Fag: | Historie, KRLE / Religion og etikk, Norsk, Samfunnsfag/Samfunnskunnskap |
Klassetrinn: | VGS og 10. trinn |
Tema: | Demokrati og medborgerskap, FN, Konflikter, fred og sikkerhet |
Varigheit: | Ca. 5 timar |
I denne tverrfaglege aktiviteten skal elevane utføre eit rollespel der dei skal simulere eit møte om ein konflikt i FNs tryggingssråd. Aktiviteten gjev elevane god trening i dei grunnleggjande ferdigheitene, samt munnleg kommunikasjon, undring og utforsking, og samfunnskritisk tenking og samanheng. Tema for FN-rollespelet i skuleåret 2024/25 er konflikten i Sudan. FN-sambandet kjem gjerne til din skule og rettleier elevane gjennom spelet.
Rollespel er ein deltakande metode som vekkjer engasjement og innleving, og som bidreg til å skape identifikasjon hos elevane. Som metode gjer rollespelet innsikt i bakgrunnen for andre sine handlingar, og elevane får sjølv kjenne på kroppen kva utfordringar FN står overfor i dag. Ved å la elevane spele diplomat frå ein delegasjon framkallast spørsmål og refleksjonar rundt kva som motiverer eins eigne og andre sine handlingar.
Påmelding og pris
FN-rollespel kan takast i bruk både med og utan besøk av FN-sambandet, men vi tilrår av erfaring at det vert betre i regi av FN-sambandet.
Rollespelet kostar kr 1250 for FN-skular, og kr 2500 for andre skular. Vi tilbyr FN-rollespel til skular over heile landet, avhengig av kapasitet.
Kontakt ditt nærmaste kontor for å avtale FN-rollespel.
Her kan du lese meir om å bli ein FN-skule.
Jeg blir både stolt og glad av å se at elevene vokser. Rollespill som metode er fenomenalt fordi det påvirker hjertene, og det er hjertene som må påvirkes for å skape gode holdninger.
Kari Wenche Nordvik Lærer ved St. Olav videregående skole
Slik går spelet for seg
Elevane sit i landgrupper for å simulere FNs tryggingsråd. Spelet byrjar med at kvar landdelegasjon held eit opnande innlegg om sitt land sine synspunkt gjeldande konflikten. Deretter er det debatt og kommentarar til kvarandre sine innlegg, for å prøve å overbevise dei andre om sitt land sine synspunkt.
I andre halvdel av dagen må delegatane prøve å kome fram til eit resolusjonsforslag, som så skal stemmast over til slutt. Målet er å kome til einigheit om korleis FN og verdas land kan løyse konflikten på best mulig måte. Rollespelet styrast av ein president frå FN-sambandet.
Lærarrettleiing
Tema for FN-rollespelet skuleåret 2024/25 er konflikten i Sudan.
I arbeidet med rollespelet bør det setjast av ein del tid til førearbeid. Elevane bør ha oversikt over konfliktlinjene, og vite kva dei skal debattere på møtet i FNs tryggingsråd. Med eit godt førearbeid vil det garantert bli eit lærerikt og godt rollespel med ein så aktuell konflikt som utgangspunkt.
Her er eit forslag til korleis førearbeidet kan leggast opp. Det kan sjølvsagt hende du må gjere tilpassingar ut frå elevgruppa slik du kjenner ho.
Det er ein fordel om elevane startar arbeidet på skulen, i staden for å lese heime på eiga hand. Stoffet kan virke vanskeleg ved første gjennomlesing. Noko av førearbeidet kan likevel gjerast heime, avhengig av kor mykje tid de har moglegheit til å setje av på skulen.
Elevane i klassen vil ha ulike føresetnadar for å setje seg inn i stoffet, og vi har derfor delt stoffet i to. Dei viktigaste dokumenta må alle lese for å kunne ha eit godt utbyte av rollespelet. Deretter er det stoff som er nyttig og bør lesast for dei elevane som har kapasitet til det. Dette handlar både om den aktuelle konflikten, og om tips og reglar for rollespelet.
Etterarbeid er tenkt som refleksjonsoppgåver etter avslutta rollespel, anten i plenum eller i små grupper.
Dei viktigaste dokumenta om konflikten er møteinnkallinga og konfliktprofilen for Sudan på fn.no. Det er lurt å byrje med å lese konfliktprofilen for å få eit overblikk over situasjonen. Vi anbefaler derfor ei lærarstyrt økt etter første gjennomlesing, med diskusjon i plenum.
Tryggingsrådet
I tillegg til å setje seg inn i konflikten, må elevane òg setje seg inn i rollespel som metode. Dette er spesielt viktig dersom dei ikkje har vore med på det tidligare.
I dette rollespelet er det FNs tryggingsråd som skal simulerast. Derfor er det lurt å byrje denne delen av førebuinga med å sjå filmen om Tryggingsrådet, og gjerne lese teksten også. Her får elevane ei innføring i Tryggingssrådet si samansetjing, og debatten rundt vetoretten osv. Det kan vere lurt med ein samtale i plenum etter at teksten er lese, slik at alle har ei felles forståing av korleis Tryggingsrådet er satt saman og kva myndigheit det har. Det er også lurt å snakke litt om vetoretten.
Landdelegasjonar
Etter at elevane har vorte kjent med konflikten, scenarioet og Tryggingssrådet, kan ein dele dei inn i landdelegasjonar – ein for kvart medlem i Tryggingsrådet, og eventuelt andre inviterte delegasjonar. Land eller delegasjonar som er invitert inn til møtet har talerett, men ikkje stemmerett.
Det er viktig at elevane får nok tid til å setje seg inn i sitt land. Dei bør byrje med å lese landprofilen på fn.no. Deretter kan dei gjerne oppsøkje utfyllande informasjon andre stader. I landprofilen står det nokre hint om kva det er sannsynleg at dei ulike landa vil fokusere på i debatten. På denne måten hjelper vi elevane litt på veg, samtidig som vi leggjer til rette for ein spanande og variert debatt med nokre motsetnadar på bordet. Men forklar gjerne til elevane at dei ikkje er bunde til å berre bruke desse argumenta.
I møteinnkallinga er det mange poeng å gripe tak i. Dette gjer at all bakgrunnsinformasjonen blir nyttig og elevane må sjølv prøve å vinkle diskusjonen etter kva som passar for det landet dei representerer. Det ligg mykje makt i å klare å styre diskusjonen der dei vil sjølv. I dokumentet handlingsalternativ finn elevane ein del forslag til kva dei kan jobbe for i debatten, men det er sjølvsagt lov å lansere eigne løysningar også.
Når rollespelet startar skal kvar delegasjon halde ein opningstale om sitt land sine synspunkt gjeldande konflikten. Når debatten har gått ei stund, skal landa samarbeide med kvarandre for å utarbeide resolusjonsforslag.
Ei eiga økt i førebuingane kor elevane skriv opningstale og øver på å skrive resolusjonar er derfor svært nyttig.
Elevane kan gå saman to og to, og lese tekstane som ligg på elevsida:
- Råd og tips til elevane
- Korleis skrive ein opningstale
- Korleis skrive ein FN-resolusjon
- Debattreglar
Deretter skriv dei opningstalen og øver på å skrive resolusjonstekstar, og gjer kvarandre tilbakemelding.
Etter avslutta rollespel kan det vere lurt å ta ein samtale i klassen om korleis elevane opplevde spelet. Det kan vere mange som sit igjen med spørsmål, poeng dei ikkje fekk brukt, eller rett og slett eit behov for å snakke gjennom opplevinga. For å auke læringseffekten av rollespelet har vi derfor satt opp nokre refleksjonsoppgåver som kan gjerast munnleg i plenum. Spørsmåla kan også diskuterast i mindre grupper viss de føretrekk det.
Innleiande
Korleis var det å få oversikt over konflikten?
Måtte de innta standpunkt som de ikkje har sjølv?
Korleis opplevdes det?
Gangen i spelet
Korleis opplevde de å halde opningstalen?
Føregjekk forhandlingane i hovudsak frå talarstolen, eller via lappar og samtaler på gongen?
Kor blei dei viktigaste avgjerslene tekne?
Korleis opplevde de diskusjonen? (Fruktbar, viktig, tullete etc.)
Måtte de gå med på punkt i resolusjonen som de var ueinige i for å få gjennomslag for noko anna?
Kva synast de om samansetninga av landa i Tryggingsrådet?
Var det lettare eller meir vanskeleg å ta ordet når de spelte ein rolle, i forhold til om de skulle ha vore dykk sjølve?
Vetorett
Korleis var det å sitje i Tryggingsrådet og ikkje ha vetorett?
Korleis opplevde vetolanda sin maktposisjon i Tryggingsrådet?
Etter å ha delteke på eit møte i Tryggingsrådet, kva vil de seie er positive og negative sider ved vetoretten? Bør vetoretten avskaffast, vere som den er eller utvidast til å gjelde fleire land?
Kompetansemål videregående skole
Tverrfaglige tema: Demokrati og medborgerskap.
Norsk - VG1 SF
Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon
- lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner
Politikk og menneskerettigheter
- gjøre rede for rettsregler og avtaler i internasjonal politikk og deres bruksområder
- sammenlikne former for makt og maktbruk og vurdere internasjonale aktørers rolle i verdenssamfunnet
- drøfte problemstillinger om fred og sikkerhet, økonomi, miljø, utvikling og bistand i tilknytning til internasjonalt samarbeid
- beskrive og vurdere internasjonale konflikt- og problemområder
Samfunnskunnskap
Kjerneelementer: Medborgarskap og berekraftig utvikling
- vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
- utforske ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og drøfte korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjellige grupper
Sosiologi og sosialantropologi
- vurdere ulike perspektiver på makt og fordeling av goder og drøfte rettferdighet og lagdeling i samfunnet
- gjøre rede for hvordan aktører og strukturer er gjensidig avhengige av hverandre i et samfunn med bærekraftig utvikling, og reflektere over hvordan samfunnet kan løse sosiale, økonomiske og miljømessige utfordringer
Kompetansemål 8.-10. trinn
Tverrfaglige tema: Demokrati og medborgerskap
KRLE
Kjerneelementer: Etisk refleksjon.
- reflektere over eksistensielle spørsmål knyttet til det å vokse opp og leve i et mangfoldig og globalt samfunn.
- identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom.
Samfunnsfag
Kjerneelementer: Demokratiforståing og deltaking.
- gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane
- reflektere over kva for aktørar som har makt i samfunnet i dag, og korleis desse grunngir standpunkta sine
Norsk
Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon.
- gjenkjenne og bruke språklige virkemidler og retoriske appellformer.
- bruke fagspråk og argumentere saklig i diskusjoner, samtaler, muntlige presentasjoner og skriftlige framstillinger om norskfaglige og tverrfaglige temaer.
- informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium.
Valgfag demokrati i praksis
Kjerneelementer: Medbestemmelse og demokrati.
- argumentere for en sak og delta i meningsbrytninger i egnede kanaler.
- utforske og reflektere over hvordan medbestemmelse og beslutningsprosesser fungerer i praksis.
- identifisere brudd på menneskerettigheter og bruke ulike metoder og kanaler for å protestere mot dem.
Valgfag internasjonalt samarbeid
- drøfte etiske problemstillinger som gjelder menneskerettigheter, miljø eller forskjeller i levekår og planlegge og gjennomføre tiltak som kan bidra til en løsning på problemene.
- ha dialog med en organisasjon eller sosial bevegelse om en internasjonal problemstilling og presentere hvordan denne organisasjonen eller bevegelsen bidrar til endring.
- utforske bakgrunnen for en internasjonal avtale og reflektere over hvordan makt- og interessemotsetninger kan håndteres gjennom dialog og samhandling.
Tekstane i utskriftsvenleg versjon
- Debattregler for FN-rollespill
- Handlingsalternativer til FN-rollespillet 2024/2025
- Hvordan skrive en resolusjon til FN-rollespillet?
- Hvordan skrive en åpningstale til FN-rollespillet?
- Møteinnkallelse
- Ordliste
- Resolusjonsforslag 2024/2025
- Råd og tips til elevene
- Strategidokument FN-rollespill 2024-2025
- Undervisningsopplegg FN-rollespill 2024-2025