bra for den psykiske og fysiske helsa vår. Ta med deg ein ven eller fleire, og utforsk eit nytt grøntområde i ditt nærområde. Berre ein halvtimes gåtur kan gjere ein forskjell for kropp og sinn!
Ta trappa og et meir grønt
For lite fysisk aktivitet og for mykje sukker og feitt i kosthaldet, er ei helseutfordring i Norge. Små handlingar i kvardagen bidrar til betre helse. Du kan velje å ta trappa i staden for heisen, og sykle eller gå når du kan. Frukt, grønt og belgvekstar gjer godt for kroppen, og gjer mindre klimagassutslepp enn kjøttprodukter.
Les om dei nye kostråda frå Helsedirektoratet her (2024)
Bry deg om andre
Ver ein god ven. Ver tolmodig med og støtt dei du kjenner som slit med den mentale helsa. Psykiske problem som depresjon og angst kan vere vanskeleg å setje seg inn i, om ein ikkje har opplevd det sjølv, men eit smil og ein klem kan hjelpe meir enn du trur. Søk kunnskap, det er lett å kjenne seg rådvill i møte med psykiske lidingar.
Les meir om korleis du kan få hjelp eller hjelpe andre her
Få nok søvn
Mange unge slit med å få nok søvn. God søvnkvalitet er viktig for overskot i kvardagen. Det reduserer stress og betrer den mentale helsa. Å legge vekk mobiltelefon og skjermar minst ein time før du legg deg, kan hjelpe deg med å sove betre.
Vel ei helseutdanning
Verda treng fleire helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, leger, farmasøytar og anna helsepersonell. Også i Norge er det behov for fleire innan desse gruppene. Du kan velje å utdanne deg innan helse, og hjelpe mange gjennom heile karrieren din.
Organiser deg
Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.
Fleire organisasjonar, som Mental Helse og Røde Kors, jobbar med å hjelpe menneske med psykiske helseproblem, pårørande og andre interesserte. Bli med og ver aktiv, for eksempel som besøksvenn.
Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!
Ressursar
Statistikk
For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:
Nicholas Wilkinson
Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene
nicholas.wilkinson@fn.no+47 915 42 044